Til: studieinfo@math.uio.no
Emne: STK1000: «Ikkje møtt til eksamen»
Hei,
eg dreit grundig på leggen og skreiv upp 4. desember (wtf!?) for STK1000-eksamen i boki mi. Difor kom eg forståeleg nok ikkje på eksamen, men brukte tidi på å slita ned dei fyrste exphil-ordi som må inn i morgon. No må eg melda meg upp for 3. gong, men denne gongen kom eg iallfall til eksamen (det letter vel framtidige uppmeldingar). Eg sleit meg ikkje gjennom STK1000 for å sleppa 3 timar på slutten av året.
Soooooo, kva gjer eg utanum å riva ut håret eg ikkje hev og grina krokodilletåror eg er totalt feil art til å grina?
—
Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal
http://www.velmont.net
PS: Eg ser no at min «denne gongen kom eg iallfall til eksamen» kann mistolkast. Eg meiner sjølvsagt eg kom so langt som til eksamen, og ikkje melde meg av fyrr den tid.
Stakkars deg! :(
Eg fær inntrykk av at du ikkje gjeng so godt i lag med examenar.
Eg kann melda meg upp att til hausten.
Elder so kann eg prøva taka STK1005, veit ikkje heilt kva eg skal. Fær sjå. :)
Nå må du legge inn dei nye bloggane dine Odin!!!!!