Velmont – Odin Hørthe Omdal

2008-12-07 16.27

Eit videoklypp frå jolefesten: Kjempeflott fødedag, fekk Nikon D90!

Vel, rett nok var det eg som betalte for den nye speilrefleksen, men eg fekk han jo likevel på fødedagen. Dessutan gav Helene meg eit objektiv eg hev hatt lyst på utruleg lengje (elsk), men som hev vore litt dyrt.

Eg hev hatt lyst på Nikon D90 etter NRKbeta informerte meg um at det hadde video. So eg testa kamera på fødedagen min i går (NMU hadde jolefest heime hjå oss)

Du finn òg fila hjå archive.org – der kann du m.a. lasta han ned i HD (altso mykje betre kvalitet) og sjå han i Flash.

Brukte tvo objektiv, det nye vidvinkelobjektivet (10–20mm f/4–5.6) og mitt herlege Nikon 50mm f/1.8. Alle bileti som er supermørke er tekne med vidvinkelobjektive. Grunnen til at dei vert so mørke er av di objektivet ikkje er so ljossterkt (f/4), men mest av alt av di det var sabla mørkt for eit stakkars kamera der inne. Men 50 mm objektivet er jo ein helt utan like. Utruleg bra.

Eg elskar mitt nye Nikon D90. No vert det endeleg meir video frametter! Wey! :D

Mogleg relaterte innlegg

12 innspel til «Kjempeflott fødedag, fekk Nikon D90!»

  1. sa Sara 18:28

    Så gildt ^^ gratulerer med vel overstått! (Alle såg veldig pene ut på film, hehe) (men dei er jo det i røynda òg, då)

  2. sa Janne 19:01

    Leif Arne er alltid så søt på film :)

  3. sa Ola 19:36

    Gratulerer med vel overstått fødselsdag! Den filmen var jammen flott og triveleg, det fekk meg til å lengta veldig attende til SST-tida og alle dei kjekke folka.

  4. sa Janne-Kristin Svarstad Nygård 20:12

    Det er det eg alltid har sagt: Nynorskingar er best på fest. Eg gler meg allereie til innflyttingsfesten min i januar.

  5. sa Leif Arne 14:03

    Youlefest… elskar ortografien! Og eg tykkjer det var utruleg godt val av fyrehandsvisingsbilæte. :>

  6. sa Leif Arne 17:12

    No hev eg lasta ned HD-utgåva (trass idug motstand frå Firefox). Det ser ut som Totem vel gale format automatisk – superduperbreidt helder enn vanlegt breidt. Då vert vi alle veeeldig tjukke! Noko som hender i alle formata er at filmen sluttar lenge fyre fili gjer det.

  7. sa Odin 20:44

    Sara: Tusen takk :-)

    Leif Arne: Han fungerer i Totem her. :-)

    Kva meiner du med at han sluttar fyrr fili gjer det? At det vert svart? Det siste sekundet (elder 2) er skjermen svart medan musikken kuttast gradvis.

    PS: Skal du liksom vera datamann, og so nyttar du ikkje OpenID? Kom an, vert del av den hippe, kule gjengen! :D

  8. sa Víkþórr Veggiss Berurjóðr 21:34

    Eg frykta eit keisamt “filma berre for løygje”-klypp, med masse støy i bakgrunnen. :p Heldugvis er du betre enn som so.

    Kva er OpenID, og kvi er det so bra?

  9. sa Odin 13:37

    Víkþórr: Det er «filma berre for løygje». :-)

    OpenID gjer meg heilt sikker på at det er du som er du. Altso; når mi sida viser OpenID-symbolet ved deg so veit eg at du er eigar av medvitssvevn.wordpress.com. Det er utruleg enkelt for alle å skriva namn: Odin, epost: Den alle kann, nettsida: http://www.velmont.net og so lata som dei er meg. Ingen problem. Alle vil tru på det òg. Men med OpenID kann dei ikkje det, — for då må dei logga inn som meg på mi netsida, og det klarar dei jo ikkje.

    Dette kann òg brukast til å laga brukarar på andre netstader, — t.d. brukar eg OpenID-en min på “identica”:http://identi.ca/velmont heile tidi og andre plassar som “Stack Overflow”:http://stackoverflow.com. Det er utruleg hendig å hava kontroll på sin eigen identitet!

    So eg vil at alle skal bruka OpenID på sida mi (og elles). Difor hjalp eg Janne-Kristin få det upp på si sida, og no driv Egil med å fiksar det for seg sjølv.

    OpenID er verkeleg tingen! :D

  10. sa Skjalg 14:06

    OpenID er det noko for meg? Det var kjekkt å se film frå litt av livet i Oslo. Praktisk kamera dette – når du skal ut å reise. Tenkt på dei flotte reisebloggane du kan gjere framover. Eg synes det var eit framifrå verktøy dei ord og få bilete me fekk lagt ut då me reiste i Kina og Vietnam i 2004 – at alle våre vener kunne følge reisa vår.. No er bloggverda annsleis. Hilsen “senil” internettbrukar.

  11. sa Odin / Velmont 14:12

    Skjalg: Jadå, tenkte me kunne setja det upp på skjalg.no heime i jòli.

    Du lyt oppretta ein OpenID på http://myopenid.com – so kann me kopla den til netsida di etterpå.

  12. sa Året 2008 | Velmont - Odin Hørthe Omdal 00:41

    [...] Eg hadde fødedag og fekk eit kult objektiv og Nikon D90, i tillegg hadde me jolefest. [...]

Kom med innspel

Du kann nytta textile eller enkel xhtml (<strong> <em> <blockquote>). Innspelet kann verta heldt att for søppelsjekk, logg inn for å sleppa.