Ny nynorsk Universitas

Heilt sidan eg kom heim frå Portugal-Spania-Frankrike-turen hev eg jobba hardt med den nye netsida til Universitas. Eg starta eigentleg frå botnen, men då tidsfristen kom krypande litt vel fort bygde eg helder vidare på den gamle sida. Eg hev meir elder mindre tatt i all koden som hev med visning av netsida å gjera.

På nynorsk

Eg ville ikkje skriva bokmål heilt utan vidare, eg skriv jo nynorsk som standard med mindre nokon pålegg meg noko anna. So då vart det nynorsk, og dessutan trur eg at eg fort hadde gløymd eg skreiv bokmål og slæge yver til nynorsk att. Nett slik det var i gamle dagar då eg skreiv bokmål og skulle skriva nynorsk. Var fort å slå yver til bokmål att, av di eg tenkte på bokmål.

No tenkjer eg på nynorsk, og då vert det «naturleg» (sjølvsagt er ikkje språk naturleg, det er kulturelt) for meg å skriva nynorsk. Likevel fekk eg høyra av redaktør Worren i går at «Me er trass alt ein bokmålsavis som hev opna for nynorsk og ikkje motsett». Det er jo sant, – men sidan språket mitt er nynorsk so skriv eg sjølvsagt automatisk det. :)

So eg jobbar med å yversetja netsida til bokmål no, so skund deg inn på universitas.no og sjå han i nydeleg nynorsk språkdrakt fyrr det forsvinn. Elles hev eg tenkt å utbetra sida ganske mykje den komande tidi. Berre sei i frå um de hev gode idèar.

5 tankar om “Ny nynorsk Universitas

  1. Vebjørn

    Kan du ikkje berre neitta å omsetja det, då? Er ikkje Universitas ei dugnadsavis, eller noko, slik at du i minsto ikkje tapar pengar på å vera litt militant?

  2. Odin

    Vebjørn: Trur du verkeleg eg jobbar gratis?

    bq. Universitas er Norges største studentavis. Avisen her et opplag på 17000 eksemplarer og utgis ukentlig i vår- og høstsemesteret. Omsetningen er cirka 3,5 milloner i året, og redaksjonen består av rundt 40 medarbeidere.

  3. Skjalg

    Tøft Odin. Eg likar di haldning. Men det er jo viktig å få fleire i avisa med på laget for å støtte til å skrive ditt skriftspråk.

  4. Egil

    Du kan vel bevara nynorskutgåva slik at dei som vil kan nytta ho? Til døme universitas.no/nn.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.