Kitty Karina hev OLPC XO-1 i huset!

Ein gong for lengje sidan i november 2007 skreiv eg at eg hadde tinga ein OLPC XO-1 datamaskin til veslesyster mi (og kannhenda mest til meg sjølv, hoho). I går dumpa han ned i postkassa (vel, ein DHL-mann kom med han).

Jolaftan og jolaftan

Han skulle eigentleg koma til jolaftan, det var då ho fekk han. Fyrst i 2007, og so no i 2008. Eg tinga han 15. desember 2008 denne siste gongen, og ein dag etter var han registrert i Stavanger. So eg kunne gjeva han på jolaftan! Det var før det slemme tollvesenet kom inn.

Tollvesenet sin superkraft; vera yverdrive skittreige

Ok. So 16. desember. I går var det 5. februar. Kva faen, orsak språket (som um nokon bryr seg), tok tollvesenet 51 dagar? Det heile var ganske enkelt:

  • Eg donerte masse pengar
  • Eg fekk ei datamaskin i gåve, verdien på gåva var ~2000kr

Altso; ustress. Eg ville mykje helder betala den hekkans tollen (sjølv um eg t.d. ikkje trengte) og få han 18. januar, enn at dei skulle sitja og fisa på stolen sin i 51 dagar fyrr dei fann ut at dei berre skulle senda han vidare utan meir stress.

Masse kudos til DHL, som er dritkjappe, masse ukudos til tollvesenet som er drittreige.

Kvifor denne tonen?

Det hev seg slik at 7. januar so drog eg til Oslo, her eg er no. Altso:

  1. Eg fær ikkje prøvd maskini (elder sett ho)
  2. Det er utruleg idiotisk å ikkje gjeva jolegåve til veslesyster tvo år på rad

Irriterer meg òg at det trådlause netet heime ikkje fungerer. Som nokon fekk med seg var tenaren min, Acona, utan net eit par dagar. Den trådlause routeren me brukte daua. So pappa skaffa nytt netverkskort til Acona og hev sett upp Acona som NAT-ande router og brannmur. Men me hev framleis ikkje fungerande trådlaust net. Og slike ting synast eg det er mykje enklare å vera i Stavanger å fiksa, i staden for å gjera det herifrå…

Veslesyster Kitty Karina skreiv nett dette innspelet på bloggen min:

Heei odin no har eg fott OL pcen, men den har ikkje de 3 siste bokstavene i alfabete.
Saa klarer eg ikkje og skifta spraak. Men den er kjekk og ha uansett =).

Skal få fiksa at tastaturet registrerer æ, ø og å på dei vanlege plassane—og so fær me skifta språk. Veit ikkje kor godt umsett han er, men eg skal iallfall kunna hjelpa til på den norske umsetjingi. :-)

Eg kjem nok til å skriva meir um sjølve OLPC-en når eg vitjar Stavanger. Gler meg stort til det :-)

Vonar iallfall Kitty Karina vert flink med maskini, slik at ho kann visa meg han når eg kjem. Kannhenda ho tilogmed hev laga sitt fyrste program? :D

3 tankar om “Kitty Karina hev OLPC XO-1 i huset!

  1. Skjalg Skribent

    Kjekk maskin. men det er alltid noko ekstra arbeid aa sette seg inn i ein ny maate aa jobbe paa. Maskina skal vere enkelt for alle born aa bruke. Verkar logisk i menyvalg o.b. Noko amaatt for meg med store vasknehender. Han er Veldig følsom paa dettraadlause nettet.Ser mange nett i nabolaget (vaart er ikkje oppe no). Interessant aa sjaa korleis det norske tollvesen handsama dette….Dei er ikkje førebudd paa denne OLPCsaka. Eg skal ta kontakt med Stavanger Aftenblad og be dei lage ei sak paa dette.

    […]

    Har naa sjekka nokre av dei offesielle sidene til olpc. Har tinga neg deltaking i e-postlister. Eg har ikkje funne nokre norske sider, eller norske deltakarar. Kan nokon hjelpe meg med det?

  2. Skjalg Skribent

    Eg faar ikkje opp øvre del av sia di. det ser ut til at enkelte delar av sia di vert usynleg i denne weblesaren.?Kva for ein nettlesar hev OLPC¿

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.