Vann gratis opphald og inngang på Haugesund filmfestival 2009

Heilt uventa fekk eg billettar til filmfestivalen i Haugesund 2009. Eg svara berre på ein epost frå Filmkraft, so var eg med i trekningi.

Prisane var:

  1. Ei veka på hotellbåten «Sandnes» og gratis festivalpass på Haugesund filmfestival 2009
  2. 500 kr gåvekort platekompaniet
  3. 2 gratis kinobillettar på Cinemateket

2 gratis kinobillettar var rart, iom. at medlem i NFF fær sjå gratis film same kva…

Eg fekk nett eposten attende, men eg las han ikkje – arkiverte han med ein gong. Tenkte ikkje eg hadde vunne.

Eit par minutt seinare fær eg epost av pappa; «gratulerer med 1. premie!». Eg forstod fint lite og sa han hadde sendt meldingi feil. Men neidå, etter eg sjekka eposten so stod namnet mitt øvst «Odin Omdal Hørthe».

Sers koseleg. Då fær eg endeleg drege på filmfestivalen i Haugesund.

Mogleg relaterte innlegg

This entry was posted in Personleg and tagged , , . Bookmark the permalink.

2 Responses to Vann gratis opphald og inngang på Haugesund filmfestival 2009

  1. Skjalg says:

    Nå må du gjere noko filmarbeid – slik at du kjem inn i rett modus…

  2. Odin says:

    Skjalg: Det er planen med det “nye fotografiapparatet (Kjempeflott fødedag, fekk Nikon D90!)”:/2008/12/kjempeflott-fodedag-fekk-nikon-d90/! :D

    Forresten skuffande få gratulasjonar! :(

    Melde meg nett på LLB 09 (Ljod, ljos, bilete 2009), ei lukka messa for proffe brukarar av ljod, ljos og bilete. :P So kann hengja der litt i februar.

Leave a Reply

Your email address will not be published.

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>