Samnorsk-Odin, Tjukke-feite-Odin og NTEU-Odin

For eit par dagar sidan spurde Eva Marie (som eg jobbar saman med i Nei til EU) um korleis ho laga fleire innhaldslister i epostlesaren Thunderbird no att. Eg hadde forklart dette fyrr, so eg fann ut det var tid for å skriva ein kort korleis-gjera-dette-epost. So eg skreiv ein i all hui og hast fyrr eg stakk ned på NTEU-kontoret der eg hev fengje for vane å hengja på dagane.

Tjukke-feite-Odin

Grunnen til at eg heng der er båe av di det er eit godt, koseleg miljø—men òg mykje av di me fekk ei kaffimaskin. Kvifor i alle dagar likar eg det, eg som hev slutta med koffein, lurer du sikkert på. No er det slik at eg modererte det til å ikkje med viten vilja skal drikkja noko som hev masse koffein.

Jo, denne vidundermaskini lagar jo sørenmeg varm sjokolade òg! Det tok verkeleg lang tid fyrr eg fann utav dette, Helene mådde prøva vidunderet fyrst. Etter det hev eg diverre drikke litt for mykje varm sjokolade med krem.

So tjukke-feite-Odin vert nok snart å sjå.

NTEU-Odin

På pulten min kann det sjå ut som um eg ikkje er på kontoret so ofte. Det er feil.

Den må ryddast, forresten. Men nett no rydder eg vekk heimeområde frå tenaren vår, og eg fær større glede av det. :P

Eg er innum kontoret nesten heile 50% arbeidstidi mi no. Viser seg at 50% arbeidstid er utruleg mykje. Kjenner det nesten som um halve den vakne tidi mi er hjå NTEU. Når det er so koseleg på kontoret, so vert det berre til at eg heng der og fær gjort meir enn eg eigentleg hadde tenkt då eg stakk nedum. Greitt å ikkje berre sitja i sofaen heime og fiksa ting, på kontoret fær eg båe sjokolademjølk, men òg prata med folk.

Eg heng so mykje på kontoret at Helene-kjærasten min hev funni ut at viss ho vil eta med meg må ho koma innum kontoret. :p

Samnorsk-Odin

Og so attende til Eva Marie og Remi. Snill som eg var stakk eg jo nedum for å hjelpa Eva Marie med sitt innhaldslista-i-Thunderbird-problem.

«Nei, der er han jo! Samnorsk-Odin!»
«Huh? Eg er då langtifrå samnorsk!», segjer eg litt snytt
«Åjooodå! Sjå no berre her», segjer Eva Marie og viser meg den utskrivne eposten min:

Eg unnskulda meg med å ha skrive NMU-normal (dvs. so god nynorsk som er mogleg innanfyre ordboki (+ a-mål, og ikkje i-mål)) på diverse. Men no er det slik at alle veit eg skriv ein slags halvhøgnorsk. Men samnorsk er det då verkeleg ikkje! So eg vonar ikkje namnet slær rot.

Ja, men elles gode tider i NTEU.

6 tankar om “Samnorsk-Odin, Tjukke-feite-Odin og NTEU-Odin

  1. Víkþórr Veggiss Berurjóðr

    For eit rotut ark. :S Ver trygg, du er ikkje samnorsk.

  2. Skjalg

    Odin, naa maa du passa deg! Trene sykle eller gaa. Eg eg forstaar folk i Oslo hev saa godt kollektivnett at dei slepp aa gaa. Her i Stavanger blir folk feite av di dei kjøyrer bil. Nei, om deg i symjehallen før du faar bilringar og dobbelthake!

  3. Kitty Karina

    Heei odin no har eg fott OL pcen, men den har ikkje de 3 siste bokstavene i alfabete. Saa klarer eg ikkje og skifta spraak. Men den er kjekk og ha uansett =).

  4. Leif Arne Storset

    Haha! Samnorsk-odin, Samnorsk-odin! Men du hev òg skrive ekstrem-i-mål, so det vegjer kann hende upp. :p

  5. Synnøve Skribent

    Sukker er vel farlegare enn koffein, når alt kjem til alt. Til gjengjeld er det kan henda vanskelegare å unngå…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.