Velmont – Odin Hørthe Omdal

2009-01-31 01.09

Spray ned ein rulletrapp nær deg

Det er ikkje sjeldan eg hev dårleg tid. Då gjeng eg fort. Det er heller ikkje sjeldan eg gjeng fort til dagleg (elder som eg likar kalla det «normal fart»).

Folk er ålment sett supertreige. Dei gjeng totalt utan mål og meining, og hev ikkje ei tanka i verdi for at det kann vera andre som ikkje likar at dei tek heile fortauget, elder verst av alt rulletrappa, når eg skal forbi.

Kva gjer folk i rulletrappa? Dei STÅR FAENMEG STILLE. Eh. Ei rulletrapp er ikkje laga for at du skal verta endå treigare ditt slimete fossil av ei utdøydd snegla!

Desse supermongisane klarar ikkje lesa dei små fine lappane som sporvegane hev laga; «Vennligst stå på høyre side» elder kva det no enn er. Grenselaust irriterande. I dag brukte eg irritasjonen på å tenkja korleis lappane kunne vorte betre. Det beste hadde sjølvsagt vore at treige folk berre kunne sitte heime, men då hadde det ikkje vore mykje folk i byen. So eg kom eg på ein upplagt idè som e ikkje forstår at folk hev sett i gang allereide;

Kva med å laga tvo soner i rulletrappa? Ei raud og ei blå, tagga ned med høveleg tekst som sjølv oldemor kann forstå då ho dreg på handletur i byen og er irriterande på alle område inkludert rulletrapproblemet. Men når ho ser ei blå sona held ho seg vonleg vekk grunna den høvelege påskriften. Eg laga ei teikning:

Det morosame her er at all den ungdommen som gjeng rundt og skriv meiningslause ting yveralt endeleg kann få noko fornuftig å gjera. Det vil truleg appelera av di det er like ulovleg, men fleire folk vil sjå det (alle yverser tagging no, det er so normalt). Hugs berre å skriv dei høvelege meldingane i dei forskjellege sonane mellum underskriftene slik at tante treig fær det med seg.

Mogleg relaterte innlegg

9 innspel til «Spray ned ein rulletrapp nær deg»

  1. sa Víkþórr Veggiss Berurjóðr 19:43

    Hahahahaha! So utrulegt løygje å lesa! Det bilætet er au herlegt! Det er løygje når du er sint og skriv. :)

  2. sa Simon 19:43

    Har aldri sett ei rulletrapp som er brei nok til to personar, så denne problemstillinga er framand for meg…

  3. sa Egil 19:45

    Er særs irriterande med folk som går tregt ja. Derimot er det ikkje berre i rulletrapper dette er eit problem. Det mest keisame er fleire folk som går tregt samla på tvers og blokkerer heile vegen. til døme bestemødrene på http://hydrophoby.net/2006/folkegrupper-som-burde-henrettes-med-nakkeskudd/

  4. sa Monique 19:47

    Du e søt når du e irretert.

  5. sa Nader 19:47

    hahahahah konge! :D

    Et bra eksempel der det funke e London. På the tube så står d isje någe skilt, d e bare ein selvfølge at ein side e for folk som vil FORBI og andre siden e for folk som står.

  6. sa Egil 19:47

    Dei har nok ganske mange skilt i London Nader. Berre se http://writing.estinhorto.com/images/20080329_tube_escalator_1024×0685.jpg . Det fungerer ekstremt bra òg. Får lyst til å dra dit berre for å køyra tube :)

  7. sa Skjalg 19:49

    God ide … Eg vert og irritera når folk står og stenger i rulletrappa. Dei er laga for å gå i! Her i Noreg er me så late og lite rørlege at me vert feitare og feitare! Fedme er snart folkesykdom nummer ein! Ja det er gått så langt at det ikkje lenger er mogeleg å passera andre i rullertrappa!

  8. sa Nader 19:49

    Egil – ah… vel, eg tror det e gjerna det som må te her og. STORE SKILT. I Londong tørr eg sei det hadde fungert uten skilt. I stavanger e rulltrappene for smale te någe sånt då. Det e akkorat nok bredde te at ein person kan STÅ og blokkera veien for folk med dårlig tid ^^

    PS: men at me har dårlig tid burde jo isje forekomma te å begynne me!

  9. sa Isabel 19:49

    eg elskar slike dressar!

Kom med innspel

Du kann nytta textile eller enkel xhtml (<strong> <em> <blockquote>). Innspelet kann verta heldt att for søppelsjekk, logg inn for å sleppa.