Ferdig for semesteret!!! :D YEY!

Eg hev ikkje vore so letta på kjempelengje. Dette semesteret hev vore hardt, hardt, hardt. Det er so utruleg synd at eg ikkje fekk taka STK1000-eksamen etter eg gjorde ein faktisk innsats. Exphil var heilt utruleg stress, 3000 ord um «Er terroristar djerve?».

Fyrr det var det breiddeeksamen, eg hev ikkje opna exphil-bøkene – men kaupte eit repitisjonshefte berre timar fyrr testen. Vel, eg fekk 19 rette, og den eine var ei oppgåva eg trudde var ei lureoppgåva (det var altso ikkje). Eg fekk altso fleire rette enn mange av dei som var på testen. Dei fleste fekk 16–18. Whey! Men det var jo kortliva, av di eg tvo dagar etter hadde helvettesdagar med å få skrive uppgåva. Eg kann avsløra allereie no at uppgåva mi er heilt elendig og at eg er sers usikker på um eg står. Diverre so må eg stå. De fær sjå uppgåva etter eg fær dommen…

Humit1731, meld av

Me vart melde av Humit1731 som er eit svadafag um internett og ting og tang. OS-kurset tok so ekstremt mykje tid at me berre gløymde det heilt.

OS-kurset

Og her kjem det eg er leid meg for at eg ikkje hev skrive meir um. Eg og Egil tok INF3151 dette semesteret, altso OS-kurset. Kva er det? Jo, du implementerer eit operativsystem frå botnen av. Det vil segja du skriv fyrst bootloaderen og jobber upp frå der. Eg kann ikkje segja anna enn at dette hev vore heilt fantastisk kult å jobba på. Det er det beste faget som gjeng an å taka. Det er 20 studiepoeng, men vert ofte umtala som eit poeng du burde fått 50 studiepoeng i arbeidsinnsats for.

Egil hev vore ein ekstremt god arbeidspartnar som hev fengje meg til å jobba godt og strukturert (det hev vore ekstremt lite stress rett fyrr innlevering, me hev gjort det meste ferdig lengje fyrr faktisk!).

Den fyrste eksamenen gjekk sers dårleg, me fekk D (elder var det E?). Neste fekk me B på, for det var implementasjon trur eg. Neste designoppgåva fekk me A på, for då hadde me forstått litt betre kva eit design er og korleis me forklarar best mogleg. Etter det fekk me A på alle dei 8(?) eksamenane me hev hatt. I slutten jobba eg litt lite av di Exphil kom snikande og ville knekka ryggjen min med nerver og alt anna som er vondt i verdi. Då tok Egil yver og han hev sørenmeg dratt i land fleire A-ar der mitt bidrag hev vore å lesa gjennom det han hev gjort og segja «Jøsses Egil, dette er dritbra».

MEN! Me skal implementera eit filsystem i operativsystemet vårt no, siste del. Det er ikkje ein eksamen, men ei obligatorisk oppgåva – so eg vil segja det ganske sikkert at me fær A. Det ser eg fram til. Å få A i OS er slett ikkje ein uting!

Jobb, Nei til EU og Universitas

Eg hev kome mykje betre inn i NTEU-jobben min. Eg skal byta ut den gamle eposttenaren med ein ny no vonar eg. Dessutan fikser eg småting på Universitas inni mellom. Vonar å gjera litt meir i joleferien. Likevel hev 50% stilling i NTEU pluss fulltidsstudenttilvêre vore vandskeleg. Hev ikkje vore stort med fritid utanum alle utenlandsturane eg og Helene hev vore på. :)

So, eg er fri!

So, det var fagi mine og semesteret. Og no er eg fri! For ei obligatorisk uppgåva att i eit kjempekjekt fag som eg hev ingen problem med å bruka tid på er ingen problem. Eg vil filma, eg kjenner bloggelysta koma attende. Eg vert meir kreativ og var i dag inne på IRC-kanalen til Lumiera for å bidra litt. Eg hev vore med Janne-Kristin i heile dag, me hev laga kanalen #nynorsk på IRC (EFnet), som ho skreiv um på bloggen sin. Elles hev me rydda etter festen i går (Klaus var med i byrja, Bror tok litt òg) og sitte på pcane våre. Ho hev fengje ei Lenovo ThinkPad T400 nett som meg, og ho køyrer Ubuntu Intrepid på han nett som meg. Og no skal ho snart flytta inn med meg, Helene, Birgitta og Klaus. Det vert supert! :D

Ahhh. Eg gler meg so til jól! Dette hev vore eit sers tungt semester, men no er det berre surfing att. Ahhh.

2 tankar om “Ferdig for semesteret!!! :D YEY!

  1. Egil

    Herleg å vera ferdig med semesteret ja, men dei burde hatt eit oppfølgingskurs for os. Det hev vore såpass kos at det er litt vemodig at det er ferdig. Jaja, me kan jo ikkje gjera det bedre heller :) No må me berre bli ferdig med obligen. Eg hev skreve masse kode, men ho er særs stygg :p

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.