Ein professormongo utan hjerne

Det finst ein fysikkprofessor som er so satans mongo at eg ikkje forstår korleis han i det heile teke klara koma seg her til Trondheim-skulen kor me hev studentsamling. Eg hev sjeldan, trur faktisk aldri, truffe nokon som fær blodet so til å bobla yver. Og det er nett difor eg sit her på skulekjøkenet og ikkje inne på «paneldebatten».

Han er ekstremt, so til dei gradar ekstremt usakleg at eg kjem til å vera ganske usakleg her sjølv. Eg må få lov til å skriva/ordleggja meg på same måten han gjer.

Ok. Eg forstår ikkje, eg forstår ikkje. Eg anar ikkje kvar eg skal starta. Han er so ufatteleg dum, og kann so sabla lite anna enn hersketeknikkar og det å vera heilt jævleg provoserande. Han pratar so jækla stolt yver kor elendig han kann nynorsk. Han sit og fortel oss at han er ein jækla mongoloid som ikkje klarar å læra seg nynorsk. Kva faen? Kor hjernedaud gjeng det an å verta? HAN SKRYT AV AT HAN IKKJE KANN NYNORSK. Han skryt av si kunnskapsløysa og totalt manglande evna til å læra.

Det han meiner i korte trekk er at det er heilt uhøyrd at nynorskbrukarar skal få eksamenen sin på nynorsk, og at han må skriva honom. Vel, det er no greitt nok, men han her klarar å kombinera det med masse «fakta» som eg veit er 100% feil. Dette legg han fram på ein «so jækleg mykje betre enn dykk som ikkje kann nokon ting»-måte at einkvar som ikkje veit fakta ville trudd det var sant. Han er so sjukt yverlegen, sjølvgod og ute av stand til å trekkja inn fleire faktorar enn dei han sjølv kjenner elder finn på.

T.d. ser han ingen forskjell på lærarar og studentar. «Viss studentar skal hava ein rett til å få skriva på skriftsspråket sitt, må jo lærarar òg hava denne retten!», det han gløymer er at lærarar er tilsett på universitetet, ikkje som privatpersonar som kann gjera nett det dei sjølv ynskjer men som del av eit universitet. So då må han fylgja universitetet sine reglar, og ikkje sine eigne. Det er stor forskjell der. I tillegg klarar dritsekken å segja «eg forstår ikkje studentar, eg!». WOW; KANN DET VERKLEG VERA SANT?

  1. Kvifor i helvette er du ein lærar då?
  2. Det treng du ikkje segja, me ser at det er meir du ikkje forstår. T.d. ALT.

At denne mannen hatar nynorsk hev ingen problem med å sjå, sjølv um han prøver å skjula det. Han kann fint lata som um han er sakleg og hev poeng, sopass kann han visst. Men han er jo sjølvsagt heilt ubrukeleg til å skjula hatet sitt. Og då meiner eg ubrukeleg. Ok. Han startar med å segja at for han «og alle andre frå Ullevål Haveby» er nynorsk totalt uhøyrd og er berre kjend som tvang alle hata. Utslitte nynorske ordbøker som var omdøypt «Spynorsk mordliste», javelja. «Heime hev eg ei utslitt, totalt ubrukeleg ordlista som det står nett det på.» Javel? Jækla bra poeng… ikkje!

Eit sikkert teikn på at nokon er lite gjennomtenkte og ikkje hev peiling er at dei kallar sidemål tvang, men elles stør eit vanleg skulesystem. Kva er ikkje matematikk då? Kva er ikkje historie? Elder kva med norskfaget i seg sjølv? Er ikkje alt dette tvang med denne same stygge definisjonen? «Noko du må gjera på skulen for å stå». Viss nokon ikkje liker historie, skal dei då kunna taka det vekk? Eg er for valfridom, og for å kunna velja må ein kunna båe nynorsk og bokmål like godt. Eg valde nynorsk etter mange år i skulesystemet—sjølv med totalt elendig sidemålsopplæring (for eg ynskjer mykje betre sidemålsopplegg, gjerne endra). For å kunna gjera eit ekte val sjølv og ikkje lata andre gjera det for deg (plassen du bur på), må du altso læra nynorsk. Fascistar som denne professoren (og andre som tek vekk valfridom) vil annleis.

Det leider meg til ein annan ting. Vondingen skryt fælt yver kor internasjonal han er, ja, tenk – han hev vener i Frankrike! Skit, so ekstremt kul han er – skikkeleg spesiell – utruleg – vener i Frankrike.

«Ja, men du må jo skriva engelsk, det er jo helder ikkje ditt språk», segjer ein i salen. «Å, det er ingen problem, for eg er so hippetihopp-kul at eg hev engelsk far og hev studert masse i USA (2 heile år!), eg tok doktorgraden min der», svarar han hovent og trur at han fær masse respekt av det. Han set seg upp i skyone som det beste som hev hend fysikken og ålmenn universitetsarbeid i Noreg. Han vekslar mellom å lata det berre handla um han og ålment. OK. Ikkje alle-faens-folk i Noreg hev engelsk far og ikkje alle kauper ein doktorgrad i USA (for han kann faen meg ikkje ha ærleg fortent han, han manglar jo totalt kritisk sans).

Eg er pisseleid av å høyra um dine problem, at du ikkje kann læra deg eit enkelt og meir regelrett språk enn bokmål som du hev vakse upp med er ikkje eit sakleg argument i ein diskusjon. Me ser alle ned på deg av di du er so mongo,—men igjen; det er ikkje eit ålment argument for resten av Noreg!

No gjeng faenskapet ute i gangen her. Stikk av. Ynskjer å skyta honom i ryggen.

Vel, no kjem dei andre, no kann eg skrika på dei. Den verste energien fekk eg av meg med å skrika og hoppa rundt i gymsalen medan eg hang meg frå taugi der.

6 tankar om “Ein professormongo utan hjerne

  1. Egil

    Lol, ein usakleg professor er jo bare latterleg. Stakkaren må omsetja ein eller to eksamensoppgåver til nynorsk i året, så det er jo ein ekstremt stor bør. Det er inga som tvingar meg til å skriva nynorsk her, men ettersom firefox hjelp meg er det heller ikkje særleg vanskeleg. Pappa hev jo den samme problematikken siden han må svara all kontakt han får på nynorsk, men han dikterer berre og lar andre gjer jobben. Dog dikterer han nok ein heil del meir enn et par eksamensoppgåver i året. Bah, gidd ikkje bruke meir energi må den tosken.

  2. Víkþórr

    Han høyrest ut som alle dei andre nynorskhatare til saman. Her er so mykje som gjeng att, og eg hev vore burti sjølv, at eg skynar sinnet ditt.

  3. Odin

    Egil: Ja, sant. Ein mango i rette forstand ;-)

    Víkþórr: Velvel, han er endå verre enn det tilogmed, av di han legg til ei «eg er professor»-haldning til det heile. Som sagt, ein professor med litt peiling i salen hadde banka han so til dei grador. Det einaste truverdet han hev er grunna professorstatusen og viss nokon andre i salen hadde hatt den same (og litt faktisk vit) so hadde bølla vorte slegen.

    Synnøve: Hehe. So koseleg :-)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.