Trøytt og sliten og det er staten sin feil

Gode kamerat Klaus skreiv nett eit godt innlegg um at staten fjernar Aerius for oss pollenallergikarar. Dette halvåret hev eg merka stort kor trøytt eg vert av den nye, billegare medisinen eg fær (Loratadin). På turen min i Europa vart det til slutt slik at eg ikkje tok pollentabellett nokre dagar for å vera meir vaken. Jadå, litt kløing i augo må eg tåla for å vera litt meir upplagt.

Altso, dei tek ikkje vekk Aerius, men me fær han ikkje på blå resept, so kannhenda eg må attende til å betala mykje for medisinen min.

Likevel so byrjar det verta ganske so ilt og gale etter eitt døgn, so då må eg ha ein pollentabellett att – som gjer meg døsig att. Problemet er sjølvsagt at eg hadde nokre tabellettar fyrr som ikkje hadde dette problemet; Aerius. Alle pollenallergikarar skrik etter Aerius, men nei, staten skal spara småpengar for å gjera 900 000 menneskje i Noreg trøytte og vonde heile sumaren. For ein fantastisk god idé! Lat oss dopa ned heile folket; det sparar nok staten pengar på. Ikkje.

Eg prata med mamma og pappa um dette på den nyopna kaféen 30 meter herifrå (opna i dag!), dei ville at eg skulle taka det upp med legen og so få Aerius att. Men, nei; no las eg på bloggen til Klaus kor ekstremt vandskeleg dei gjer seg. Mongofolk. Dessutan hev eg prøvd Zyrtec fyrr, og ingenting fungerer dårlegare og gjer meg meir trøytt enn den jævelskapen der. Zyrtec syg.

16 tankar om “Trøytt og sliten og det er staten sin feil

  1. skjalg

    Odin, du må ikkje gje deg! Du må stå på og seie til doktoren at tabellettane ikkje funkar for deg og så får du nye… klem frå mamma

  2. skjalg

    Hei, forresten…. det er koseleg med bilete på sidene dine :-) Fine blomar – eg vert glad av dei! :-D

  3. skjalg

    Altså, det var MAMMA som sa det…..(ikkje Skjalg, men det kan jo tenkjast at han trur det når han les det allikevel, for slik er det med den saki,- )

  4. skjalg

    Dette er meg. Skjalg altså. Eg meier det same som meg og mamma om den saka. OG – Odin du må sende dette som eitt innlegg i avisa, så blir det noko orsskifte om dette. Skriv pappa, altså Skjalg.

  5. Nado

    Heisann Odin, håpe du har hatt en fin sommer i år og opplevd mye kjekt!

    Jeg er enig med det dine foreldre sier, du burde sende dette inn til avisen siden dette påvirker så veldig mange i disse tider :(

    Ellers får du ha en fin sommer og så snakkes vi :D

  6. Odin

    Mamma og pappa: Nja, nei, eg skriv ikkje noko innlegg til avisi. Det er allereide mange andre som hev gjort. Media hev skrive mykje um det. Les t.d. innlegget til Klaus som eg lista heilt øverst, han skriv meir detaljert um det. Dessutan hev Stavanger Aftenblad ein del.

    Nado: Ja, — eg skal uppdatera litt meir. Men det tek litt tid, for eg må roa meg ned litt fyrst :P

  7. Birgitta

    Eg arbeidar med å få Aerius av lækjaren min, men eg trur ikkje det vert noko problem for meg.. Me får sjå.. Eg har jo verkeleg prøvd alt anna.. Har i alle fall henta ut ein pakke no før august og har ein gong til på resepten før det vert eit problem. Tablettane kostar jo 1270 kroner for 3 mnd. viss ein ikkje får det på blå resept! Umenneskeleg..

  8. Kristine

    Usj då. Det var jo ikkje akkuratt noko særleg.. Men stao pao, før du veit ordet av det så har du triksa deg igjennom byråkratihelvetet^^ hurra for det. På førehand.

  9. Odin

    Victor: Hmm. Eg er vel eigentleg veldig glad i staten, det var berre eit veldig teit trekk av dei raudgrøne. Det er feil plass å «spara pengar».

    Birgitta: Vapp. :| Offameg, det vert dyrt, ja.

    Kristine: Hehe, eg gjeng umtrent aldri til legen. Det er so balut (mykje arbeid). Men Klaus den luringen klara jo å skaffa seg masse Aerius, og han lover å dela med meg. Johoo!

  10. Torbjørn

    Altså, berre for å kverulere: Den planta du har posta eit bilete av (tveskjeggveronika) er fullstendig harmlaus for pollenallergikarar. Du ville vel ikkje skrivi ein artikkel om allergi mot katter og illustrert han med eit bilete av ein skilpadde? ;)

    Elles minnar dette innlegget meg mest om den nærmast utrulege allergifrekvensen i målungdomen XD

  11. Odin

    Torbjørn: Kannhenda det var graset eg tok bilete av ;-)

    Vel, elles so tok eg berre eitt av bileti eg hadde av ein blome.

  12. Torbjørn

    Ok, då seier vi at du eigentleg tok bilete av graset, men at det kom veldig ut av fokus. Forresten går eg tilbake på påstanden min om at det er tveskjeggveronika, eg trur heller det står mellom orientveronika og gravveronika. Håplaus planteslekt.

  13. tritonus

    Prøv Certirizin (hugsar ikkje om det er slik det blir stava). Då eg var lei av å vera dopa av Zyrtec, skifta eg til den, og tykkjer den verkar bra:)

  14. Odin

    Torbjørn: Eg fann han rett utanfor heimen i Stavanger. Biletet er teke ved sidan av terassen vår.

    tritonus: Ahh, takk Jostein, det skal eg prøva. :-) Trur eg tek i mot Klaus sitt umotståelege tilbod um å knaska Aerius ei stund. Men ein gong må eg jo prata med legen min att og få prøvd noko anna enn Loratadin.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.