Anatomien av ei stille-periode

So er det tusund år sidan eg hev uppdatert, og det teitaste du kann gjera er å nett skriva slike orsakingspostar for det. Kven veit, kannhenda den neste posten vert endå ein orsakingspost? Det er berre flaut å lesa. Likevel er det noko som er likt ved alle desse stilleperiodene.

Eg fær ofte stilleperioder når noko stort hev skjedd. Noko so kult/stort/tøft og flott at eg absolutt skriva um det. Problemet er at det er so stort at det vil taka lang tid å skriva. Difor fær eg aldri starta.

So når eg eigentleg hev tenkt å skriva noko smått på netsida mi, vert det utsett av di eg framleis ikkje hev skrive um den store kule tingen. Og slik held det fram…

No er det langt yver ei månad sidan sist. Eg trur dette er den lengste stilleperioda eg hev hatt på bloggen min etter han vart relansert i 2005.

So, eg vonar å løsna skrivebommen (heh…) med dette innlegget.

Kort skal det vera òg!

3 tankar om “Anatomien av ei stille-periode

  1. Skjalg Skribent

    Duale kjekkt å sjå deg her att! Har nett oppdaga Identica og tech så eg halder meg oppdatera. Det er verre med Unni som berre er på facebook! Ho vil nok sjå etter nyhende her sjå deg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.