Eg fekk Akoha-korti mine i posten!

I dag (vel, eigentleg ikkje, men drit i det) dumpa eit brev ned i postkassa mi. Eg sat no i sofaen som alltid og hadde laga meg herlege braudskiver med jordbêrsyltety og banan. Ana fred og ingen fare. Fyrr Omar kjem inn døri og gjev meg brevet, og Helene fyk upp av stolen og vert supernyfiken.

akoha-post-bananjoberskjeva

Brev frå Kanada!? Det ser jo nesten heimelaga ut òg. Faktisk ei veldig koseleg brekpakke. Helene skal absolutt opna det, men eg segjer ho må venta. So sit eg no der og hackar vidare på pcen. Helene granskar brevet frå alle bauar og kantar. Det tek ikkje lange tidi fyrr ho hev fengje ut alt innhaldet utan å eigentleg opna brevet. Eg ser upp og sukker tungt. So mykje for ei klår melding um å ikkje opna brevet. :-)

Helene sjekker ut Akoha, ikkje

So, kva er dette? Helene gadd ikkje lesa brevet som fylgde med, men ho såg gjennom korti. Las alle saman ut høgt. «Thanks for playing Akoha».

«Your Akoha mission: », fortset ho på det neste kortet, «invite someone for coffee! Yay!». «Ja,» svarar eg, stadig yverraska yver kor liten verdi instruksane mine um brevopningi var verd. «Your Akoha mission: invite someone for coffee!»

akoha-brev-og-kort

Ja, det var visst fleire like kort, ja. Helene finn fram like entusiastisk med neste kort:

«Your Akoha mission: thank someone!»

21 kort seinare er ho ferdig, tek upp brevet på ny og spyrr «kva er dette?». Ho gløtter kjapt yver arket fyrr ho legg det attende oppå den uopna konvolutten min (ja, særleg uopna). Eg opna han, då det viste seg ein lukka konvolutt ikkje var nokon hindring likevel.

«Nei, gidd ikkje lesa det,» segjer ho fyrr ho gjeng burt til kjøleskåpet for å henta noko å drikka (trur eg).

So kva er Akoha

Det er eit «send det vidare»-spel, som fungerer med at du gjer eit «uppdrag» som står på kortet. Eg hev allereide registrert alle korti mine på netsida til Akoha, og når nokon andre fær eit kort av meg (av di eg t.d. inviterte dei på kafè (eg drikk ikkje kaffi, so vert teit å invitera dei på kaffi – men brukar det kortet lell), registrerer dei seg med koden frå kortet på sida.

Når den personen gjer det so fær eg «oppdrag fullførd», og no er det deira uppgåve å «senda det vidare». Du kann sjå heile historia til kortet. Viss eg er heldig so reiser det langt, viss eg er uheldig, so sender aldri personen kortet vidare.

So, uppdrag for uppdrag so gjer folk koselege ting med kvarandre. Greitt nok at det er noko me ofte gjer utan å gjera det til eit spel, men eg likar spel, dessutan er det jo ei god orsaking for å vera snill! :D

2 tankar om “Eg fekk Akoha-korti mine i posten!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.