Italia – videojobb med Helene og Pat Savage

Den deiligaste mangoisen eg nokon gong hev smakt. Sol, varmt. Folk som pratar eit språk eg ikkje forstår. Det er sundag og i morgon dreg eg attende til Noreg. Men eg er framleis i Italia på videojobb. Dei siste tvo dagane hev vore litt treige, men det kann eg vel takka meg sjølv for.

Tja. Vel. At desse tvo dagane hev vore treige heng vel òg tett saman med at Helene drog tidleg i går. Eg drog ho med på jobb her i Italia. Det hev vore utruleg moro å hava ho med, ho hev vore sers flink «second unit». Ho hev filma båe med det leigde kameraet mitt og med hennar eige vesle Canon MD111-kamera (vel, det er mitt, sjølv um eg helst ikkje vil innrømma det :P)

Turen ned

Eg budde hjå min gode kamerat Kløs, der eg nesten mista datamaskini til Randaberg VGS. Tidleg måndag morgon drog eg ut til Gardermoen, der eg fann Helene. Flyturen ned gjekk yverraskande fort og etter me hadde brukt seriøst lang tid for å henta bagasjen (spesialbagasjen kom aldri, men viste seg at me måtte henta han ein heilt annan plass) gjekk me ut og møtte mi italienske Cinelerra-veninna Raffaella.

Denis hadde òg kome for å henta oss, ein kommunikasjonssvikt der. Han måtte diverre berre reisa att. Me drog til Venezia, og fann ut at me ville gå utanum turistområdet. Meg og Helene vart fort svoltne, men det viste seg at i Italia opnar ikkje restaurantar o.l. fyrr 1800–1900. Dei et ikkje middag. Bah. Venezia var flott, men veret kunne vore betre (det byrja styrtregna). Likevel skulle eg nesten ynskja det ikkje var so jysla dyrt å sitja i gondol, for trass kor turistete det er so hadde eg gjerne lyst å prøva det. Haha. :)

Raffa var dritkul og Helene er jo beste jento i verdi.

Heime hjå Raffa åt me mat og eg fiksa Stopmotion på Ubuntu Linux-maskini hennar. Ho vart veldig glad, ho hadde aldri fengje det programmet til å fungera fyrr.

Tysdagen, dag 2 – henging med gutta boys

Me rakk ikkje frukosten på Sheridon-hotellet. So me gjekk rett yver vegen til IKEA og åt mat der. Rart å dra til Italia for å so berre eta på IKEA. :P Etter etingi saumfarte me IKEA, der eg kaupte alkoholfri pærecider og Helene Aalgrens Bilar og Snøre (skolissar :P).

Me møtte Denis, Leo (Leonardo) og Kri-kri (som var Helene sitt kallenamn på han, alle andre kalla han Tuco) og tok oss ein tur rundt i området åleina. Pat Savage skulle koma seinare på kvelden. Eg køyrde bilen til Denis (yey!!!), medan Helene hang ut vindauga og filma (ho hev ikkje lappen). Det var ein veldig koseleg tur. Og eg elska at eg fekk vera sjåfør medan Helene gjorde filmejobben yverraskande bra.

På kveldingi drog me på ein pizzarestaurant for mat. Pat kom, sliten og trøytt etter ein lang køyretur på Harleyen.

Onsdag, regn, fest og lite gjort

Me fekk ete frukost. Fann ein dritgod Aloe Vera-yoghurt som me åt mykje av. Stal med oss ein del til rommet vårt òg. Det var so LUKSUS! :D

Ting gjekk seint, og det viste seg at filmingi me hadde tenkt å gjera ikkje vart stort ut av lell. Me hang på eit kaupesenter og gjorde ikkje stort anna. Eg og Helene tok turen ned til Padova sentrum, der det igjen viste seg vandskeleg å få mat i magen. Etter me hadde sett og var ferdig med den ant største «plassen» i Europa etter Moskva sin («square», veit då søren kva eg skal kalla slikt), drog me attende til hotellet. Ingen plassar i Italia tek kort (nesten), so det var jo plent umogleg å få kaupt is. Særleg sidan korkje eg eller Helene klarte å taka ut pengar.

Men Padova var kjempefin. Veldig stilig. Den nyaste Stravagaza-boki er sett i Padova. Var dritkult å hengja med Helene der. Ho fann tvo dalmisar ho fekk klappa. Dagen fyrr såg ho ein dalmis i Venezia – eit veldig godt teikn i fylgje ho ;-D

På kveldingi drog me til hengjeplassen for motorsykkelklubben til Denis og gjengen. Der var full fest. Me filma litt, og stakk til slutt utpå natti.

Torsdag. Til Buja, Osoppo, Udine, Italia

Dagen etter drog me opp til Buja. Skulle vera ein 2 timar lang tur. Vel, han vart mykje lengre med det ekstreme trafikkaoset me kom inn i. Motorsyklane kom seg sjølvsagt sers raskt av garde – men meg og Helene sat fast i bilen. Det var ikkje moro. Nett då. Men kom oss ut av det.

So hang me rundt i denne vesle byen (eg er her framleis). Åt is. Koste oss noko fælt.

Fredag. Konsert med Pat Savage osb

So kom konsertdagen. Etter den vanlege treige starten på dagen (meg og Helene fann ein pizzarestaurant som faktisk ville selja oss mat – med skikkelege opningstider) drog me til Osoppo for Udine Biker Fest 2008. Det tok fleire timar fyrr bandet fekk gjera ljodsjekk. Det var frustrerande. Men gjengen var jo so koseleg at det gjorde ikkje stort.

