Stem i UiO-rektorvalet (på Trygve Wyller)

Når me hev valet mellom ein elitistisk snørrklysa som vil at UiO skal verta eit eliteuniversitet som drit i studentane, og ein jordnær, smart mann med sunt bondevett, kven veljer me då? Det burde segja seg sjølv.

Trygve Wyller ser på UiO som ein nasjonal kulturinstitusjon, som må reisast og styrkast. Ottersen vil riva ned alt som allereide er. I dagens Universitas står det ein heil del um båe tvo, sjølv um mange let seg leida på ville vegar av Ottersens retorikk.

Ottersen blir mindre og mindre tydelig desto mer konkrete temaene blir. Hans mye omtalte «tydelighet» får en bulk hver gang debattledere må be ham svare kortere og journalister må redigere ned svarene hans.

Og so dette her:

Men tross alle stilpoeng Ottersen får, har Wyller en fordel: Han har øret mot bakken. Store deler av UiO er misfornøyde med en hverdag der øremerkede midler til eliten «stjeler» fra pengepotten som fordeles til hele universitetet, og der vi skal bli så gode på visse ting at vi glemmer helheten. Studentene er i tillegg misfornøyde med en studiekvalitet som raseres.

For ein eklas!

So, gå inn og stem, og stem no inderleg ikkje på nokon ekle blærete medisin-eklisar som er ute etter å gjera studenttilvêret endå dårlegare.

7 tankar om “Stem i UiO-rektorvalet (på Trygve Wyller)

  1. Kristoffer Egil Bonarjee Skribent

    Stemt. Kva skjer med Acona forresten? Eg prøvde å mekka kort url for dent’en, (æsj, likar egentlig ikkje det utrykket, men er nå bedre enn tweet) men måtte ta til takke med noko anna.

  2. Klaus Skribent

    Seff skal eg stemme på Trygve Wyller. Yes, DeKan! Reine Obama-kampanjen nede på TF, der han held til…var der i dag :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.