Looking really crap

Det er herleg å sjå at MS Comic Sans vert mindre brukt her på BI der eg og Helene (og Klaus, sjølvsagt, som er sjef for heile Marknadsføringsdagen) hev sitte heile dagen. Hev sett mykje bra, mange gode presentasjonar frå flinke folk. Men den forferdelege skrifttypen som gjer at eg mister all respekt for bodskapen lurte seg fram frå marknadsføringssjefen for Lilleborg (visstnok dei som reklamerer mest i Noreg).

Ganske ironisk står det «looking really good» og handlar um utsjånad, men skrifttypen gjeng direkte mot alt som står.

Looking really crap med ms comic sans

Det verste er sjølvsagt at sers mange av forelesarane på IFI (Informatikk på UiO) brukar skrifttypen som gjer det vandskeleg å fokusera på innhald og ikkje bli sint på folk si medvitsløyse. Rart at folk brukar han og visstnok synast han er fin. Eg trur dei berre lurer seg sjølv.

8 tankar om “Looking really crap

  1. Egil Skribent

    Misbruket på Ifi er latterleg omfattande. Ikkje berre nyttar dei den på vanleg tekst, men nokon nyttar den faktisk på kode, som burde vera monospace. Diverre blir koden difor ekstra uleselig :/

  2. Ida

    comic sans verkar iallefall ikkje særskilt seriøs! eg trur alle ark frå norsklæraren vår på vidaregåande var skrive i den skrifttypen. eg reagerte på det allereie då trur eg. tykte det skreik barnebursdagsinvitasjon.

  3. Víkþórr Veggiss Berurjóðr

    Eg hev aldri heilt skyna kva du hev i mot visse skrifttypar. Det er då berre bokstavar? Sjølv hev eg berre noko i mot alle som ikkje kann syna ǫ, æ, ø, å, þ, og ð.

  4. André

    Ja, fy fan. Eg har ein bås, og i den held eg MS Comic Sans, WordArt og dei strekmennene frå Word (med ljospære, gullmedalje, dollarteikn osb.) Båsen heiter latterleg. Og diverre vert han meir og meir full for kvar veke som går. Eg spyr. I språkvitskapen kallar ein det fossilisering når språklæringa ser ut til å ha stogga. Eg trur det same har skjedd med ein del av dei som opplevde, og tok til seg, den datateknologiske revolusjonen av kvardagen for 10-20 år sidan. Dei er vorte fossiliserte på eit 1990-talstadium.

  5. Eirik

    1) Er du samd eller usamd i at det ville ha vore fullt ut etisk forsvarleg å avretta slike som nyttar denne skrifttypen, naturlegvis berre etter ein rettvis rettargang?

    2) Kvar kjem eigentleg namnet «Velmont» frå?

  6. Egil

    Bah, kvifor måtte du skriva dette innlegget? No ser eg comic sans overalt når eg tidligare berre fortrengte ho. /%¤#»¤%#&%¤»##

  7. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Egil: Ikkje lett å vera oss :-/

    Eirik:

    1. Nei, – men å hacka maskinone deira og sletta skrifttypen burde vera ein høveleg reaksjon. Det fikser diverre ikkje problemet med at dei totalt manglar smak, då.
    2. CS-dagane mine. «Odin» var teke på geekboys.com (seinare sogamed.com), so eg idémyldra meg fram til eg fann eit namn som ikkje var teke. Eg liker godt korleis «Velmont» høyrast ut, so eg prøvde det – vops so var det ledig! Var ein annan fyr som kalla seg Belmont, so eg trur det var ein mutasjon av det nicket der…

    Ida: Haha, ja :-)

    André: Haha, ja, til deg òg. :-)

    Víkþórr: Skrifttypar er ikkje berre skrifttypar, det fylgjer med meining og «innhald» med kva for ein du veljer. Forskjellege skrifttypar segjer forskjellege ting. Dessutan er det slik at um eg vil lesa noko, so må skrifttypen gjera det enkelt å lesa. Det er ikkje lett. Typografi er ikkje for småungar og folk utan peiling på kva som er fint/stygt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.