Velmont – Odin Hørthe Omdal

2009-01-12 10.15

På veg til Tyskland

Me sit på Rygge flyplass, Moss no og ventar på flyget. Helene skaffar seg parfyme og eg hostar på alle kjemikaliane. Dei luktar no godt på avstand, og dessutan luktar dei godt på Helene – so det er OK.

Dei eg dreg med er; Helene, Klaus, Janne-Kristin, Ida og Synnøve.

Det er utruleg deilig at Klaus hev med kamera, – so eg hev ladar. I tillegg må eg ikkje taka bilete heile tidi um det skal verta bilete. Av ein elder annan grunn hev eg fengje det inn i hovudet at eg ikkje må taka so mykje bilete. Det hev noko med at eg hev merkelappa og kategorisert fleire tusen bilete i det siste, og det hev teke time-på-time-på-time. Litt leid av det.

Eg sit forresten ikkje åleine og nerder på flyplassen, var ikkje eg som starta ein gong, det var ho her:

Mohoawahaw. Ho ser ikkje serleg vaken ut akkurat. Helder ikkje særleg vakker, som JK trudde eg skreiv.

Mogleg relaterte innlegg

6 innspel til «På veg til Tyskland»

  1. sa skjalg 13:54

    Kva i all verda skal du gjere i Tyskland? Er det Berlin du skal vitje? Synes du sa noko om det i jula. Helsing frå Skjalg frå den finaste feriebustaden eg veit om. Den er i Kviteseid.

  2. sa Isabel 23:49

    Eg syns ho er vakker. ;P dessutan passar ho på ida. Håpar de har det nett høveleg!

  3. sa Odin / Velmont 02:59

    Skjalg: Kosetur, Berlin. :-)

    Isabel: Hehe, ho er vakker normalt ja, berre ikkje nett på dette biletet. Det er berre vakre jentor på denne turen. Det er sers høveleg. Me kom nett heim frå ein kveld på restaurant/bar. Koseleg.

  4. sa hjartesmil 20:48

    ODIN! DU MÅ STRAKS INFORMERE JANNE OM AT HO ER I HAPPY HIPPOS-LAND OG AT HO HAR SÅRT TRENGANDE VENER HEIME I NOREG SOM TRENG HAZELNUT HAPPY HIPPOS. ALVORLEG.

  5. sa Janne 13:32

    EY! Eg nerdar meg ikkje, eg les e-post. Det ser du vel.

  6. sa Odin / Velmont 13:34

    hjartesmil: Eg informerte ho altso, berre so du veit det ;-)

    Janne-Kristin: Å, jo, du nerdar deg som aldri fyrr. Me må forresten fiksa sida di til å peika på OpenID-en din att. Pluss at me må fiksa den nye, kule netadressa di. :)

Kom med innspel

Du kann nytta textile eller enkel xhtml (<strong> <em> <blockquote>). Innspelet kann verta heldt att for søppelsjekk, logg inn for å sleppa.