Eg og Falke og rumpebrett i snjoen

Sidan eg framleis ikkje hev fengje kaupt dress (dei stengjer so tidleg og hev ikkje ope i helgene), hev eg framleis ikkje fengje leika skikkeleg i snjoen. Sidan eg hev veslebror Falke på vitjing, so tok eg meg ein tur ned i sentrum. Eg kom på at eg hadde lyst på akebrett, eg fann ikkje eit kult nok akebrett – men eg fann rumpebrett.

So eg kaupte eitt til meg (svart) og eitt til Helene.

So testa eg og Falke rumpebretti på Sagene;

Filmen kann lastast ned direkte frå archive.org (er akkurat den eg hev lagt til her òg då, brukar h264 – so skulle fungera for dei fleste). Musikken er fri, so lengje eg skriv at det er Tryad som hev laga han.

Me vart godt våte på rygg og bukser. Eg hadde so masse snø i ryggen då eg kom inn at det vart ein litt vel stor dam på golvet. Vops. Falke fraus som i gode gamle dagar då me sprang ute i snjoen med alt for lite klede på.

Det var hyggeleg.

3 tankar om “Eg og Falke og rumpebrett i snjoen

  1. Skjalg Skribent

    Åh så kjekkt dykk har det. Morosamt å sjå film på sia di. Herleg med snø og vinter. Me hev litt her i Stavanger og – men gler meg til leik i masse snø i Kviteseid te vinterferien.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.