Aldri meir koffein

Eg hev no aldri tenkt stort yver det. Men so slutta eg med kaffi av di det vart litt mykje. Drakk likevel litt med varierande mellomrom. No er klokka 03.12 og eg fær absolutt ikkje sova. Eg drakk ein kopp Cortado i dag tidleg (der tidleg tyder godt etter kl 12 :P), utan stort i kroppen. I heile dag hev eg og Helene berre ete frukost. Vel, utanum popkorn og ei bolla (meg) og ei lappa (Helene).

Eg kjenner korleis eg ikkje fær sova, og korleis det er koffeinet sin feil. Det er lengje sidan eg drakk noko med masse koffein. Jodå, i går stal eg jo litt av kaffien til båe mamma og Helene – men ikkje mykje. Fyrr det hev det vore lite.

Ikkje avhengig, på nokon måte

Mange drikk kaffi av di dei er avhengig, elder trur dei er det, det gjer/gjorde ikkje eg. Det var berre av smak. Og no vil det naturlege spyrsmålet vera «Men, Odin, skal me ikkje få kosa oss med noko lengre? Skal du ikkje drikka kaffi som du likar berre av di det er koffein i det?». Du fylgjer kannhenda upp med «Må jo få dårleg livskvalitet av å halda seg vekk frå alt godt!».

Vel, eg trur eg i lengdi fær mykje betre livskvalitet av å halda meg fri frå slike påverkande middel. No drakk eg aldri kaffi av den grunnen, men likevel er dei der. Dessutan vil eg ikkje verta styrt av lyster på den måten, – når eg veit at noko hev ei negativ sida vil eg helst halda meg vekk frå det. Eg vil fokusera på det positiva. Eg må segja det minskar livskvaliteten min ganske kraftig å ikkje klara å sovna.

Fruktprosjekt

I alt dette her so ligg det vel eigentleg ei uppladning til eit nytt rå frukt- og grøntprosjekt. Eg vil altso verta kvitt kokt mat, som er som dop for kroppen. I tillegg til at eg sjølvsagt kjem til å halda meg vekk frå dyreprodukt som mjølk og egg. Motivasjonen min for å eta vegansk rått att hev vore stor heilt sidan eg slutta prosjektet. Og no er eg ikkje so alt for langt vekk frå å starta. Men er framleis litt redd for at det skal gå ut yver andre ting eg driv på med.

Men, aldri meir koffein

For no kvittar eg meg med koffeinen. Eg vil ikkje drikkja meir koffein. Avkoffeinisert kaffi; jatakk, det kann eg prøva – men nei, eg nektar å få meir av giftstoffet i meg friviljug.

24 tankar om “Aldri meir koffein

  1. Victor

    Eg tykkjer det er flott å sjå at du er vaken … i det at du sér ulempone ved kaffi. Mindre bra at du ikkje fær sova, sjølvsagt. Det rå frukt- og grøntprosjektet mitt er snart ferdugt, men eg tenkjer freista att når eg fer på universitetet avdi det lyt vera større utvalg i ein stor by. Er målet ditt å lìva på råkost resten av livet? Eg trur i røyndi eg kunde tenkt meg det sjølv.

  2. Odin

    Eg hev tru på det. Må fylgja kjensla mi. Nett no vil eg altso attende, eg ser ikkje noko feil med det. :)

    Kvifor er du oppe so jysla seint? Kvifor er eg? Ugh. Eg lyt prøva å leggja meg att, no er jo klokka halv 6! Skal upp um 2 timar! :S

  3. Odin

    Victor: Ah, ja. Eg tenkte faktisk på det denne gongen, men tydelegvis slapp det gjennom lell ;-)

    Eg segjer altso «meg og X», og hev alltid gjort det. Difor er det ganske so vandskeleg å endra på det. Spesielt når eg berre skriv raskt og ikkje tenkjer yver kva eg skriv. Skriv munnleg. Heheh. «Eg og X» høyrast so feil ut. Men Helene segjer òg dette, og eg ser det er korrekt. Men. Akk. Ja. :-) Skal verta flinkare. :]

  4. Odin

    Victor: Haha. Ja. Sant. Bra. :) Ganske øydelagd for eg (eg retta det!) og Helene dette her, me stod upp 1130.

  5. Victor

    Det skal i røyndi vera «… øydelagt for meg og Helene …* (i røyndi skal ein ramsa upp seg sjølv sist, men det tykkjer eg ikkje gjer so mykje). «Eg» er subjekt; eg gjer eitkvart, medan «meg» er objekt; einkvan gjer eitkvart mot meg. Eg veit at du er litt stødare i realfag, so eg skynar at det tek litt tid.

    For å koma att til saki, fær du kaupt rå spinat i store byar?

  6. Odin

    Hahaha

    Rå spinat er jo yveralt.

    Eg forstår godt objekt osb, — tingen er vel meir at eg ikkje analyserer setningar heile tidi. Eg skriv av vane slik eg alltid gjer. :-) Eg ser kor feil førre innspelet mitt er no når eg les det.

  7. Victor

    Hehe, det er både ei signing og ei banning for meg at eg ikkje evlar lesa noko som helst utan å ganga gjenom grammatikken.

    Eg fann berre rå spinat éin stad, og det var i ein butikk på sudlandet. Dei hadde ikkje mykje helder.

  8. Kristine

    Så flink du er! Sjølv har eg nett gjeve Coca Colaen fyken. Har halde meg i nokre dagar^^ Tykkjer sjølv eg er kjempesuperflink.

    Og frå ein ting til ein anna: haustseminar, ja? :D

  9. Odin

    Kristine: Coca Cola (og annan Cola) hev eg vore utan i fleire-fleire år. :-) Vandskeleg i byrgjingi, men voops so lett etter litt.

