Tropa de Elite, ikkje for alle nynorskingar (men absolutt denne)

Eg er jysla glad distributør Euforia film valde å teksta nett denne filmen og ikkje alternativet; ein svensk dokumentar om noko 80-talsgreidor. Eg elskar dei flotte bileti, fargane og intensiteten; ein «action»-film frå røyndi. Noko me diverre hev litt lite av i nynorskverdi er skyting, narkobandar og korrupt politi. Det står spesielt dårleg til med spesialstyrkar som skyt på båe bandane og politiet, slik BOPE (elitetroppen) gjer flust av i Tropa de Elite. Og alt dette gjer dei herleg nok på framifrå nynorsk.

Å seia at dette er den beste nynorsk-teksta kinofilmen nokon gong er slett ikkje å overdriva. No kjenner eg rett nok ikkje til andre enn 23 år gamle «Ronja Røverdotter», som er av eit litt anna kaliber. Ikkje noko vondt meint om Ronja – men det er ikkje ein film eg ser på kino av heilt fri vilje. Ein svensk barnefilm er heller ikkje eit godt prov på at nynorsken kan brukast til meir enn statleg finansiert høgkultur og der me hev lovar for han. Dessutan er det eit herleg slag i andletet på alle desse «nynorsk passar til di(k)tt, men ikkje datt»-folki. Det var på tide at noko eg tykkjer er god underhaldning kom på nynorsk. Herleg at det er ein god film me får på nynorsk når me fyrst får ein.

Åvel, når alt kom til alt sat eg no der i kinosalen saman med kjærasten. Eg prøvde å fylgja tett med på teksten utan å la handlingi eta meg opp. Eg var nynorskens mann i salen! Men nei. Det tok ikkje mange minutt før filmen lurte meg og fekk mi fulle merksemd. Teksten er god, veldig god – men heldigvis er filmen mykje meir interessant. Det var rart å sjå nynorsk på sylvskjermen dei første minutti, men so vart eg van til det.

Filmen, som er tufta på soger frå tidlegare BOPE-offiserar, fær truleg blanda kritikk spesielt grunna mange drap og tortur frå hovudpersonane. Filmen er sett i Rio de Janeiro, og har nytt vitjingsrekord på kinoane der. Dessutan har han vorte piratkopiert stort då folk trudde han ville verta forbudt i byen der folk med god grunn ser ned på politiet.
I filmen ser Nascimento etter ein arvtakar til BOPE, den beinharde elitetroppen han sjølv leier. Dei to nye rekruttane Neto og Matias er barndomsvener. Kvar for seg manglar dei den andre si styrke; ein er laus på avtrekkaren, den andre held fast på ideala.

Greitt nok, eg er nok automatisk litt meir glad i denne filmen grunna den nynorske teksten (godt jobba NMU lokalt og sentralt!). Eg var redd eg ikkje ville lika han, men det gjorde eg so absolutt. Likevel veit eg det er fleire som vil synast det vert litt mykje «action» og vald; men dette er truleg den same gjengen som i alle år har kunna lese nynorske dikt og faktisk likt det. Me ville visa at det er ingen grunn til å ikkje teksta på nynorsk, Euforia film viser med Tropa de Elite at det so absolutt er sant!

Filmen vert endå tøffare med nynorsk tekst, men det viser seg; kinofilm er stadig kinofilm sjølv om han er teksta på nynorsk!

9 tankar om “Tropa de Elite, ikkje for alle nynorskingar (men absolutt denne)

  1. Victor

    Eg hev framleîs ikkje set filmen, men me er vel tri-fira som skal til Stavanger og sjå honom i dag. Eg gler meg, serskild etter å hava lese dette.

    Hev du byrja skriva slike sokalla «stygge stygge ord»,du au? Du såg jo ingifyremun ved å skriva ord som «action», men helder løyna deim i målet ved å skriva deim som dei uttalast; «æksjenn», til dømes. :p

    Er du i Nidaros no, forresten? Korleîs er det?

  2. Simon

    Kluss med teiknsettet? Ser veldig mange rare teikn her.

    Eg vil sjå Elitetroppen! Urettvist at søringane alltid skal få all moroa, medan me i distriktsnoreg må venta til helvetet frys over før me får såkalla smalare filmar. Eg lyt berre gjera det eg alltid gjer: skriva lange brev til kinoen med ynska mine.

  3. Ola

    Men er dette ein smal film? Er alt som ikkje kjem frå Hollywood (eller Noreg) smalt? Det er då ein beinhard, tøff film som me heldigvis kan tilrå dei som ikkje alt friviljug les nynorske dikt. Det har eg sansen for.

  4. Odin

    Vebjørn: Motmæle kom ikkje fyrr premieren. Eg la han ut på premieredatoen. Hadde eigentleg tenkt å venta — men so forstod eg at Motmæle ikkje ville vera ute fyrr den tid.

    Men det er jo umtrent ingen som les vevsida mi, at Helene, Simon, Klaus, Victor og Ola les teksten her fyrst er ikkje eit stort nederlag når 99% av dei som fær Motmæle ikkje veit at det finst ein fyr som heiter Odin Omdal Hørthe. :)

    Dessutan hev Euforia film spurd um det eit par gongar, tenkte eg skulle leggja det ut slik eg kunne senda dei ei lenkja. – Det såg forresten veldig bra ut i Motmæle.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.