Keisamt å reisa åleina?

Mamma sa alltid det er dritkeisamt å reisa åleina. Eg hev alltid villa reisa åleina; kannhenda ikkje so mykje for å vera åleina – men mest av di andre ikkje vil der eg vil. So viss ingen andre hev sterkt ynskje um å vera med so vil eg helder reisa åleina enn å ikkje reisa i det heile teke.

For ei god tid sidan (eg var vel ~14–15) reiste meg og Buster 14 dagar åleina i Danmark. Det var kjempekos. Me sykla heile vegen. Likevel var det ikkje alltid slik at me skulle sykla; eigentleg skulle nokon andre vera med. Då dei plutseleg ikkje kunne lengre var eg vonbroten—eg ville reisa same kva. Dette fekk eg ikkje lov til. Heldigvis hadde min tøffe fetter Jens Buster lyst. Veldig bra.

So. Kva no? Jo, eg vitja Helene i Danmark, ho er i Århus og hev eksamen der. Etter eg endeleg hadde fengje sett ho att (det var godt! :D) såg eg at ho helst burde få tid til å gjera eksamenen sin. So eg fann ut at eg skulle reisa aleina. Er det so keisamt som mamma vil hava det til? Eg må nesten finna ut av det sjølv; slik at eg eventuelt kann drita i å tenkja tanken neste gong han byd seg.

Eg fekk ikkje dra frå Helene med mindre eg lovte å skriva ferdaminne frå turen. Vel, – dette startar eg no. Eg hev vore dårleg på uppdatering av bloggen i det siste; andre ting hev teke tidi mi. Det kann henda eg gjer noko eg nesten aldri gjer; lagar ei kort uppsummering av alt eg ikkje fekk tid til å skriva um.

Men no må eg springja for å rekkja toget til Göteborg! Best eg rekk det!

2 tankar om “Keisamt å reisa åleina?

  1. skjalg

    Kjekkt å sjå at du vil skrive frå reisene dine. Det har du vore så flink til tidligare. Kan du gjere det når du dreg til Portugal? Og så må du leggje ut bilete – slik som du gjorde frå Kroatia.

  2. mamma

    Eg skal følgje med eg og, og eg vonar du får ei fin oppleving. No er det nok noko du har mistolka i det eg har sagt. («Drit» er og eit vondt ord, tykkjer eg… ) Eg har tenkt som du, Odin. Om ingen vil vera med får eg heller oppleve ting aleine, og så har eg reist. Eg har reist ein god del aleine og det er ofte ei god oppleving er mi erfaring. Ein møte nye spanande og kjekke menneske heile tida, og ein kan dra nett der ein vil og til kva tid ein vil. Det er aldri noko problem å bli kjend med nokon, men DET som eg derimot finn keisamt er at kontaktane varer så kort tid og at det tek så mykje tid å presentere seg gong på gong. Det gjeng liksom inflasjon i det… Dessutan kjem ein heim og er aleine med opplevingane. Det er sjeldan eg har møtt tilfeldige reisepartnarar igjen. Det vert liksom med eit brev eller to og så er kontakta broten. Men slik er livet, alle menneske må gjere eigne erfaringar og så får den einskilde sjå kva ho likar best. Heldigvis opplever vi ikkje alt likt. Eg vonar du får nokre fine dagar på eiga hand utan ein ven eller kjærast med på følgjet. Uansett om du kjem til å trivst best med å reise aleine eller ikkje så vil du i alle høve gjera nokre nye erfaringar. God tur, Odin!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.