Norsk målungdom sine netsider

Det var lengje ei sanning i Norsk Målungdom at netsidene våre var for myrke. Dessutan var dei vandskelege å finna i sidan dei mangla søkjefunksjon. No treng dei ei ny omleggjing, og denne gongen er det utsjånaden og struktur som er i høgsetet. Det er absolutt på tide.

Etter eit par år i målungdomen sette eg meg uppgåva; nye netsider til NMU. Eg tenkte eg ikkje gadd endra netbunaden på andre måtar enn å gjera han lysare. Det var sjølve systemet i botnen som skulle verta meir fleksibelt slik at me seinare kunne gjera ei full omleggjing av bunaden.

Eg såg veldig lengje på Drupal, men fann det til slutt for vandskeleg å koma i gong med. Tidi byrja skorta på (skulle vera klårt til landsmøtet), so eg gjekk med WordPress av di eg kunne det og ville kunna setja upp noko veldig kjapt.

Då eg var halvferdig fann eg ut at det var utruleg vandskeleg å laga ein kopi av den gamle sida med WordPress, han var ikkje fleksibel nok. Eg skreiv ein del spesialkode for å få alt til, men det vart veldig stygt. So ein mogleg veg framyver er kannhenda å helder bruka eit fullt CMS, som t.d. Joomla!

So lat oss gå gjennom korleis sida hev endra seg dei siste 5 åri

Den originale sida er ganske mørk og heng litt att.

Ho er ikkje like stygg som mange andre sider var på den tidi. Ho var ganske OK synast eg. Eg er aldri den som hev hatt aller mest mot denne sida.

Versjonen som vart sluppe landsmøtet 2008 (ca. eitt år sidan)

Dette er «min versjon» av nett den same sida. Det er verd å leggja merke til at det faktisk ikkje er min versjon i det heile teke, men at eg ganske enkelt hev prøvd å kopiera den gamle sida med litt andre fargar og gjera framsida bittelitt meir strukturert. Det fungerte ikkje særleg bra, det er framleis den elendige «nyhende»-straumen nedyver som særs sjeldan vert uppdatert.

Dessutan manglar mykje informasjon um målungdomen og vìnstremenyen er verre enn den som var i fyrste versjonen.

Ho er forresten ganske stygg.

Ei endring eg gjorde i forrigår

Jobba bittelitt med utsjånaden fyrr heile sida kjem til å verta kasta på dynga. No ser ho litt finare ut. Sidan eg sat der og såg Alias med Helene og Janne-Kristin fortsette eg litt på den dødsdømde sida.

Med bilete

So eg la til eitt bilete frå vinterleiren vår i Kviteseid. Og vips. Plutseleg såg dei ganske mykje meir innbjodande ut.

Med bilete kann dykk òg sjå at eg berre viser eitt nyhendeinnlegg på framsida. Det er ganske enkelt av di dei vert so sjeldan uppdatert at det ikkje er vits å visa dei andre lell. Med dei nye sidene må me tenkja mykje hardare på kva som kjem på framsida.

Delingi av sida i aktivist og hovudsida for folk som ikkje er medlem på sida.

So no gjeng ikkje den versjonen av sida ned i historia som alt for superstygg. Sjølv um det sikkert er den netsida som hev eksistert kortast tid. So eg vil veldig gjerne vera med på ei større umleggjing av netsida på ny. Arbeidet er allereie starta. Det kann verta interessant å sjå korleis det vert til slutt.

Eg tok meg god tid (vel, alt er relativt, hadde liten tid) med umleggjinga av Universitas.no som vart ein veldig stor suksess. Eg burde gå gjennom ein del av den.

11 tankar om “Norsk målungdom sine netsider

  1. Odin Hørthe Omdal Skribent

    MERK: Eg hev mista alle mine eigne innspel her, diverre (mykje lange, mange). Heldigvis fann eg fram alle andre sine, som heldigvis er enno lengre ;-)

  2. Simon Skribent

    Sidemenyboksen kjem litt nedanfor hovudboksen i Opera. I Firefox og Safari kjem biletet litt utanfor. I Internet Explorer er det (ikkje uventa) eit sabla rot. Du har enno litt arbeid att, med andre ord. Men: Veven ser mykje betre ut no enn den gamle svarte. Eg oppdaga den nye endringa tidlegare i dag, og tykte ho såg veldig bra ut. Stå på!

