Åleinereis, Danmark / Århus

Eg sit her på ein benk i ei av Århus sine mange gågator. Folk strøymer forbi, båe den eine og den andre vegen. På turistkontoret fekk eg ein heil haug brosjyrer av ymse slag av ei ivrig dansk jenta.

Eg spurde um det var noko eg måtte få med meg («hvad?», sa ho – eg måtte segja «er det noko eg må sjå?») i Århus fyrr eg drog. Då gløymde jenta heilt at eg eigentleg var på veg til Silkeborg og ikkje kom til å bruka all verdas tid i Århus. So ho la ut. Til slutt vart ho ferdig og gav meg ei lita «Visit Århus»-bok uppslegen på bykartet medan ho kvitra dei siste linone um kor fine gågatone i Århus er. Ho avslutta med den upplagte lina; «Det kommer så visst an på hvad du ere interesseret i».

Interessa?

Ja, kva er eg interessert i? Dette synest eg er litt vandskeleg å svara på. Skal eg reisa litt rundt åleina her i Danmark må eg jo nesten hava noko å vera interessert i.

Medbenksitjarar

Ein mormor, ei mor og ein unge sat seg ned på benken min og åt på isen sin. Mormor tende ein røyk og drakk so smått av vassflaska si. Ungen vert snøggt uppteken i noko på andre sida av gågata. Den vesle guten tek eit par skitt fram, mistar balansen og fyk mot bakken. Mormor støkk til og slengjer ut handi for å få tak i bornebornet.

Sjølvsagt gløymer ho at denne same handi held vassflaska hennar; so resultatet er at ungen fær seg ein grundig vassprut fyrr han fer rakt i bakken, blaut som han er. Ikkje alt vatnet treff han på veg ned; men ein del som hang att i lufti treff han som eit ekstra slag når han ligg der nede på bakken.

Alt dette her til den søte musikken av ei jenta som speler fiolin nokre meter bortanfor oss. Ungen kjem seg uskada, men særs våt upp og då ler alle saman. Det gjer eg òg. Mormor tenner ein ny røyk og dei gjeng. Eg legg merke til at folk er særs skeptiske til den nye dammen midt i gata – dei gjeng rundt han og skapar små trafikkproblemer i gågata. Moro.

Folk

Eg er interessert i folk; eg trur dette kann vera mi interessa her i Danmark. Som dei tvo mennene ved inngangen til gågata. Dei sat på ein benk ved eit skilt som sa desse gågatone er ein av få plassar med alkoholfolbod. Han eine sat med ei mistenkjeleg type flaska i vinstrehandi og skuler rundt. Han puttar den andre handi inn i jakka når han tykkjer kysten er klår og dreg ei ny flaska sprit til alkisvenen sin. Eg ser heile vesten er full av flaskor, det ser bra teit ut. Hadde dei flytta seg til benken på andre sida so hadde det heile truleg vore lovleg. Rare folk.

Elder som forretningsmannen i dress som skunda forbi meg berande på ein støvsugarrobot. Han vil nok hava eit støvfritt golv; men hev nok betre ting å gjera enn å slita med det sjølv. Hoho.

Elles er det ein heil del skada folk her i Århus; kannhenda plassen er spesielt tilrettelagt for skada folk (eg hev verkeleg ikkje peiling på korleis eg skriv hændikæppa)?

Og kristne! Hekkan so ekstremt mange kristne folk det er som gjeng rundt med eit skilt der det står «Ledet af Guds ånd» og namnet deira. Eit par som sette seg ned på benken hadde det same skiltet; men det var på eit språk eg ikkje kjenner att. Det som er so rart, utanum at det er so mange, er kor forskjellege desse folki er. Dei hev umtrent ingen fellesnemnar utanum det ikkje-so-fine skiltet. Barnefamiliar hev det. Unge jetnor og gutar i gruppor hev det, einskildpersonar hev det. Folk som ser koselege og sosiale hev det, einstøingar som ser grinebitete ut hev det, folk i dress hev det. Negrar hev det, kvite hev det, asiatar hev det. Ja, allslags folk. Men kannhenda flest kjærastepar.

Helene fortalde meg at dei samla seg på ein fotballstadion, ein diger ein. Jøsses. Rare greidor. Kristenfolket er alltid so mange når dei fyrst møtast. Lurer på kvar alle kjem frå.

Ferdig med Århus

Eg gjeng frå plassen ein time etter eg satt meg. Kjenner eg kann heile spelelista til fiolinisten no. Soli vert til hardt, trist regn då eg stig på bussen. Tur mot Silkeborg der eg kjem til å verta skikkeleg åleina.

5 tankar om “Åleinereis, Danmark / Århus

  1. skjalg

    Der er dei koselege små observerande kommentarane dine. Dei er nære og levande. Det er dette eg ventar det no kjem frå di reise til Europa – men for all del ikkje spring etter kvar internettcafe for å stetta oss heimesitjarar. Du skal oppleve di eige reise utan å bruke for mykje tid på oss her heime! Forresten Århus opplever eg som ein radikal by med mange alternativrørsler.. Der har er vore mange gonger før om åra.

  2. Janne

    Eg og vil reise! Eg var jo nett i Danmark, eigentleg eit undervurdert reisemål. København er ein kjempefin by som eg kunne tenkt meg å bu i ein dag. Einaste problemet må vere språket, dei forstår så lite av det eg seier.

  3. Odin

    Masse bra attendemelding :D

    Janne: Dei forstår meg veldig godt.

    Teirik: Lengje sidan!

    Skjalg, Teirik, Victor: Takktakk! Um det er ein annleis stil so er det av di dette er skrive på papir fyrst. Ikkje rett frå hovudet inn på datamaskin. Eg kjem ikkje til å fortsetja; av di det er lengje sidan eg var i Danmark no :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.