Til New York i morgon!

I morgon forlet eg og Helene landet og reiser til New York i USA.

Eg driv på og sletter alt på Fjord (det er den vesle Asus Eee-pcen mintil Helene) og legg inn Cruncheee.

Sidan dei er so nazi på alt i USA, so må eg passa på å ikkje leggja inn DVD-stydnad, hendige kodekar eller anna som dei kann finna ut er grunn nok til å halda oss ute or landet.

Eg gler meg stort, sjølv um eg framleis stresser med alt eg ikkje fær gjort ferdig her i landet. Menmen, det gløymer me truleg fort når me hev sett fot på nytt land.

Mogleg relaterte innlegg

This entry was posted in Reise and tagged , , , . Bookmark the permalink.

16 Responses to Til New York i morgon!

  1. Du bør ikkje legge inn noko anna enn default install og andre pakker. Skal du legge inn noko personlig data bør du lasta det opp ein stad og lasta det ned etter at du hev passert tollen. Kanskje dei vil konfiskera eller kopiera dataene dine.

  2. Skjalg says:

    Eg blei halde attende i 5 timar paa grensa mellom USA og Cananda i 1979, dei ville sjaa om eg hadde kommunistsympatiar.. eg hadde jo vore demonstrant mot EEC og USA si krigforing i Vietnam i 1973 og 1974. Dei hadde meg nok CIA sine datafiler.

  3. Sara says:

    Eg skal òg til the Us of A snart, på fredag :D men eg skal til den andre sida av kontinentet, så eg trur ikkje akkurat at eg ser deg der :P men uansett – me er kule!

  4. Det er ikkje so kult å fara til USA. Tek de fljug, er de ikkje kule i det heile, til røyndar. :p

  5. Skal ein vera skikkeleg kul, må ein nytta båt! :p

  6. Morten Hustveit: Du tenkjer sjølvsagt på sìgl- elder robåt? ;)

    Odin: Jau, men ikkje so kult. Det er vel litt som her, berre at det heiter noko anna og hev høge hus. Hadde du fare til ein landsby i Sud-Amerika, skulde eg sagt det var kult.

  7. Eirik says:

    «Sidan dei er so nazi på alt i USA, so må eg passa på å ikkje leggja inn DVD-stydnad, hendige kodekar eller anna som dei kann finna ut er grunn nok til å halda oss ute or landet.»

    No tøysar du vel? Dersom dei skal gå gjennom PC-en din, må dei vel ha brukarnamn og passord, og det finst vel ein regel om at du ikkje skal måtta oppgje slikt dersom du ikkje vil («self-incrimination»)?

  8. @Eirik Dei kan jo berre ta ein dump av disken, so treng ikkje brukarnamn og passord med mindre den er kryptert.

    Menmen, dei blei ikkje nokon USA-tur (frå identi.ca): velmont: Er i Noreg att. #Syg so inderleg. #USA ville ikkje hava @Helene av di ho ikkje hev maskinlesbart pass. #Faen :-( Bomtur til Amsterdam.

  9. Skjalg says:

    Det gjeng fram og tilbake for Odin og Helene. Dei landar vel i New York om ein dryg time. Kl 10.45 lokal New York tid. Fekk denne meldinga frå dei i går kvel: “Snart amsterdam togstasjon – 10 min tek so toget til schipol der me søv i innsjekken. Gler meg ikkje”

  10. No skriv eg fraa ein Google Android-mobil. Utruleg kul!

    Brukte nett masse pengar paa nytt fotoutstyr, men hekkan eg etlar denne mobilen¡ Kul!

  11. Helene says:

    Du må skriva om turen vår Odin:)

  12. Skjalg says:

    Ja, du slette tid! Det har gått alt for lenge! Me her borte i Vest veit jo ikkje meir enn det litla du har sagt te oss på telefonen. Det blei jo meir dramatisk enn ein kunne venta seg på ein slik tur….

  13. Skjalg says:

    http://vimeo.com/2884813

    Varm liten film om vår digitale kvardag. Skal me lage film snart Odin!

  14. Jeg ser “jeg” har postet i denne tråden (på nynorsk, atpåtil). Er det en anti-OpenID-demonstrasjon?

  15. mortehu: Sida mi var nede, so eg hev skrive inn gamle innlegg med andre folk sine namn (no for andre gongen!).

  16. Nå som ho er på thor blir det mykje betre :)

Leave a Reply

Your email address will not be published.

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>