Eit objektiv eg ikkje visste fanst: 28mm f/1.8

Eg plar sjå på bileti til Mariell Øyre, som eg kjenner gjennom målungdomen, og lura litt på kva objektiv ho brukar for å taka dei. Bileti hev den herlege korte djupdeskapheiten som tyder open blendar og eit ljossterkt objektiv (pluss stor biletbrikke). Eg hev vel ofte tenkt at ho brukar den same 50mm f/1.8-objektivet som eg hev teke mine finaste bilete med i det siste. Likevel hev eg ofte sett at det ikkje liknar ein 50mm i det heile teke.

I innlegget hennar um jolegåvor såg eg eit biletdøme som heilt umogleg kunne verte teke av ein 50mm, og litt lengre nede skreiv ho at ho hadde tenkt å kaupa ein 50mm f/1.8.

Ok, so det er tvo moglege svar: Mariell hev brukt masse pengar på eit ljossterkt normalobjektiv (28–32mm for digitale speilreflekser vil eg tippa), eldes so finst det eit objektiv til ein god penge som eg ikkje kjenner.

No kann det godt henda at Mariell hev eit dyrt objektiv, ho driv jo faktisk med foto (slik eg forstår), men same kva so fann eg:

Sigma 28mm f/1.8 makro

Det finst eit ljossterkt normalobjektiv til ein billig pris! :D

No hev eg nett fengje Sigma 10–20mm f4–5.6 (av herlege Helene!), som er eit dritkult objektiv. Problemet er sjølvsagt at det krevjer mykje ljos, so det er for «studio» elder ute. 28mm tilsvarar 45mm på fullformat (altso vanleg 35mm film), og der er 50mm eit «normalobjektiv». 20mm heilt klart eit vidvinkelobjektiv, og med ljosstyrke på f/5.6 er supermørkt. So eg treng eigentleg eit ljossterkt normalobjektiv. Dessutan. f/1.8. Eg treng ikkje segja meir.

Ok, kannhenda ikkje alle forstår det,—men de kann sjå på bileti på bloggen til Mariell, dei ser ut til å vera tekne av det objektivet nesten alle saman.

Forresten synast eg synd på 18–135mm f/4–5.6 VR kit-objektivet mitt frå Nikon, det er ikkje kult og hipt lengre. 10–20mm-en er ein kul vidvinkel, 50mm-en hev høg ljosstyrke og tek fantastiske portrett. Og no vil eg leggja ein 28mm f/1.8 til i baggen, som er eit ljossterkt normalobjektiv. Det einaste eg treng no, er eit OK-ljossterkt teleobjektiv (OK, dei er skitdyre!) og so treng eg ikkje kit-objektivet til stort lengre.

2 tankar om “Eit objektiv eg ikkje visste fanst: 28mm f/1.8

  1. Odin / Velmont

    Ja, er vel det, — men folk som tek bilete forstår det. Og dessutan var dette mest ei lita hugselista for meg sjølv ;-) Slik bloggen min starta for mange år sidan.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.