Til New York i morgon!

I morgon forlet eg og Helene landet og reiser til New York i USA.

Eg driv på og sletter alt på Fjord (det er den vesle Asus Eee-pcen mintil Helene) og legg inn Cruncheee.

Sidan dei er so nazi på alt i USA, so må eg passa på å ikkje leggja inn DVD-stydnad, hendige kodekar eller anna som dei kann finna ut er grunn nok til å halda oss ute or landet.

Eg gler meg stort, sjølv um eg framleis stresser med alt eg ikkje fær gjort ferdig her i landet. Menmen, det gløymer me truleg fort når me hev sett fot på nytt land.

16 tankar om “Til New York i morgon!

  1. Kristoffer Egil Bonarjee Skribent

    Du bør ikkje legge inn noko anna enn default install og andre pakker. Skal du legge inn noko personlig data bør du lasta det opp ein stad og lasta det ned etter at du hev passert tollen. Kanskje dei vil konfiskera eller kopiera dataene dine.

  2. Skjalg Skribent

    Eg blei halde attende i 5 timar paa grensa mellom USA og Cananda i 1979, dei ville sjaa om eg hadde kommunistsympatiar.. eg hadde jo vore demonstrant mot EEC og USA si krigforing i Vietnam i 1973 og 1974. Dei hadde meg nok CIA sine datafiler.

  3. Sara Skribent

    Eg skal òg til the Us of A snart, på fredag :D men eg skal til den andre sida av kontinentet, så eg trur ikkje akkurat at eg ser deg der :P men uansett – me er kule!

  4. Víkþórr Veggiss Berurjóðr Skribent

    Morten Hustveit: Du tenkjer sjølvsagt på sìgl- elder robåt? ;)

    Odin: Jau, men ikkje so kult. Det er vel litt som her, berre at det heiter noko anna og hev høge hus. Hadde du fare til ein landsby i Sud-Amerika, skulde eg sagt det var kult.

  5. Eirik Skribent

    «Sidan dei er so nazi på alt i USA, so må eg passa på å ikkje leggja inn DVD-stydnad, hendige kodekar eller anna som dei kann finna ut er grunn nok til å halda oss ute or landet.»

    No tøysar du vel? Dersom dei skal gå gjennom PC-en din, må dei vel ha brukarnamn og passord, og det finst vel ein regel om at du ikkje skal måtta oppgje slikt dersom du ikkje vil («self-incrimination»)?

  6. Kristoffer Egil Bonarjee Skribent

    @Eirik Dei kan jo berre ta ein dump av disken, so treng ikkje brukarnamn og passord med mindre den er kryptert.

    Menmen, dei blei ikkje nokon USA-tur (frå identi.ca): velmont: Er i Noreg att. #Syg so inderleg. #USA ville ikkje hava @Helene av di ho ikkje hev maskinlesbart pass. #Faen :-( Bomtur til Amsterdam.

  7. Skjalg Skribent

    Det gjeng fram og tilbake for Odin og Helene. Dei landar vel i New York om ein dryg time. Kl 10.45 lokal New York tid. Fekk denne meldinga frå dei i går kvel: «Snart amsterdam togstasjon – 10 min tek so toget til schipol der me søv i innsjekken. Gler meg ikkje»

  8. odin på htc g1 Skribent

    No skriv eg fraa ein Google Android-mobil. Utruleg kul!

    Brukte nett masse pengar paa nytt fotoutstyr, men hekkan eg etlar denne mobilen¡ Kul!

  9. Skjalg Skribent

    Ja, du slette tid! Det har gått alt for lenge! Me her borte i Vest veit jo ikkje meir enn det litla du har sagt te oss på telefonen. Det blei jo meir dramatisk enn ein kunne venta seg på ein slik tur….

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.