    Meiner du verkeleg at du kjem til å koma på ei NMU-tilskiping? :|

  10. Victor

    Eg kjenner ein som skal slutta med Cola no når han hev flytt for seg sjølv. Slutta sjølv med brus i det heile for snart eit halvt år sidan.

    Kven er han karen på bilætet?

  11. Odin

    Victor: Eg hev óg eigentleg slutta med brus i det heile. Likevel drikk eg vel eit halvt glas kvar andre månad. Men det må jo vera det same som totalslutt.

    Hald musepeikaren yver biletet eit bel, so kjem det tekst upp. Espen er den andre personen som hev skrivetilgang til denne bloggen; han hev «skrive eit par veldig gode innlegg»:/kategori/Espen/. Han er min desidert beste kamerat. :)

  12. Simon

    Koffeinabstinens kan vera farleg. Blodårene utvidar seg. Sjølv om det er kjekt med blod, er det ikkje så kjekt om du får for mykje. Eg plar få veldig vondt i hovudet viss det gjeng for lang tid mellom kvart påfyll. Det beste er vel eigentleg å aldri venja kroppen på svineriet. Men stå på, gut. Av alle dei rare matprosjekta dine, er dette det mest vituge.

  13. Victor

    Eg er ikkje heilt samd. Eg tykkjer rå frukt- og grøntfreistnaden var vitugare. Hugs at han utelét koffein samstundes. ;)

  14. Kristine

    Jiiiz. No tykkjer eg du byrjar å verta ufin! Eg skal sei deg det at eg har berre gått å venta på at det skulle skje noko no! Det er så tomt i livet mitt utan NMU. Og eg har hatt det travelt. Så. ^^

    Men gler meg:D:D

  15. Skjalg

    Odin – greitt slutte med kaffi. Cola er det mange som er avhengig av. Eg drikk ikkje cola på grunn av at det er sers usunt, dessutan stør eg helst ikkje slike selskap som Coca Cola Inc. Når det gjeld dei andre prosjekta dine så er det viktigste å ha eit vekslande kosthald der ein får alle dei naudsynte næringsstoff kroppen treng. Og så må ein HALDE SEG FYSISK VERKSAM, ODIN….

  16. Odin

    Simon: Ja. Farleg og vondt. Men det gjeng yver. Må tola å gå gjennom ei avgiftningsperiode. Min nr.1 grunn til å slutta med koffein er svevn, svevn, svevn. Du kann lesa «How to give up coffee»:http://www.stevepavlina.com/blog/2005/05/how-to-give-up-coffee/, men eg hev ikkje lese han heilt sjølv av di eg ikkje treng noko hjelp til det ;-)

    Victor: Einig med deg. Fruktprosjektet er viktugast. Det er å gå av det ekte dopet (kokt mat) som heile verdi trur dei treng. :]

    Kristine: Haha. Javel. Eg tenkjer mangfaldsseminar høyrast litt mindre moro ut då, men so er jo eg alltid på NMU-tilskipingar fyrst og framst grunna folki der. :)

    Skjalg: Fylgjande prosjekt kjem eg til å setja i gang:

    Stå upp tidleg, kvar einaste dag

    Eta skikkeleg (altso berre vegansk rått)

    Trena, trena, trena

    I det rå fruktprosjektet fær eg alt kroppen treng. Du må ikkje taka alt andre segjer som faste sanningar. Eg kjende forbetring på fruktprosjektet, og kjenner eg meg mykje betre so er det sjølvsagt at det er betre for kroppen.

    Den einaste vitaminen eg ikkje fær i meg er B12 (av di eg ikkje hev tenkt å eta skitne grønsakor frå eigen hage (då fær du nok B12)) – men eg skal taka pillor for det. So, ingen problem. :-)

  17. Egil

    Eg hev ingen planar om å slutta med kaffi, men eg drikk ikkje særleg mykje heller. Det er fyrst når eg er heime hos mine kaffihungrige foreldre at det blir mykje. Når eg budde der fekk eg vondt i hovudet dagen etter om eg ikkje drakk, men det varte heller ikkje lengre enn ein dag. No står den flotte moccamasteren min stille til kvardags, men eg tek gjerne ein kopp eller to på ping eller jobb.

    Poenget er måtehold. Eg hev ikkje behov for å setja ein absolutt grensa for kaffidrikkinga mi, fordi eg veit at eg kan slutta heilt om eg vil. Kvifor er du so oppteke med absolutte grensar?

  18. Odin

    Egil: Av di 100% koffeinfri er merkbart forskjelleg frå 99%. Eg drakk jo ein kopp kaffi dagen fyrr eg ikkje sov heile nótti.

    Victor: Eg hev gjort det fyrr; «prosjekt stå upp tidleg (siste avsnitt)»:/2007/03/fleirfasiskpolyfasisk-soveprosjekt-lagt-pa-is/, «prosjekt frukt»:/2008/03/fruktprosjektet-er-ferdig-dag-26/ og «prosjekt trening»:/2008/02/eg-skal-symja-10-000m-til-31-mars/. Gode prosjekt kjem automatisk ser du ;-) Eg tenkte òg «wow, Victor hev same plan som meg» då eg las innlegget ditt (fyrr eg skreiv mitt innspel her i bloggen).

  19. Odin

    Janne-Kristin: Nei, det er ikkje bra for kroppen å sova mykje. Slik det er no lyt eg sova mindre. Leggja seg tidleg er ikkje eit poeng i seg sjølv — leggja seg når du er TRØYTT er godt. Altso: stå upp til fast tid kvar dag, leggja deg når du er trøytt. Då justerer kroppen leggjetidi di optimalt kvar dag (for han veit kva tid han skal stå upp!).

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.