Tjuveri på Granit

Då eg kom inn i butikken såg eg ein mann som stod bak kassa, i 40–50—åri og med austeuropeisk utsjånad. Eg gjekk jo ut frå at han jobba der, men eg lurte fælt på kvifor han tok tvo never med setlar og putta i dei store lommene sine. Han svingde lett rundt kassaapparatet og gjekk roleg ut. Det var mange folk i butikken, men berre eg som såg han. Han gjekk ikkje ut hovuddøri, men gjekk inn til kafèen som i same rom og orsaka seg forbi eit par folk. Dette er slett ikkje rett, tenkte eg, det er nok ikkje eigaren som hentar pengar for å setja dei inn i banken.

Orsak for lengdi på dette innlegget, eg hadde ikkje tid til å skriva kort.

Dette var laurdag førre vìka. Helene ville inn på Granit, «ting som gjer livet enklare». Me hoppa av trikken og stakk innum, kort etter hadde me tenkt å dra vidare ned til kontoret mitt hjå Nei til EU.

Adrenalinet bruste i kroppen. Eg lurte fælt på kva eg skulle gjera. Eg såg ingen tilsette nokon stad, eg kunne ikkje vita kven som var tilsett og ikkje. Eg reiv upp kamera frå sekken og gjekk ut døri, byrja gå raskt bak mannen som no var eit godt stykke upp vegen. Eg sprinta smått etter og tok eit bilete bakfrå. Gjekk yver vegen og tok eit bilete av han derifrå, profil. Det var mange folk, og han gjekk so målretta og raskt at eg ikkje lett kunne koma framfor og teke eit godt bilete.

Hjarta pumpa, å fylgja ein kriminell og taka so openljost bilete av han var ganske skummelt. Folk såg på meg; eg trur det var ganske upplagt at eg tok bilete av ein mann eg ikkje visste kven var. Eit par meter til so ville tjuven koma til eit vegkryss. Ein stor mann, 40—åri, veltrent stoppa meg, peika på kamera, prata trugande. Eg vart redd, prata på eit språk eg ikkje kunne. Sa masse. Det er måten dei set folki ut i på butikken. Peika meg attende ned gata. Den medsamansvorne mannen hadde gjenge rundt hyrna. Eg turde ikkje taka bilete av broilaren som fekk meg til å gå attende til butikken. Eg tok eit bilete av ryggen honoms då han hadde kome litt på avstand.

Attende i butikken

Inne i butikken sa eg frå til han som stod bak kassa og solgte som ingenting hadde skjedd;
«Hei, nokon hev stelt pengar frå dykk,» sa eg.
«Hæ?»
«Det var ein mann her, som tok masse pengar frå kassa»
«Køddar du no?,» svara han veldig tydeleg forfjamsa.
«Sjekk kassa, det var den,» peikar eg.

Han sjekker, og ser, ja. Her var det stole pengar. Han tilkallar ho andre som jobbar i butikken. Dei vert ganske sett ut. Klikker masse på Securitas vakt-knappen. Etter ei stund kjem han.
«Eg tok eit par dårlege bilete,» segjer eg.
«Ahh, eg kjenner dei att», svarar Securitas-mannen, «dei hev gjort det same nede i sentrum eit par gongar».

Butikkmedarbeiderane stengjer butikken etter dei hev ringd butikkeigar og politiet kjem. Eg er der inne saman med tvo politifolk, ein securitasmann, og dei tvo tilsette. Mange folk ser inn vindauga der det no heng ein lapp «midlertidig stengd grunna ran» (vel, var ingen ran, men eg forstår godt, eg kalla det òg ran då adrenalinet pumpa som verst). Helene sit utanfor og kunne fortelja mange morosame soger um korleis folk oppførte seg av dette. Mange trudde eg var skurken iom. at eg korkje jobba der elder var tenestemann. Haha.

So, etter eg hadde gjeve upp personalia og me hadde gått gjennom kva som hadde skjedd mange gongar ville politiet sjølvsagt hava bileti mine (eg ville òg gjeva dei, viss ikkje var det ingen vits å taka dei). Dei kunne taka kamera mitt (prov), elder minnebrikka – men eg vart helder med ned på stasjonen. Var moro å køyra i politibil. Eg vert alltid redd når eg er ute å køyrer og ser ein sjølv, men no sat eg på andre sida og kunne sjå folk verta skræmd helder ;-)

Dei som stal frå butikken var 2–3 stk, og dei tok med seg kvar sin tilsette og fekk dei til å missa konsentrasjon med å prata fransk og fekta med armane. Dei opna kassa med eit metallverkty.

