I dag kom eg meg endeleg litt ut. Fyrst hang eg og Falke (og Willy litt) upp ljos på det helder digre treet utanfor trappa vår. Etter det var eg i byen med Espen. Eg hev vore ute fyrr, såg etter spel i Stavanger sentrum, men alle butikkane hev jo lagt ned. Byen liknar seg sjølv på ein måte, men sjølve innhaldet i byggningane er endra.
Det med butikkane er ganske rart; der det ein gong var DVD-ar, spel og datautstyr er det no klede for jentor. Nettopp, det var jo nett det byen mangla; fleire hekkans kledebutikkar. SNORK!
Kannhenda dei burde oppretta eit par-til frisørar òg, so hev me til slutt berre frisørar og kledebutikkar i byen1. Treng jo ikkje stort anna!
Eg kom til Stavanger (heim) 16. desember. Det viste seg å vera litt unaudsynt. For den 16. datt epostsystemet vårt ned, og eg vart sitjande frå tidleg morgon til seint på kveld dei neste dagane for å fiksa alt saman. Dei fyrste 3 døgni, frå 17.-20. var eg ikkje ute i det heile teke. Vel, 20. var jo brullaupet til Buster og Randi (wey!!! :D) so då måtte eg ut, men fyrr det var det helder sørgjeleg. Ingen vits å draga til Stavanger for å sitja å jobba.
Helene kom for å vera med i brullaupet, og då ho kom hadde eg altso ikkje vore ute. Vert vond i hovudet av slikt. Difor var det deilig då Falke spurde um eg kunne køyra stigen frå Park og Idrett (elder natur og park, elder kva dei heiter) upp til huset. Etter det var eg so godt i siget at eg gjerne ville hjelpa med å putta ljos på treet vårt. Det var kjempedeilig. Eg misunner han ganske mykje for å hava ein ute-jobb. Eg er ingen ute-mann, det eg driv med er for det meste på datamaskini. Likevel so er det intenst deilig å jobba ute.
Eg må gjera meir slikt i framtidi. Eg hev ikkje fengje jóleroi yver meg, eg skulder det på fira ting i prioritert rekkjefylgja:
- At eg ikkje hev evna leggja meg til rett tid
- At eg hev sitte inne for mykje
- At eg hev irriterande jólegåvor att å skaffa
- Jobb, eposten som datt ned
So det avslutter eit ustrukturert trøytt bloggete innlegg frå meg.
- Ein vanleg Odin-kritikk av Stavanger er at me hev so sjukt mange frisørar. Eg ser dei yveralt, på kvart eit gatehjørna hev me ein frisør. Dette er spesielt rart for meg, av di eg aldri gjeng til frisør. Ja-jo, kannhenda ein gong i året – men det er likevel rart for meg at det det finst mest av her i byen er frisørar! [↩]
Haha, det med klede og hårklypparar er nett det eg au tenkjer på når eg er i Stavanger!
Kva slags netpostgreidor var det som datt saman?
Ein må heller ikkje gløyme alle skobutikkane. Er ein god del av dei óg :p
Eg har store planer om å dra deg ut på tur i nærmeste framtid :)
Víkþtórr: Nei til EU sin epost.
Egil: Tja, — dei kann du no i det minste telja på tvo hender. Men det er tydeleg kva for kyn Stavanger sentrum er rekna på…
Monique: Godt! :D
det er eit macroobjektiv! :)
(og eg kjøpte det på ddmr)
hjartesmil: Det var litt av ein plass å svara :-) Eg venta svar i innspelsfeltet på bloggen din.
Eg fann det, er vel dette her, Sigma 28mm f/1.8. Veldig billig, hmm, må skaffa meg det. 28mm er jo nesten eit normalobjektiv for digitale småbrikker som me hev. Det er tilsvarande 45mm for 35mm film. Tøft! Men eg må nok venta litt, hev nett kaupt nytt objektiv.
det kan henda du syns det, men eg tykkjer det er frekt og upersonleg å forventa at folk skal “oppsøka” svaret. for det er det jo faktisk ingen som gjer i den normale bloggverda.