Monthly Archives: September 2008

Tropa de Elite, ikkje for alle nynorskingar (men absolutt denne)

Eg er jysla glad distributør Euforia film valde å teksta nett denne filmen og ikkje alternativet; ein svensk dokumentar om noko 80-talsgreidor. Eg elskar dei flotte bileti, fargane og intensiteten; ein «action»-film frå røyndi. Noko me diverre hev litt lite av i nynorskverdi er skyting, narkobandar og korrupt politi. Det står spesielt dårleg til med spesialstyrkar som skyt på båe bandane og politiet, slik BOPE (elitetroppen) gjer flust av i Tropa de Elite. Og alt dette gjer dei herleg nok på framifrå nynorsk.

Read more on Tropa de Elite, ikkje for alle nynorskingar (men absolutt denne)…

Posted in Personleg | Tagged , , , , | 9 Comments

Which Witch på Det Norske Teateret

Dei som kjenner meg veit at eg likar båe teater og nynorsk. Likevel likar eg ikkje alt Det Norske Teateret set upp, som kombinerer teater med nynorsk. Eg likar ikkje dårleg teater, so det er faktisk ikkje vandskeleg for eit teater å laga noko eg ikkje likar.

Read more on Which Witch på Det Norske Teateret…

Posted in Melding | Tagged , , , , | 10 Comments