Konserten starta seint-seint og dei spelte fram til 0100. Eg sprang litt rundt på scenen og filma, Helene og Gutta boys stod og rocka saman med resten av publikum. Pat og gjengen er faktisk utruleg flinke til å spela. Skikkeleg. Hugsa eg vart skikkeleg yverraska fyrste gongen eg var på konsert, ein ekte konsert med dei.

Det hadde regna ganske kraftig so det var sørpete, vått og ekkelt. Rart det var so mykje publikum i det heile teke. Eg hadde tippa ein 10–20 stykk hadde kome (som hadde vore flaut), men det kom vel rundt 100–200, so det var ikkje alt for gale.

Backstage var veldig dårleg,—normalt sett hev det vore sofa, varmelampa, masse mat, snop og drikka. Men her hadde dei litt vatn og nokre ølboksar, eit lite telt, harde benkar og eit industriljos i taket. Bah. Fann fort ut det var kulare å hengja bak på scena.

«MEN!», bryt Helene inn, «det var ein finne der og han kule med jakko, veit du, … Eg veit jo kva han heiter, eg fekk jo CD-en hans og eit visittkort»… Helene dreg upp boki si nesten eit halvt år etter me var i Italia og mumlar noko um at det alltid dukkar upp ein elder annan plass og irriterer ho. Ho finn det ikkje lell. Jaja. Eg kann leggja ut bilete:

Laurdag. Helene reiser heim.

Me kom til hotellet rundt 0300. 0400 vart me vekt av folk som skulle hava bilnyklar for å sjå etter ei jakka i bilen. 0700 stod me upp for å køyra Helene til Udine for å taka toget til Venezia, buss til Marco Polo (flyplassen), fly til Danmark – hengja der i maange timar og so fly til Bergen og buss til sentrum. Ho var framme 0100. Reisa tok med andre ord rundt 18 timar eller noko. Stress. Då eg kom attende til hotellet la eg meg ned og sov til ~1900, so drog me til Biker Festivalen att for at dei skulle spela. Vel, det vart 2 timar forseinka. Det regna skikkeleg kraftig og var dårleg ver.

Eg filma sjølvsagt ein del, – men ikkje so mykje interessant. Alle trøytte og vonde.

Sundag, i dag, Buja, Osoppo – reisa attende til Padova

Og so i dag då. Eg vakna tidleg og hev sitte heile dagen på datamaskini. Utanum den lange turen eg hadde ute fyrr eg starta å skriva dette (alt er skrive på staden, utanum småting eg hev lagt til no langt uti oktober). Eg stakk ut, kaupte ein pizza, åt den, kaupte ei kula nøtteis, ei kula kakeis og ei kula mangois og åt den ute. Det var superdigg. So kom eg inn at på hotellrommet for å skriva dette. Det er ikkje so digg.

Ja-ja, når eg er ferdig med dette her so hev eg jo verkeleg ingen grunn til å hengja her lengre. Då vert det køyring!

Forresten moro å køyra bil i utlandet, og ein so god bil som Denis hev.

Kvifor ut no?

Det vart stille i Italia utan Helene, det virka so synd å avslutta med eit sukk i staden for eit kaboom som det hadde vore um Helene kunne hengja eit par dagar til. Men heile turen var dritkul, eg hadde det heilt fantastisk moro. Vonar eg og Pat ein gang kann få laga ein fin video ut av det. :-) Eg veit ikkje heilt kor eg skal få tid til noko slikt, men det hadde absolutt vore kult.

Og so til slutt eit bilete som viser korleis me hadde det i Italia:

9 tankar om “Italia – videojobb med Helene og Pat Savage

  1. Skjalg

    Det var kjekkt det kom noko frå turen din Odin. Savnar fleire av dine reisebrev – du er så flink å skrive. Eitt søtt bilete…

  2. Odin

    Skjalg: Strengt teke turen vår, eg og Helene ;-) Hehe.

    Eg tenkte eg skulle få fleire av dei ut på net. Diverre hev eg mista ein del tekst i det seinare, men eg klarar vel alltids hugsa litt attende. Dessutan hev eg sjølvsagt evigt med bilete.

    Eg ventar stadig på å skriva ein distribuert open kjeldekode flickr-klone for å kunna leggja ut bileti mine og tagga dei korrekt. Finst diverre ikkje noko bra nok no… :-/

  3. Víkþórr

    So gildt å fara til Italia! Det vil eg au … når eg kann nog italienskt. Forresten hev Helene eit nydelegt målføre! «Jento» heiter det her i Sokndal au, og Aasen hadde «gjento» i ei tidleg prøva av Landsmaalet. :)

  4. Monique

    Ooh, Italia. Det såg koselig ut :)

    Når komme du på besøk t Stavanger igjen, og når ska du sei i fra?

  5. Odin

    Monqiue :D Hmm. Eg hev ikkje vore i Stavanger på superlengje. Då eg drog til Italia var sist gong eg var i Stavanger. So… Eg hev ikkje vore heima sidan fyrr sumaren. :| So lengje vekk hev eg ikkje vore fyrr, med unnatak av Oxford kannhenda.

    Eg segjer i frå med ein gong eg kjem heim :-) Men eg trur du er mykje oftare i Oslo enn eg er i Stavanger no. Eg skal heim til jul. Skal i brullapet til fetteren min rundt den tidi òg. Gler meg stort.

  6. Janne

    Å, men eg og vil jo reise til Italia, for eg kan jo faktisk litt italiensk! Du må prøve å seie: Come sei grassa! eller: Ce bel bambino! (Det tyder: Så stor du er! og: Så fint barn du har!)

  7. Janne

    Sjølvsagt meiner eg «Che». Det er faktisk den H-en som gjer at ordet uttalast som «ke». (Og plutseleg hugsar eg ting frå italiensktimane).

  8. Synnøve

    Eg las feil, og trudde du hadde skrive om den beste mongoisen du hadde smaka. Jaja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.