  3. Eirik Skribent

    Ja, ho ser mykje finare ut no. Mi hovudinnvending mot sida er at det er så vanskeleg å finna informasjonen du er ute etter – tidt og ofte brukar eg to-tre minutt på å finna tuft, lover, arbeidsprogram, og kanskje det berre er eit teikn på at eg er litt treig og dessutan ikkje lærer av feila mine, men eg trur sida med fordel kunne ha vore litt meir kommunikativ, til dømes ved å redusera talet på lenkjer på framsida (kunne ikkje «Organisasjon» og «Politikk» slåast saman, til dømes? Og «artiklane» våre er det jo ingen som har oppdatert sidan folkerøystinga om norsk EU-medlemskap uansett? Kva med dei fire (!) ulike tilnærmingane til nynorsk-problematikken – kan ikkje dei vera eitt stort punkt?) og syta for at lenkjene ikkje går både horisontalt og vertikalt (kven i all verda tykte det var ein god idé? Vil me at folk ikkje skal finna fram?)

  4. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Eirik: Alt saman heilt korrekt! Du burde verkeleg vore i vevsidenemndi. Eg er der ikkje sjølv, men eg tenkjer det same – og det veit eg dei òg gjer. Kven som tenkte på det, nei, slik var det i gamle dagar då hovuddesignet vart laga! I dag veit me meir um effektiv kommunikasjon ;-) Skriv gjerne meir um du vil hjelpa netsida vår endå meir.

    Simon: Vel, – sidene er (like lite:P) brukbare i alle netlesarar. Eg gidd ikkje fiksa på IE sine rare feil på ei dødsdømd sida. Me skal helder få passa på at den nye ser bra ut i andre netlesarar. I Firefox ser det ut som på biletet hjå meg,—men eg hev ikkje testa eldre versjoner.

    Víkþórr: Les det Eirik skreiv. Det er veldig mange gode grunner til at sida slik ho er no ikkje fungerer. Me hev mange forskjellege målgruppor, nett med framsida ynskjer eg at me skal nå dei som ikkje er medlem i dag. På tvo måtar; gjera det enkelt å melda seg inn – og gjera det enkelt å finna relevant informasjon um målungdomen. Viss dei brukar fleire sekund på å måtta ombestemma seg etter dei kom inn på sida (kva for ei lenkja skal eg fylgja), kommuniserer me ikkje effektivt nok.

    Dessutan hadde det vore kjekt å fengje sider som er relevante for aktivistar òg, då som ei eiga underside. Der folk (som deg) faktisk sjekker innum av og til. Nett no kjenner eg berre ein person som er inne jevnleg, og det er Simon

  5. Eirik Skribent

    – Bilete er bra – dei fangar merksemda til folk, og er dessutan ein fin måte å visa fram alle dei vene menneska som er med i NMU til omverda, slik at dei òg får lyst til å vera med. Det bør vera eit stort og fint bilete på framsida (men rett nok kanskje ikkje så stort som biletet av det kvite huset – folk med sjå skjermar vil mest berre sjå det, og det trur eg ikkje er ynskjeleg), og dessutan biletgalleri der folk kan sjå kva NMU held på med. Me har jo så mange fine bilete liggjande på NMU-datamaskinane (men hugs å spørja folk om lov fyrst)!

    – Eg er samd med deg i at dersom me skal ha nyhendestraum – og det tykkjer eg er ein god idé –, lyt han vera slik at han faktisk vert oppdatert, og dessutan slik at det går an å trykkja på overskriftene og få opp heile saka, og slik at du kan gå attende og sjå alle sakene som har vore på framsida (jf. nynorsk.no, som har ei oppegåande ordning på dette, sjølv om bunaden verkar litt gamalvoren) – det same gjeld kalenderen.

    – Det er bra at det finst ei kontakt-lenkje som er synleg på framsida, men eg trur det er best om vitjarar kan finna kontaktopplysingar allereie på framsida, utan å måtta be om det – eg tek meg ofte i å verta irritert over politiske parti osb. som ikkje gjer det lettvint å ta kontakt med dei når eg vil skjella dei ut for noko, fordi det gjev inntrykk av at dei ikkje vil at folk skal ta kontakt. Til dømes kan nmu @ nynorsk . no og telefonnummeret stå tydeleg, kanskje øvst til høgre dersom me tek utgangspunkt i at sida vil sjå ut nokolunde slik ho gjer i dag.

    – Dette går ikkje på bunad, men eg tykkjer at kontakt- og innmeldingsskjema bør gå via krypterte tilkoplingar, slik at me ikkje risikerer at folk sine personopplysingar vert spreidde overalt – det er ingenting som plagar meg meir enn lemfeldig omgang med personvern.

    – Det er i utgangspunktet ein god idé at me har artiklar liggjande på sida, men då må me i så fall syta for å få opp nyskrivne artiklar, dvs. frå 2008 eller seinare – alt anna ser utdatert og dimed uproft ut. Dei må òg vera sorterte etter eit innlysande prinsipp, slik det ikkje verkar i dag.