Måndagen etter

Helene ville fælt inn å kaupa den kule kalenderen ho fann. Eg ville sjølvsagt ikkje inn, av di dei tilsette ville kjenna meg att. Og det hadde vore flaut-flaut. 5 minutt etter Helene kom ut, fekk eg ein telefon frå dei.

«No hev me gjort klårt noko til deg, so berre kom innum ein dag og hent det,» sa Laila (som eg trur ho heitte :-) ).
«Å, ja, koseleg. Kjærasten min var nett innum og kaupte ein kalender, men eg fær vel tid ein gong um ikkje for lengje».

Eit par dagar seinare

So manna eg meg til slutt upp for å gå inn i butikken. Eg vona det var andre tilsette i butikken i dag, men nei, bak kassa stod Laila.
«Eg skulle henta noko t…», starta eg. Laila såg upp;
«Ahh, det er deg, Odin, hei. Her,» fann ho fram ei pose med ein stor fin pakke i, pluss eit kort.

Me prata litt um det som hadde skjedd. Ho er veldig koseleg, so litt dumt at eg synast det er so jysla flaut å koma inn der.

«Me hadde jo aldri funne ut kva som skjedde um det ikkje hadde vore for deg», sa ho, «du såg det dei andre ikkje såg, me var heldige der». Folki vert nok ikkje tekne grunna det eg gjorde, men når dei vert tekne so kann dei kopla dei til tjuveriet på Granit (og dei andre med yvervakningskamera) slik at saki fær litt tyngde bak seg.

Då eg og Helene var komne ut, reiv Helene pakka open. Det var ein boks til å lagra foto i, haha. :-) Tenkte det ville vera noko slikt. Dessutan fekk eg eit drittøft kort; der det stod «Helten vår». Bak stod det mellom anna «vonar du ikkje vert for skræmd til å koma innum att». Det er jo sant, eg er for skræmd til å lett koma innum att. Men Helene lurte fælt på um dei meinte skræmd av di folk hadde stelt (teit) elder av den ekte grunnen; at det vart flaut for meg. Eg satsar på det siste.

Elles fekk eg eit stort gåvekort. Eigentleg alt for mykje. Men eg vart veldig glad. Det beste var sjølvsagt kortet, og innpakkingi. Og det at dei var so intenst glad for det eg hadde gjort. Veldig koseleg :-) Det heile var eigentleg ein veldig positiv oppleving for meg. Eg gjorde berre det eg kjende var rett, og so vert eg løna for det. :D

8 tankar om “Tjuveri på Granit

  1. Skjalg

    Odin – eg høyrde om denne saka frå Unni, skræmande slik fortalte det. Nå er nå les det heile så vert er stolt og en del rørd av det du gjorde. Det var modig å taka bilete, de hadde eg og gjort. Eg kan ikkje gøyma den gong du vart direkte rana i Oxford – det var mykje meir skremmanda.

  2. Odin

    Skjalg: Ja, det «innlegget frå Oxford er jo lenkja(Rana og påkøyrd)»:/2004/01/rana-og-paakjoyrd/. Men det var jo dramatisk. Dette her var ikkje. :-)

    Marita: Haha, nei – å taka bilete av folk er slett ikkje noko superheltete i det heile teke :-) Det høyrast sikkert meir dramatisk ut enn det var, trass i at eg prøvde skriva det so udramatisk som det var.

    Monique: HEI!!! :D Ikkje på nær like tøff som deg! :D Veddar på at du hadde teke dei inn til politiet båe tvo. Veldig moro å få innspel frå deg, det gjer meg glad midt på natti her. Kjem nett frå pub-til-pub-runde på Universitetet. Storkos. :) Vonar eg fær høve til å snika meg til Stavanger snart, og kann vitja deg. :) Nett no ser det dårleg ut, men tidi kjem jo so fort – so vips plutseleg i STVG.

  3. tritonus

    Eg er imponert! Om det, etter ditt «show» i speedo på sumarleiren, framleis er nokon som er i tvil om at du er mannemann, kan dei ta seg ei bolle no.

  4. Teirik

    Du havne oppi någe uansett kor du går du, tøffingen :P får håpa at de bler bura inne når de bler tatt ein gang…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>