La nett att datamaskini med meir på bussen

Ja! Eg gjer det um att. Eg gjer det alltid. Alle ventar det, og det gjer eg sjølv òg; eg gløymer ting. Eg mistar ting. Ja, so gjorde eg det nett no. Eg la att ein pose med datamaskin, klede, brev, ein Big Buck Bunny-DVD og ein koffert med hårtrimmemaskini mi.

Eg gjekk kult av bussen. Hadde full musikk på øyro. Alt frå jazz til trance. Nett då var det trance. Høgt. Dunk-dunk. Med koseleg, roleg felemusikk runda eg hyrna inn til Klaus, der sette eg sekken frå meg og kom på; «kvar faen er det eg hadde i hendene mine!?». Eg sa høgt «faen», forklarte problemet og snudde for å prøva å taka ein seinare buss fram til stoppunktet til bussane.

Då eg kom fram til busstasjonen såg eg at 37-bussen sitt siste stopp berre låg 6 minutt frå der eg var no. Sidan det var 15 minutt sidan eg gjekk av førre buss, so kunne det henda han berre snudde og starta ruta motsett veg. Eg gjekk yver vegen. Etter eitt minutt kom 37-bussen motsett veg; eg hadde planlagd kva eg skulle seia. Kunne jo godt henda eg møtte ein sur bussjåfør med dårleg tid:

Eg startar «Hei! Rundt eitt kvarter sidan gjekk eg av ein 37-buss der (peike) borte, og la att ei posa med datamaskini mi i. Eg lurte på um det er mogleg å vita kvar den bussen er no?»
«Var det ein pose?», spyrr bussjåføren.
«Med datamaskini mi og ymse anna i, pluss ein liten koffert.»
Bussjåføren opnar døri si, eg tenkte han skulle vera med meg bak å sjå, men nei, eg ser posen: «denne her?».
«Ja!», segjer eg veldig glad. Smiler stort. «So det var deg, ja».
«Det kom tri unger bort med det og sa nokon hadde gløymd det att»
«Tusen takk!», og so hoppa eg av bussen.

Juppidupp! Eg er veldig trøytt no, var uppe seint i går – og i morgon tidleg skal eg taka flyget til Italia. So de fær heller unnskulda at dramaturgien (og rettskrivingi) ikkje heldt heilt mål i dag. MEN: hovudpoenget er:

  1. Det ordnar seg alltid for snille gutar (for det er eg jo, djupt inne)
  2. Eg er vims

Og no! Sovings!

4 tankar om “La nett att datamaskini med meir på bussen

  1. børge

    Hehe.. Godt jobba! Det var jo godt at alt kom til rette igjen, da. Hadde vært trist å miste Big Buck Bunny DVDen.. :P

    Du har forresten en liten typo i linken til BBB.

  2. skjalg

    Då eg såg overskrifta fekk eg ein elektrisk støyt i meg. Det plar skje når noko ubehageleg skjer med dei eg er glad i…. men denne historia enda godt… Håper for all del at du passer på som ein ravn i Italia. Du har fleire sekkar og posar enn du plar ha når du reiser,,, så pass vel på. Når ein er ute å reiser så er det og mange uerlege som lever av å taka for seg frå andre. Så her må du akta deg vel Odin. Håpar det går greitt med filminga i Venezia…eller var det Firenze?

  3. Odin

    Synnøve: Jobbings. :-)

    børge: Takk.

    Skjalg: Eg gløymer ikkje ting eg jobbar med. Sekk o.l. gløymer eg aldri. Men posar og «ekstrating» er enklare å leggja att. Var i Venezia litt, men filma ingenting der. Hev filma skuffande lite. :-) Fær sjå kva det vert av det.

    Forresten hev eg berre ein sekk. Bagen er berre dritting eg kann mista — og som berre ligg på hotellet heile dagen lell. Klede og anna unyttig ;-)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.