Which Witch på Det Norske Teateret

Dei som kjenner meg veit at eg likar båe teater og nynorsk. Likevel likar eg ikkje alt Det Norske Teateret set upp, som kombinerer teater med nynorsk. Eg likar ikkje dårleg teater, so det er faktisk ikkje vandskeleg for eit teater å laga noko eg ikkje likar.

de, dei, di, De? Snakk nynorsk for F!

Eg forstår ikkje kva Det Norske Teateret prøver seg på, elder skodespelarane der. Dei segjer «di» på ein slik måte at eg ikkje forstår noko. Dei uttalar «de» som «di», slik dei gjer i bokmål. Men DET ER FEIL og satans irriterande. De (som i «dere» på bokmål) uttalast nett som «d». Slutt opp med å forvirra meg!

Um stykket

Eg syntest scenografien var dritkeisam, og eg synast sjølve stykket var ganske keisamt. Eg vart litt skuffa. Likevel so er ofte dei gode stykki på dei mindre scenone (t.d. prøvescener, malersalen til National Theateret osb), og det er berre Rogaland Teater som klarar å setja upp skikkeleg gode ting på hovudscena (so langt eg kjenner til).

MEN! Tøff bøddel!

Det var ein verkeleg kul ting; bøddelen syng sin bøddelsong, og den songen EIG. Han er dritkul, og han var dritkul på scena, og bøddelen var supertøff. Då songen var slutt starta eg å klappa og fekk heile salen med meg (den er stor!). Det var dritkult. Det «gjorde kvelden min» um eg skal segja det med eit unorskt uttrykk.

Ah, og ein ting til,—folk reiste seg i slutten. Eg plar vera den som reiser meg når ting er bra (spesielt på Rogaland Teater (elskepå)), men eg gjer det altso ikkje når eg vert so lite imponert som av Witch Witch. So eg sat demonstrativt. Helene reiste seg av di ho elska ei av skodespelerinnane, ganske søtt. Men eg sat der altso og såg rett inn i bakenden på dei framfor meg. :-)

Alt i alt var det koseleg lell

Teater eig same kva. So det var koseleg sjølv um eg ikkje likte stykket. Dessutan er Landsstyret i Norsk Målungdom utruleg koselege og flinke dette året, so det var ein god gjeng eg var ute med.

Alt er ikkje vondt på DNT

Og for å gjera det klart; ja, eg hev sett fleire kjempegode stykke på Det Norske Teateret,—dei set òg upp bra greidor. Men dei tri stykkone eg hev sett på hovudscena hev vore frå OK til dårleg. Dei tri eg hev sett i prøvesalen hev vore frå bra til superbra.

10 tankar om “Which Witch på Det Norske Teateret

  1. Simon

    «There are 2.665.866.746.664 little devils in the world.» Dollie De Luxe er digg! Har tre-fire utgåver av Witch Witch. London-versjonen er ganske dårleg, men Slottsfjell-versjonen eig! Var Adrian og Bjørnov med på tilretteleggjinga? Skulle gjerne vore og sett stykket.

  2. Víkþórr

    Du skreiv tittelen gale, det er ikkje «Heks heks», men «Kva heks» («Which Witch»). Men bøddelen var dritcool. Eg hev ikkje set so mykje thé^atre, so eg veit ikkje kor grensone millom bra og låkt gjeng. (Kvi verkar ikkje ^, ~, og ` skikkelegt på dvorak i linux?)

  3. Ola

    Er det verkeleg slik at det finst reglar for korleis ting skal uttalast på nynorsk? Det visste eg ikkje noko om.

  4. Odin

    Simon: Eg elskar Which Witch-CDen eg hev heima. Diverre var ikkje 2.665.866.746.664 little devils like god som originalen, men bøddelsongen var god som originalen. :)

    Víkþórr: Ja, sant, feil. Dei verkar ikkje av di, vel, mongouppsett. Eg hev tenkt fiksa på det, er enkelt — men ikkje gjort det endå.

    Ola: Det veit eg ikkje. Men det finst ting som er jysla teite å gjera. Som t.d. å uttala ord som noko heilt anna enn det dei er. Altso; å medvite laga fullt kaos og kommunikasjonsproblem. Sjølv um han fyren som er andsvarleg for nynorsken på DNT skriv tullenynorsk, so treng han ikkje få alle i teateret til å prata den same brukne nynorsken slik at alle vert sitjande å lura på kva han eigentleg meiner…

    Isabel: Ja, det er nok det :]

  5. Helene

    Isabel! Ja! Gjertrud! Eg visste ikkje kven det var som skulle spela. So kom eg inn og såg Pål Ottar Haga: eg berre OMG! Me likar jo han, sjølv om han har voldtatt ei heil øy i «Mørkets Ø», men so ser eg at det er noko kjent med ho svarte heksa! Haha! For ei oppleving:) Eg skal so henga på DNT framover:) Det er so kult å tenka på at eg og Gjertrud gjor det same i går, eller nesten det same:D Kos på deg!

  6. Leif Arne Storset

    Stort sett samd med det du seier. Men eg tykte koreografien i dansane i draumescena var kjempeflott. Ljossettinga var fin óg. So eit par ljospunkt var det, sjølv om stykket i det heile ikkje fengde.

  7. Eirik

    Kven skal eg brenne no, for å seia det slik. Eg vart heller ikkje spesielt gebeistra for stykket, men det var stas å vitja DNT for fyrste gong. Eg hadde absolutt venta meg at det skulle vera meir vesalt enn det var, men det er vel fordi eg er vand med at målrørsla har tronge kår, jf. NMU

  8. Maria

    Eg heng meg på Leif Arne. Det var ein besneirande dans. Eg syntest gjertrud minna ein del om Evelyn Jons som var med i Tolvskillingsoperaen. Dei har mykje av den same måten å syngja på. Og so var det no kjekt at dei sang litt på latin:) Haha, de må vera samde i at scena med dei to vaktene på cella var bra:P

  9. Remi Moen Skribent

    Ja, alt anna enn fotball suger jo som vi alle kan vera samde om som ein kraftig støvsugar.

    Men akkurat dette stykket har eg faktisk sett. Og sjølv om det TOTALT manglar offside-relaterte hendingar, var det veldig bra…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.