Du fær truleg aldri eit brev av meg

Ein gong i tidi hadde eg ein netkjærast, ho sende meg ekte brev med bilete lukt. Ein dag slo ho upp og eg fekk ei ny ei. Eg hev òg hatt ei brevveninna, det ende med at ho sende det tredje brevet og eg hev til dags dato endå ikkje svara. Eg er totalt elendig til å fylgja upp brev.

Å skriva og senda eit brev i posten er ikkje vandskeleg eigentleg, det er berre nett vandskeleg nok til at eg aldri gjer det. Mange gode intensjonar til tross; det skjer ikkje.

Netkjærast rekna eg aldri som kjærast. Hev vel aldri fortald um dei fyrr. Då eg i 2005 sa at eg aldri hadde hatt ein kjærast nemnde eg ikkje at netkjærastar var uekte ein gong.

No er det slik at eg aldri kjem til å hava ei netkjærast att, av di eg hev min perfekte ekte-kjærast, Helene, allereide. Brevvener og andre ting som krevjer postlagde brev kjem eg sikkert til å møta igjen, so difor er problemet stadig noko å tenkja på.

Netkjærast i AW (Active Worlds)

Scywalker88 var kallenamnet mitt i dei dagar (elder hadde eg vorte del av Master-klanen og heitte MasterScy88?). Eg hang upp eit bilete av meg sjølv i den virtuelle verdi (det som er vist):

netkjærast1: Så søt!
Scywalker88: rødme
Scywalker88: flørte, flørte
netkjærast1: flørte mer

Ho la upp bilete av seg sjølv. (det er ikkje det som er vist her)

Scywalker88: Søt du også
netkjærast1: skal vi være nettkjærester?

Alt dette er sjølvsagt ekstremt fritt frå minnet. Det kann henda at det finst loggar, men dei er i so fall på ein eldgamal harddisk.

Det var masse flauskap og rauming og so var me netkjærastar.

Etter litt fekk eg eit brev i posten med allslag. Eg prata med netkjærasten min kvar dag, eg skreiv tilogmed eit brev attende. Det stoppa der alle mine brev plar stoppa:

  1. Finna konvolutt
  2. Finna frimerke
  3. Finna postboks og gå dit

Ja, det ser ganske tragisk ut, og det er det òg.

Det gjekk ikkje stort betre med den andre. Etter det hev ikkje andre spurd, og no er det toget gått for lengje sidan. ;-)

Finland, brevveninna, elder ikkje

I 9. klasse var eg i Finland. Siste dagen fyrr me skulle dra, manna tvo 8.-klassejentor seg til å spyrja um eg og Erlend ville vera brevvener med dei. Dei ville hava internasjonal kjennskap tydelegvis. JaOK til det. Dei fekk adressor og me fekk deira. So vart dei kjempenøgde og hoppa glade avgarde.

Ei stund etter fekk eg fyrste brevet. Med bilete. Ho spurde um eit bilete att. Eg byrja på eit svar, men eg sleit mest med faktum at eg ville skriva for hand (viss ikkje er det jo ingen vits å senda post-brev!). Dette tok lang tid. Det skjedde aldri.

Ein månad seinare fekk eg eit nytt brev. «Kvifor svarar du ikkje» osb. Eg skreiv faktisk litt på papir, men so var det middag og so gløymde eg heile greia.

Eit halvt år seinare fekk eg endå eit brev. Det var ganske flaut. Og eg kjende meg bra mongoteit og dum då. Er jo heilt sant, eg tenkjer framleis på dette her 8 år seinare. Eg fekk aldri svart.

Med jamne mellomrom (1-2 gongar i året) tenkjer eg at eg lyt skriva att, fortelja kvifor eg aldri svara. Orsaka ekstremt for det. Men so gløymer eg det, elder so skjer det ikkje. No hev eg jo vitterleg korkje adressa elder nokon av brevi att helder. Hugsar eg gjekk med det eine brevet i lomma ein heil månad av di eg tenkte eg skulle svara.

Nei, elendige greidor!

Post er superfint, handskrive er herleg

Eg er ikkje mot post på nokon som helst måte. Utanum at det kostar masse-masse (spesielt for stakkars NMU). Ja og so dette med at sender du eit brev frå eitt postnummer til eit anna i Stavanger so skjer dette:

  1. Brevet teki frå postnummer 4019
  2. Brevet vert send Stavanger-Oslo
  3. Brevi vert sorterte i Oslo
  4. Brevet vert send Oslo-Stavanger
  5. Brevet levert til postnummer 4020

Då er det lurare for meg å gå dei 15 minutti å levera brevet sjølv. Aldri at det kjem til å skje.

Dei vandskelege brevi

Men, altso. Eg elskar å få post, handskrive er superherleg, koseleg. Men det er ikkje so alt for lett å faktisk bruka det for ein som hev vakse upp med datamaskiner, epost og internett.

7 tankar om “Du fær truleg aldri eit brev av meg

  1. Simon Skribent

    Haha, uff, eg kjenner meg litt flaut att. Har eit par ti år gamle brev sjølv som eg enno ikkje har svara på…

  2. Klaus Skribent

    Haha :) Eg kjenner meg litt att i brevproblematikken du reiser her. Hugsar det var eit mareritt å setje seg ned å skrive brev, og ikkje minst få sendt det…så det blei jo til at eg aldri gjorde det. Eg har bare hatt ein brevvenn, eller, brevvenninne blir det vel, men ho har eg faktisk møtt i ettertid!

  3. Sara Skribent

    Eg har hatt den same brevveninna i 7 år no! Og eg møtte henne i fjor sommar :) brev er kjærleik.

  4. hjartesmil Skribent

    det går fint an å gjera det eller laga ein såkalla action, som du seier, men det er så mykje kjekkare å berre bruka pengar. :D

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.