Elendig produktdesign på fruktdrinkmiksarar

Då skjedde det um att. Min andre øydelagde fruktmiksar/blender. Hekkans billege dritt, desse 600 kroner dyre kjøkkenmaskinene som ikkje er gode for nokon ting.

Ok. KVEN FAEN FANN UT AT KOLBENE SKULLE VERA AV GLAS!?

Sett upp mot plastikkolber so er glaskolber:

  1. Dyre
  2. Stygge
  3. Vandskelege å halda reine
  4. Tunge
  5. Plasskrevjande
  6. Farlege (helder plastikk i hovudet enn masse glas)
  7. og sist og aller mest: JÆKLEG ENKLE Å ØYDELEGGJA

Min fyrste fruktdrikkmiksar

Den hadde eg på Kringsjå og brukte til å laga fruktdrikkar i rå frukt, og grønt-prosjektet. Den vart øydelagd av di det var GLAS og ikkje plastikk.

Ok. Du lagar fruktdrikkar 4-5 gongar til dagen. Utanum at fruktdrikkmiksaren er heilt elendig og ikkje fungerer til det han er laga til, so er jo denne hekkans drittkolba av glas utruleg vandskeleg å vaska. So det er sjølvsagt ei stor fyremon å vaska kolben med ein gong du hev laga fruktdrikken.

So. Kald kolbe grunna masse is i. Alt innhald yver i eit digert glas, og so vaska kolben.

Ingen god idè. For det er jo glas! FAENS GLAS! Ikkje moderne, hard plastikk. Nei, GLAS. HEKKANS DRITTGLAS.

So den sprekk sjølvsagt.

Andre fruktdrikkmiksar/blender

Eg hadde lova å aldri kaupa ei ny slik drittmaskin. Men so flytta mortehu til Kanariøyene og selde alt han eigde, so eg kaupte maskini av han for å hava noko. Han var sjølvsagt like elendig som den førre, so difor bruka eg han sjeldan.

I dag kom eg svolten heim, opna kjøleskåpsdøri, såg ingenting interessant, slang ho att medan eg gjekk vekk.

Og so dett heile tunge driten i golvet frå toppen av kjøleskåpet. Og fordi det er faens drittglas: glaskolba sprengjer mot bakken og det er små glassbitar yver heile golvet. VITS! VITS!

Forresten er eg utruleg glad for at eg gjekk vekk frå kjøleskåpet, viss ikkje hadde eg truleg hatt eit par veldig sår i hovudet nett no. Kvifor miksaren stod so langt ute på kanten anar eg ikkje. Det var jo òg ganske ulurt, um enn ikkje like ulurt som å velja glas då.

Det er ikkje ei einaste fyremon med å bruka glas i staden for plastikk! Ikkje ei einaste! Berre drit!

Salsargumentet; lett å øydeleggja sel mange

Jo, det er eitt argument for glas; desse ærkemongoane som lagar slike elendige fruktmiksarar vil selja mange. So difor brukar dei glas som ikkje tóler ein drit for at du skal kaupa inn dritet heile tidi.

Det er berre so inn i hampen synd at dei let mongo seljarar leia produktdesignet, når eitkvart fornuftig menneskje ville ha laga kolbene av plastikk. Kvifor ikkje la dei mykje smartare ingeniørane/produktdesignarane få velja korleis produktet skal vera, i staden for dei stokk dumme marknadsfolki?

Ein skikkeleg fruktdrikkmiksar…

Ein skikkeleg fruktdrikkmiksar kostar jo ~5000 kr, so det er eit stort hopp. Det var rett fyrr eg kaupte ein veldig lengje, og no lurer eg søren meg på um eg skal kosta på meg det att.

Og den til 5000 hev sjølvsagt ein firkanta upåkosta plastikkolbe!

11 tankar om “Elendig produktdesign på fruktdrinkmiksarar

  1. mortehu Skribent

    Odin: Herdeplast (som en hurtigmikser ville hatt) kan ikke støpes om. Resirkulering begrenser seg til gjenbruk eller høvling opp til spon. Så vidt meg er kjent, ville man enten brukt PC eller PMMA til slike ting. Disse tåler ikke nødvendigvis alt du kan finne på å helle i dem, og blir som nevnt matte (se: brusflasker). Personen som kjøpte den mikseren i utgangspunktet driver en fabrikk som sprøytestøper plastprodukter.

    «Plastikk» betyr forresten ikke det du tror.

    Den ble ødelagt fordi du sendte den i gulvet.

    ida: Pleksiglass er plast (PMMA).

  2. Tilbakeping: 24 år. - Velmont – Odin Hørthe Omdal

  3. Janne Skribent

    Åneiånei. Eg høyrde berre eit stort KRÆSJ PANG SMELL KNUS og nokon som sa høgt FA*N eller noko som likna. Og så kom støvsugaren på. Vi får kjøpe ein med plast-kolbe og ha fruktdrikk-kveld for å innvie den.

    Det må bli i neste månad, sidan begge har j*vlig med pengar då.

  4. Kristoffer Egil Bonarjee Skribent

    Knuselege ting oppå kjøleskapet er generelt sett veldig teit. Mamma satt eingong eit toetasjes glassfat på kjøleskapet. Langt og trygt innpå toppflaten óg. Problemet er at me flittig bruk av kjøleskapet vil tinga der oppe flytte seg bittebittelitt kvar gong. så seiar det KNUS.

    Det gjeld forresten òg høytalarar. Eg hadde ein parfymeflaske oppå ein høytalar ein gong, høgt oppå veggen. Ein dag spratt den ned, oppå min den gang gamaldagse skjerm, fekk ein ny vinkel gjennom persienna og ein etasje ned før den knuste i kjellartrappa. Det lukta i det minste godt utanfor etterpå :)

  5. Skjalg (tidl. Helene) Skribent

    Alt går sund før eller sian! Eg har berre ting som ikkje kan knusa på kjøleskåpet. Men så har eg og levd lenger enn Odin…. Litt svinn må ein rekna med ettersom åra går.

  6. Skjalg Skribent

    Eg ser eg heitter Helene på denne maskina. Denne har Odin hatt før. Så her ligg det mykje som eg ikkje har kontroll på. Men alså .. førre innleget var skrevet av meg og ikkje Helene!

  7. Simon Skribent

    Eg er usamd i at glas er styggare enn plast. Heller tvert om, meiner no eg. Glas er like fint, like blankt og like glansfullt etter fleire hundre timars bruk, medan plast får riper og vert slitt mykje snøggare. Etter eit par månader i bruk vil plaster ha eit gråleg skjær, ikkje reflektera ljoset like bra og dimed få drykken til å sjå mindre delikat ut. Nei, vel glas du, og lær deg heller å handsama utstyret på rett vis!

  8. Ida Haugum Skribent

    er den førre meldinga skriven etter den eg skriv no, eller ein annan dag? tvilsamt. klokka mi er 22:40. elles har me ein slik sak i eit skap. slengjande i eit skap, faktisk. den tåler alt, OG er av glas, så vidt eg veit. kanskje det er sånt plexiglas eller noko… den knusar nok når me umsider skal nytta han, då.

  9. Ida Haugum Skribent

    (no fekk eg angst og kontrollerte mobilen. den er 22:42. så då var eg ikkje galen. du lyt stilla bloggen din!)

  10. Egil

    Eg har òg lært at glass ikkje skal lagrast på toppen av kjøleskapet. Mamma hadde plassert eit flott fat dei fekk til bryllaupet der. Etter at døra vart slengt igjen mange gonger nok, var det (sjølvsagt) eg som blei den utvalte vinnaren…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.