Årsarkiv: 2009

Få innspel (kommentarar) for tidi

Eg hev endeleg fengje upp det herlege arkivet mitt att, men hackane mine som segjer kor mange innspel kvart innlegg hev fann eg ikkje. Eg fær gjera det um att for tredje gong.

Same kva, noko eg hev lagt godt merke til er kor få innspel eg fær på innleggi mine. I gamle dagar fekk eg frå 2 (det var ein verkeleg dårleg dag) til 5-6-7. Glatt. I desse dagar, ikkje so mykje.

Men det hev vel stor samanheng med at Egil er so uppteken med familielivet (ikkje noko yverrasking der) og dei andre som ein gong i gamle dagar skreiv innspel hev jo totalt forsvunne (Nader, Tor Eirik (Inzi) og so bortetter). Fær jo stundom gode innspel frå kjekke folk slik at eg ser dei fylgjer med, men det er ingen som tek på seg «eg kjem med innspel på alle innleggi same kor lite eg eigentleg hev å segja».

Det er masse plass på sida mi, og sjølv um eg ikkje hev henta att alle innspeli på alle innleggi mine eg mista so hev eg dei og skal henta dei inn att. Eg er berre so leid av å setja upp netsida mi på ny heile tidi, det er so mykje kjekkare å skriva nye ting enn å fiksa i alt det gamle.

Menmen. No er det leggings, og i morgon er det nyttår, igjen(!).

På Fjøløy for å taka bilete

Eg og Espen var nett ute på Fjøløy, rett ved Utstein Kloster. Eg trong taka eit par bilete til ei netside eg skal laga for utleiging av fjoset der (til festar og liknande).

Fekk litt liten tid til slutten, so bileti uppe vart diverre litt uskarpe, eg sjekka ikkje skikkeleg. Dessutan tok eg noko video nede, det hadde eg òg tenkt å gjera uppe, men fekk ikkje tid.

Nede

Nede er det 4 bord, ein bar, tvo toalett og tvo «ekstra rom» utan noko i (det eine skal få eit biljardbord).

Oppe

Oppe finn du sjølve hovudrommet, med masse plass. På kvar kant er ei slags opphøgd «scene» for underhaldning og anna vil eg tru :-)

Ute

Tok nokre kjappe bilete på veg ut, her er eitt:

Vert interessant å sjå kva eg klarar å få ut av det.

Jol i år òg

I år var me hjå Siv, Rita og Åsne. Det vart sers koseleg, me hev ikkje hatt jolaftan med den delen av familien fyrr. Dei som var der;

  • Unni Elisabeth (mamma)
  • Skjalg (pappa)
  • Falke (veslebror)
  • Kitty Karina (veslesyster)
  • Siv (tante)
  • Rita (kusine)
  • Åsne (kusine)
  • Gry (tante)
  • Steinar (fetter)
  • Merte (ven av familien)
  • Odin (ja, det burde du vita)

Der bursdagar plar vera skuffande, elder i det minste ikkje ulik einkvar annan dag, yverraskar joli kvart år med å vera koseleg. I år var absolutt inga avvik. Eg fekk ikkje stort mange gåver og var godt nøgd med det. Dei eg fekk var òg av det nyttige og/elder koselege slaget.

Eg vil nemna tri ting eg sette spesielt god pris på:

  • Heimehekla slips frå Janne-Kristin. Det er drittøft (gjekk med det heile kvelden sjølvsagt), det hev kosta noko (alle hev pengar, tid og litt omtanke finst mindre av) og det er originalt.

  • Wii Sports Resort frå Helene. Eg ynskja meg dette men kom ikkje på det fyrr eit par dagar fyrr jol.. eg sa til Falke eg ynskja meg det, men han kaupte det ikkje av di Helene allereide hadde gjort det ein månad fyrr. Ho sa nemleg frå um det slik at andre ikkje skulle kaupa det. Hekkan for ei herleg jenta altso! ;)

  • Skisokkar frå Siv. Dette er ikkje noko å kimsa av, utruleg gode med mjuk støtte der det gjer vondt frå skistøvlar, varme som få (ekte ull) og sist og langt frå minst; same kor stressande dagen er: ingen lukt same kva. Herlege greidor!

Og det var jolaftan… :)

Premiere med Kitty Karina

Kitty Karina, Ylva og eg var på premiere i dag. Rett fyrr Kitty Karina drog til Spania, var ho med i ein kortfilm og i dag var premieren på KinoKino i Sandnes.

Ylva er altso ei veninna av Kitty Karina, KK er veslesyster mi.

