Nautilus-skript for å senda fil til tenar/server

I’ve translated this post on my English Technical blog: Send files via SSH/SCP with Nautilus

Det viser seg at eg veldig ofte lastar ting upp til roteplassen min på verdsveven. Det er ganske enkelt, eg opnar berre ein terminal og skriv:

scp fili_eg_vil_lasta_upp user@example.com:public_html/

Enkelt og greitt. Likevel er det ikkje alltid eg er i ein terminal og arbeider. Og då vert det litt bale, det tek kannhenda 10 sekund ekstra å

  1. Opna ein terminal
  2. Navigera meg til mappa der fili ligg
  3. Skriva scp-kommandoen

So difor skreiv eg eit lite skript til nautilus slik at eg berre kann høgreklikka på filene eg vil senda og so trykkja på «Send til Acona».

Enkelt og greitt. Når fili er lasta upp fær eg ei fin melding um at ho er nett det, saman med URL-en fili ligg på. Dessutan vert adressa kopiert til det eine klippebrettet i Ubuntu Linux, so då kann eg ganske enkelt berre trykkja på musehjulet (elder på museknapp1 og 2 på likt) so vert adressa limt inn. Herleg!

Eg brukte skriptet til å lasta upp seg sjølv til her: http://odin.s0.no/nyttig/send_via_scp

Mogleg relaterte innlegg

This entry was posted in Datarelatert and tagged , , . Bookmark the permalink.

4 Responses to Nautilus-skript for å senda fil til tenar/server

  1. Egil says:

    Kult med litt geeky stuff óg.

    Menneh, 1) krev ikkje scriptet at du hev ssh nøkkel og 2) korleis knyttar ein det til Nautilus?

  2. Odin says:

    Egil:

    1. Nei, det krevjer ikkje SSH-nykel, du fær upp ein dialog der du kann skriva inn passord i Ubuntu Intrepid.
    2. Les fili, stend yverst, du legg fili inn i ~/.gnome2/nautilus-scripts/ og so startar du nautilus um att (killall nautilus)
  3. Hehe, det dømet der, var det kva du nytta scriptet til for å syna meg dei greidone i går?

    Det er gildt når machini gjer arbeidet, slik ho skal, og ikkje nøytaren som gjer det for hana. :)

  4. Egil says:

    Veldig hendig script. Er enklare å velja ‘send to rtorrent’ enn å gå inn på monteringspunktet til maskina ho køyrar på :) Kanskje eg skal leka litt med python-bindingane til Nautilus ein vakker dag :)

Leave a Reply

Your email address will not be published.

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>