Eg sit på nattoget og er i eit heilt ekstremt supert humør. Det er ikkje yverdriving ein gong (noko eg ofte gjer, orsak)! Fyrst tvo episoder Ugly Betty (wey!) og so KARAOKE PÅ NATTOGET!
Fyrr alle vert mongosinte på meg for å gjera noko so ukristeleg på eit nattog so må eg få segja at eg ikkje syng ut høgt og at eg hev øyreklokkor på. Men eg legg ikkje sjul på at eg so gjerne, so gjerne, so gjerne skulle ha synge ut HØGT OG KLÅRT.
I dag fekk eg høyra «Skal du taka nattoget, åjavel, men det er vel greitt – då fær du sova!». Eg var sjølvsagt rask til å forklara denne personen at, nei, slik er det ikkje. Alle som hev lese netsida mi ei stund veit kva eg meiner um dette, men eg likar so godt å segja det, so eg svara altso;
«På nattoget sit du oppe heile natta i eit lite sete, du søv ikkje, det er difor det heiter nattog og ikkje sovetog.»
Det er nett difor mi nye oppdaging er so herleg!
Den ekstraordinært urolege dansingi mi i setet, er vel ei slags kompensasjon. Diverre trur eg dét óg er irriterande for folk. Spesielt tastaturknastingi mi òg no. Eg er so hyper og hev funni ut at karaoke er so vegen å ganga. Eg hev gaula ljodlaust ut mellom andre dei fylgjande låtane:
- Phantom of the Opera – Music of the Night
- Brecht – Mack the Knife
- Maroon 5 – This Love
- Cat Stevens – Oh Very Young
- Akon – Lonely
- Waltzing Matilda
- Up Where We Belong (Love Lift Us Up)
- You Are My Sunshine (My Only Sunshine)
- Metallica – Hero of the Day
Det er veldig underhaldande. Eg kann ikkje forstå at eg ikkje innsåg kor ekstremt bra dette hadde vore alle dei andre gongane eg hev teke nattoget.
Åh. Eg er heilt i skyone. Svevande, slik so mange andre menneskje. Men no kjenner eg det i meg – ikkje slikt klissete metaforisk. Hoho.
Vel, folk rundt meg er sinte på snart 3 timar med irritering frå mi sida. So eg sluttar å syngja, sluttar å skriva og sluttar sitja på maskini mi. Åvel. Kva skal eg no?
Sova!?
Fy på seg. Sånne folk får eg lyst til å kakka i hovudet viss eg møter dei på toget.
Simon: Hahahah. Synd på deg.
Forresten ingen ljod då. :)
Eg hadde hata deg om eg tok nattog med deg:D (Så då er det godt at eg ikkje gjorde det^^)
Ah, Waltzing Mathilda er fin. Eg trur eg lyt setja honom på no. :)
he he he ja karaoke er morro prøv nettstedet http://www.norskkaraoke.no glemte hele adressen