Eg ville ikkje bli med i starten, av di eg trudde eg måtte vera med i limoen, heldigvis var det ikkje slik, eg måtte køyra sjølv og då vart alt OK med ein gong.

Diverre var det ikkje plass til Ylva i Limoen (småjentor liker jo slikt ;) ), so me stakk på L45 elder L54 (heitte «Okkupanten» fyrr), den billege kommune-finansierte ungdomskaféen i Sandnes. Det er ein utruleg herleg plass der alt dei sel er kjempebilleg. Raude Kors hev ein lik plass i Oslo, men eg gløymde han heilt og gjekk der berre ein gong ( :-( ).

Eg hadde teke på meg dressen (ekte dress, ikkje jærbunaden min) for høvet, og hadde sjølvsagt ikkje flytta kortet mitt frå dei gamle buksene. So me vart då sitjande der utan å kaupa noko, og eg som hadde so godt lyst. Etter eg og Ylva hadde sitte og prata ei stund vart me spurd um me ville ha gløgg. Supre greidor! Gratis gløgg, men ikkje berre det; me fekk klementiner og eit fat med forskjelleg twist, kjeks og kaker. Eg hev no aldri lurt på kvifor den ungdomskaféen er plassen å vera :-)

Kitty Karina kom i Limousinen, eg tok bilete av ho, me gjekk inn, mingla, eg traff Robert Vawter (som eg og Kitty Karina hev truffe fyrr i 2005, då me var med i ein film for han (eg mista KK den dagen)). Helene Stenhaug skulle òg koma, men ho kom sjølvsagt alt for seint ;-)

Me såg filmen og hang på plassen i lengre tid. Fyrr me drog heim att, og eg tok ein kopp varm sjokolade på sjokoladepiken med min fetter Buster.

Avspeling av NRK Nett-TV i nyaste Ubuntu (den enkle metoden)

For Ubuntu 10.04 og nyare

Testa på Ubuntu 10.04, 10.10, 11.04 (Natty Narwal) og 11.10 (Oneric Ocelot)

  1. Klikk her på ubuntu-restricted-extras og vel «installer» i Ubuntu Software Center

Dersom du ikkje vil ha alle ekstragreine du får med denne metoden, so les denne kommentaren

Kannhenda er du interessert i korleis lasta ned (eller lagra) video frå NRK Nett-TV òg?


For Ubuntu 9.10

Eg var litt flaut aktiv i kommentarfeltet til NRK Beta då dei skreiv «korleis få NRK Nettv til å fungera på Mac», sjølvsagt for å forklara korleis folk kan få gjort det same 1 i Ubuntu Linux 9.10 (eg har ikkje testa andre distroar).

Kommentaren min der eg forklarte kor enkelt det var, vart fort gamal. Den ganske so nye Moonlight 2.0 fungerer nemleg ikkje, berre den gamle 1.0.1-versjonen. NRK Beta skreiv ein ny artikkel basert på kommentaren min, men den viste seg diverre å vera av kortvarig verdi: no endra Mono-prosjektet nedlastingssida si frå 1.0.1 til 2.0.

Difor fungerer berre den enkle Ubuntu-varianten av kommentaren min no. Veldig flaut for meg sjølvsagt; å segja «hei, dette fungerer!», få det publisert på den beste bloggen 2 i Noreg og so fungerer det ikkje likevel.

So her hev eg ei enkel metode 3 som fungerer 4, ulempen er at du ha Ubuntu 9.10 5 for at han skal fungera.

Korleis sjå NRK nettv i Ubuntu

  1. Klikk her for å installera moonlight-mozilla-plugin

  2. Trykk på «innstillinger» øvst i høgre hjørne på NRK Nett-TV

  3. Vel «Silverlight»

  4. Moonlight vil spørja deg om du vil lasta ned ein kodek-pakke frå Microsoft, diverre må du seia «ja»

  5. Set deg tilbake i stolen og nyt NRK Nett-TV

Denne artikkelen er altso basert på NRK Beta sin 6, og er fylgjeleg lisensiert under Creative Commons lisensen «Navngivelse-Del på samme vilkår 3.0 Norge».