    – Politikk-lenkja bør innehalda tuft (med prinsipprogram i parentes; det er ikkje alle som veit kva tuft tyder, og det bør me ta høgd for), lover, internasjonalt program, arbeidsprogram og eventuelle program, gjerne utan den vesle grå teksten nedanfor kvart punkt, som berre er forvirrande, og gjerne med RTF- og PDF-nedlasting som alternativ.

    – I staden for at fråsegnene står på same sida som den øvrige politikken, bør me heller ha ei eiga lenkje på framsida som heiter noko slikt som «Kva meiner me?» eller «Aktuelt», der fråsegnene, i fulltekst, finst tilgjengelege i ulike format, godt illustrerte med bilete av Jens el. l.

    – Lands- og sentralstyret er i dag gøymde under punktet organisasjon – eg tykkjer heller me bør drita i organisasjonpunktet, der lovene av ein eller annan kryptisk grunn har hamna, og ha «Styre», ev. «Leiing» som eige punkt på framsida.

    – Kvifor er det ei lenkje til «Minoritetsspråk i Norden», og ikkje til dømes «Respekt for dialekt»- eller «Dude, where’s my språk?»-kampanjane?

    – Pengedonasjonslenkja er for anonym (nedst til venstre på den noverande sida) – og dessutan er det eit problem at me berre går ut frå at folk veit kva målrørsle-ord som tuft og målgåve er: dersom me ynskjer å rekruttera nye medlemer, må me kommunisera med dei på eit språk dei kjenner seg att i, elles risikerer me berre å skrema dei bort. «NMU-språket» har me uansett på dei andre sidene, i Motmæle og på tilskipingane, så eg tykkjer ikkje dette er problematisk. Kall målgåva for «doner pengar!» eller liknande og plasser henne på ein meir synleg plass.

    – Me bør ha nettbutikk, eller i alle fall opplysa om trykksakene me har, slik at folk kan tinga dei og me kan tena pengar.

    – Me bør ha aktivistforum, og det er ein stor føremon om det ser litt okei ut (les: ikkje til dømes phpBB utan modifikasjonar, som ser forferdeleg grelt ut). Forumet bør modererast med hard hand for å luka ut alle idiotar, elles er det like greitt å ikkje ha noko forum i det heile.

    […]

    – Og! dersom du forstørrar framsida urimeleg mykje, ser du at «meld deg inn»-banneret er pikselert. Vektorgrafikk no! Vanskelegare er det kanskje å få eit hus i snø i vektorformat, men kanskje du kan leggja det ut i litt høgare oppløysing? Folk har jo som regel breibandstilkoplingar no for tida

    […]

    Den reint konkrete no vil eg jammen skjella ut eit politisk parti, men hey dei har jo ikkje kontaktopplysingane lett tilgjengelege–røynsla har eg frå Senterpartiet sin vevstad, som er notorisk vanskeleg å finna fram på. Det tok meg tre minutt å finna e-postadressa til Navarsete på fyrste forsøk, og det er minst to og eit halvt minutt for mange.

    – Ny skrifttype!

  6. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Eirik: Han passar ikkje inn der, eg hev flytta han til ein plass der ho hadde skrive noko anna. Tingen er at blogg.no-folk driv og skriv og svarar på innspel på det nyaste innlegget i den andre sin blogg. Det vert ekstremt rotete og totalt umogleg å fylgja.

    Eg er veldig mot det, skulle eigentleg skriva eit innlegg um det, men hev aldri fengje gjort det.

  7. Ida Haugum Skribent

    mi løynde fortid med odf og ooxml: det var i dei dagar då eg valde å skriva oppgåva om noko eg ikkje hadde greie på i det heile, for å læra det (samt at eg då ville få den oppegåande rettleiaren, sjølvsagt). det var mykje snusk i krokane i den soga, i tillegg til at ooxml sitt format verkeleg saug på sjukt mange område. og eg gjekk over til open office medan eg skreiv oppgåva (eg kunne jo ikkje godt skriva det i word heller) heilt utan problem. dessutan hadde det ein gild innebygd pdf-lagar, som ein i word må leggja til som tillegg.

    i den seinare tid har open office sitt tekstprogram imponert i høve linjenummerering. ein funksjon du kan henda ikkje nyttar så alt for ofte, men når du fyrst sit der då, i WORD*, skal du jaggu strekkja logikken langt for å finna ut kvar inni helsike dei har gøymt denne linjenummereringa si. det tok så lang tid at eg sende klage etterpå.

    *det var ei venninne av meg som sleit fyrst altså. eg driv ikkje og syndar medvite. så måtte eg nett sjå kor vanskeleg det faktisk var.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.