Eg vil ha dress!

Eg ringde nett Wenaas og fekk høyra at dei faktisk hadde utsal i Oslo. Det er jækla kaldt her i Oslo. Det er òg kjekt å gå ute elder å kunna leika i snjoen utan å tenkja so mykje yver at det kann båe verta vått og kaldt. Difor er dress/varmedress/kjeledress/jærbunad tingen.

Hadde eg hatt ein varmedress, so hadde eg brukt han oftare. Eg pla «stjela» mamma sin då eg budde i Stavanger, men her hev eg ikkje mi eiga. Eg ville hava ein her i Oslo.

So eg leitte fram på internett, fyrst på QXL, so på finn.no og til slutt fann eg felleskjøpet sine netsidor. Der fann eg det eg leitte etter! Herlege varmedressar! Eg vart godt yverraska då eg såg prislappen; under femhundrelappen!

Det viser seg at felleskjøpet ikkje hev butikkar i Oslo! So eg måtte ut av byen um eg skulle kaupa dress hjå dei. Det held ikkje. So etter eit par dagar foreslo Erik (som eg bur saman med på Lilleborg) at eg kunne ringja Wenaas. Han er i frå Hedmark (og pratar slikt herleg målføre), so han kann litt um varmedressar og Wenaas.

Eg fekk nett svar, og langt aust i Oslo, nær Risløkka T-bane, finst eit Wenaas butikk-utsal. Der skal eg i morgon! :D

Bilete av meg i ny dress fylgjer dei neste dagane…

DRESS FOR TEH WIN! :D

3 tankar om “Eg vil ha dress!

  1. Tilbakeping: Ny dress! (kjeledress, ja, jærbunad) « Velmont – Odin Hørthe Omdal

  2. Torbjørn

    No kommenterer eg langt på etterskot, men.. jasså, det er noko som ikkje finst i Oslo altså? ;) Elles artig å høyre at du synest målføret i Hedmark er fint!

    Slike varmedressar var det forresten overflod av på landbruksskulen eg gjekk på. Spesielt populært blant hestejintene!

  3. Egil

    Kva stoff er ho laga av? Eg prøvde ein dress dei sel på Smart Club, men den var syntetisk og pusta ikkje. Hjelp lite med ein varmedress om ein blir så varm at ein blir klam.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.