Oppdatert: Moonlight-metoden er veldig dårleg, heldigvis er det enkelt i nyare Ubuntu Linux

  1. Grunnen til at eg var so interessert i dette er av di Janne-Kristin klaga på at nettv plutseleg slutta å fungera, eg fekk meg aldri til å fiksa det – og difor fann ho ut av det sjølv; å byta til Moonlight var løysingi hennar. Etter det hev eg fortalt dei gode nyhendi til båe pappa og Marielle (frå jobben), sidan dei òg hadde klaga ein heil del av di NRK sin nettv ikkje fungerte i Ubuntu. Dessutan er det sikkert moro å kunna sjå NRK nettv for brukarane av dei 10 Ubuntu Linux-maskinane på jobben. []
  2. Åvel, NRK Beta seier dei ikkje er ein blogg, so den beste sandkassa for teknologi og nye medier då, som om det liksom finst fleire enn ein ;-) []
  3. Eg tykkjer ikkje det er den beste, av di du må lasta ned kodekar frå Microsoft, pluss at du bruker teknologien dei har laga for å i framtida kunna låsa enno fleire folk inn til Microsoft. Den beste metoden finn du i ein kommentar frå Aksel Hovdar []
  4. eg skreiv òg om han i kommentaren, men NRK Beta tillet ikkje apt-urlar i kommentarfeltet []
  5. Ubuntu 9.10 heiter Karmic Koala []
  6. Som ein slags skadereperasjon []

Windowskræsj i fotoautomat

image

Eg ser slike so ofte, hoho. Med fancy mobiltelefon kjem uante mogleikar for å rapportera um slike ting.

Greitt nok, det er ikkje eit ekte kræsj, men det viser kor dårleg virtuell ram-handteringi til windows er. Og dessutan råflaut for dei som driv automaten. Dessutan, godt gjort å ha for lite ram i noko slikt som berre hev EIN funksjon.. hah, nei, eg ler.

Pluss, korleis i alle dagar fær du vekk meldingi dersom du ynskjer å taka bilete?

Tidleg uppe i dag

Eg hadde ein avtale med jarle i dag kl 8 på jernbanestasjonen, det fekk visst ikkje NSB med seg sidan dei fann det for godt å vera 2 timar forseinka. :)

Toget skal koma 9.20 no.

Framleis flott ver i Stavanger, kann godt forstå kvifor nattoget frå Oslo hadde problem når me hev so mykje snjo i denne snjofattige delen av landet. Kann berre undrast yver kor ekstreme mengder det kannhenda er annanstads då!

uppdatert: tja, utsett til 9.37 no. Snork

I Stavanger til jol

I går kveld kom eg til Stavanger med toget (yay, miljøvenleg). Eg gjekk heim til Scancheholen og vart køyrd ned til Stavanger Brygge av veslebror Falke. Her skal eg bu saman med mamma og pappa.

Stavanger Brygge

Ein bustad utan ei datamaskin er ein trist bustad 1. So eg drog med meg Fjell, maskina eg kaupte for konfirmasjonspengane. Denne maskini er i frå 2001. Altso skitgamal. Eg installerte nyaste Ubuntu på han, men han ville ikkje starta, for harddisken i denne maskini gjekk no til h*. So eg køyrer Ubuntu direkte frå ein CD no, gjeng ikkje særleg fort og eg mister alt når eg slår av maskini – men slik er no livet.

I dag sende eg jolegåve til Helene. Eg mangla 3 kr (kosta 160 å senda ein pakke til Voss!), men dei betalte mannen bak meg i køen. Ein time seinare fekk eg ein telefon um at eg hadde mista korthaldaren min på parkeringsplassen rett utfor. Ugh.

Det leid mot kveld, og eg vart ganske rastlaus av å ikkje ha prata/hengd med nokon, so eg jogga/gjekk til Scancheholen att. Det gjekk mykje snøggare enn eg hadde trudd. Google sa det ville taka meg rett yver ein time, men det tok ikkje meir enn 30-40 minutt.

Sekken min med påteipa sykelljos, Acona sin harddisk og jolemus

Eg hev fengje tvo uppgåver av mamma og pappa; kaupa inn frukost og pynta til jol. Det siste er ganske fryktinngytande, men eg måtte no prøva på eit vis. Difor hadde eg med meg ein tom sekk upp, eg fann ymse joleting på loftet og stappa so mykje eg klarte ned i sekken. Eg må innrømma at det ikkje vart stort mykje.

Menmen, eg høyrer dei kjem med ein del spansk joledekorasjon, so det vert vel ei herleg hybridløysing då. So fær me sjå um eg klarar å få det upp på ein måte som ikkje ser superstygg ut. Eg kjenner sterk tvil.

  1. vel, eg er ikkje so sikker. Langt i frå, eg kunne hatt godt av å koma meg vekk frå pcen, men iom. at eg er heilt åleina hev eg ikkje stort mykje anna å gjera på lell (her lurer eg òg meg sjølv, eg kunne gjort masse anna) []

Togbillett til Stavanger (eg flytter frå Oslo(!))

Oi. Eg skreiv tittelen på dette innlegget, og so gjekk det brått upp for meg; det toget eg tek er den endelege avsluttinga på at eg er busett/bufast i Oslo! Iallfall for denne gong, veit jo aldri kva som skjer i framtidi.

Det er ganske rart å tenkja på, no hev eg levd i Oslo sers lengje. Eg skreiv eit innlegg um at eg hadde flytta til Oslo 21. august 2006. So eg hev budd her i 3½ år.

Jobb

Og no kaupte eg altso billett heim til jol, og eg kjem ikkje attende til Oslo. Eg sluttar òg i jobben min i Nei til EU, det er òg trist, ettersom eg hev vorte meir og meir glad i han etter tidi. Eg liker folki på kontoret, og eg fær gjera nye ting støtt som det er (sjølv um det er ein del administrasjon òg sjølvsagt).

Universitas.no-utviklingsjobben held eg på, og eg hev ikkje fengje nokre signal um at eg vert kasta ut der. Sjølv um løni er ekstremt flau so liker eg arbeidet veldig godt, og det vert på ein måte som eit hobbyprosjekt. Skulle ynskja eg kunne setja av meir tid til det då, men eg må jo nesten prioritera ting eg fær skikkeleg betalt for. Det er litt ljuging, forresten, for mykje av tidi mi gjeng jo med til å surfa på internettet og sitja inne og sutra. So lengje eg ikkje heng med Helene då, – dei dagane vert som oftast meir morosame, av di eg må nesten gjera noko anna enn å sitja inne då.

Flytter til Bergen

So, eg flytter altso til Bergen. Det alle spyrr meg um er «kva skal du gjera i Bergen?». Det er jo eit høgst relevant spursmål, som eg ikkje hev noko veldig godt svar på.

Eg treng pause. Kjenner eg. Elder. Eigentleg ikkje, eg treng det motsette av pause, eg treng noko nytt. Eg hev lyst å gjera noko anna enn det eg hev gjort her i Oslo i det siste, som kann uppsummerast til «ingenting». Sjølv um det ikkje eigentleg er ingenting, so er det ikkje noko av verdi. Det er vel som oftast å sitja å lesa nyhende, læra meg litt um datt, lesa meg upp på litt um ditt. I mellom alt dette «ingenting» hev eg hatt eit par strålande dagar (víker) med Helene, båe i London og Spania – og fleire andre plassar eg ikkje hev fengje skrive um. Dessutan hev eg sjølvsagt jobba for Nei til EU, og det hev vore moro uppi alt dette – iallfall når det er litt fysisk arbeid som er lett å skilja frå det eg gjer resten av døgnet (som, ok, i staden for å kalla det «ingenting» kann eg segja det som det er; «sitja på datamaskini»).

Miste av maskin

Ein annan interessant ting. Dei PC-ane eg brukar til dagleg er ikkje mine, dei er Nei til EU sine. No når eg dreg til Bergen (og Stavanger, fyrst) so hev eg ikkje eigi maskin lengre. Eg må skaffa meg ny, eventuelt dra med meg ei gamal ei.

Kva skal eg «gjera i Bergen» då?

Eg plar segja «ingenting». Eg skal ikkje studera, eg hev vorte leid. Eg skal ikkje jobba fast, iallfall ikkje i byrjingi. Eg skal berre prøva å hava det moro. Eg veit jo kor lite det vil halda seg, so eg må jo fort finna noko å gjera.

Ein draum hadde jo vore um eg kunne teke upp firmaet mitt att og gjort ein heil del fleire vevsideutviklings-, programmerings-, videoredigerings- og videofilmingsuppdrag.

Dessutan hadde det vore moro å skaffa meg ein litt meir fysisk jobb. No fekk eg smaken på det i Nei til EU heilt i slutten, der eg drog ned til kontoret for å arbeida der av di datamaskini mi vart øydelagd. Det var faktisk veldig moro å koma seg ut kvar dag. Det veit eg jo, men når eg måtte so vart det so enkelt å gjera det og eg fekk kome meg ut meir.

Ei anna stor fyremon med Bergen er at Espen, bestekameraten min, bur der. Eg vitja han då eg var i Bergen for litt sidan.

Pakking

Å flytta er aldri moro. Det er faktisk motsett, det er eit helvettes stress som eg godt kunne vore utan. Menmen. Eg må vel kannhenda rydda rommet mitt og vaska i morgon då? UGH.

Ja, eg trur ingen vart stort klokare av dette, men same kva; eg kjenner at eg gler/gruar meg til å flytta. Eg vonar eg vil trivast i Bergen, hovudpersonen som kann gjera noko med det er jo sjølvsagt meg sjølv.

Dessutan er jo Helene med meg, so det vert truleg bra same kva. :-)