Eit halvår med psykisk slit = 0 studiepoeng?

So… Eg vil eigentleg ikkje skriva det på netsida mi ein gong. Eg er berre so leid og sliten og trøytt.

Eg tok tri fag i år:

  • MAT1030 Diskret matematikk
  • FYS3240 Digital Instrumentering
  • INF3190 Nettverk

MAT1030 forsvant fort av di eg hadde andre ting å gjera enn matteobligar. Men eg vart leid meg. Då fær eg ikkje ein bachelor i Informatikk i Oslo. So frå der gjekkk alt nedyver.

Eg hev altso ikkje jobba skikkeleg med eit einaste fag. Det hev likevel slitt på meg psykisk, trass i totalt fråverande arbeidsinnsats.

Eksamen i FY3240 nærma seg, eg hadde rundt 10 dagar att, so eg tenkte det var på tide å gjera dei obligatoriske uppgåvene. Av ein elder annan grunn hadde eg ikkje tenkt på at dei måtte inn ei tid fyrr eksamen, ikkje rett fyrr — difor viste det seg no at det berre var ein dag eg hadde att til å gjera dei.

So eg prøvde meg på det i dag. Eg fekk faktisk gjort yverraskande mykje. Eg hev gjort Oblig 1 heilt, Oblig 2 er nesten gull – eg treng berre litt kjapp veiledning av di eg fær ein del rare teikn ut på LCD-skjermen når eg skriv via COM-porten til mikrochipen (det forstod sikkert berre Egil). Oblig3 var eg i gang med, og eg fekk no styrt flysimulatoren til slutt med spakane; men då såg eg at det var ei oppgåve B der òg (som alle dei andre, ugh) i tillegg til Oblig 4 der eg må læra meg LabVIEW som ser ut som noko irriterande greier.

Det stod òg at me burde gå gjennom opplæringsprogrammet for LabVIEW, det skulle berre taka 5-6 timar og ville spara oss mykje tid…

5-6 timar? Uhh. Eg vil gjerne vera ferdig på 3-4 timar. So, nei. Eg droppa heile LabVIEW. Og dimed heile faget. Og dimed droppa eg 10 studiepoeng til. So eg står att med 30-20=10 studiepoeng.

Og dei siste 10 poengi…

Kva skjer med dei?

Nei, det er faktisk òg usikkert. Eg hev vore i ein drit-i-det-modus lengje no, og gler meg berre til å vera ferdig med jobb og skule og alt saman. Eg skal ikkje vera forplikta til å gjera noko, og det vert superherleg. Eg skal berre gjera ting eg synast eg kjekt. Men det er framleit halvt år fram i tid, men eg ser fram til det.

Eg kjenner det som 3. klasse på vidaregåande, eg var so sjukt leid og so ekstremt klar til å gjera noko anna ei tid. Det er eg no òg. Halvt år att. 2010…

Attende til inf3190

So. Den hadde eg masse problemer med. Heimeeksamen1 gjorde eg på ein dag. Det var rein katastrofe. Forstår ikkje korleis eg klarte det. Eg fekk C på han, noko som er ganske yverraskande (altso, bra).

Det gjekk verre med den andre uppgåva. Eg lova eg ikkje skulle gjera det same um att. Men det gjorde eg. Berre denne gongen var uppgåva ekstremt mykje vandskelegare. Ikkje faen um det gjeng an å gjera det på tvo dagar når du allereide er sliten og trøytt og hev graut iblanda sirup i hovudet.

So eg fekk F. Det er fyrste gong eg hev fengje stryk på ein eksamen, aldri skjedd fyrr. Eg synast det er litt rart. Eg gjorde jo noko, fungerte jo litt :P Men det står vel til innsatsen.

No, um nokre få dagar hev eg eksamen i INF3190, eg trur eg framleis fær taka han, men eg lyt få ganske so god karakter viss eg i det heile teke skal stå i faget.

Viss ikkje står eg altso att med eit halvt års slit og 0 studiepoeng. Det er verre enn å verta kasta ut av Universitetet slik eg vart sist vårsemester. Då kunne eg jo faktisk gjera andre ting.

Ja, so fær me sjå um det vert 0 studiepoeng på meg då… Snork.

Ein tanke om “Eit halvår med psykisk slit = 0 studiepoeng?

  1. Kristoffer Egil Bonarjee Skribent

    Ting tek tid.

    Eg trur du må gjera mindre om du skal få tid til meir. 30 studiepoeng skal jo i utopien vera ein heiltidsjobb. Eg klarer det fint saman med jobb som termvakt og gruppelærar, men det er jo nettopp fordi dei er enkle å kombinera med skulearbeid. Det hugsar du vel frå os i haust :)

    Når det gjeld fys3240 er labview noko drit. Eg gløymde faktisk å lagra den siste obligen, men hadde av ei eller anna grunn tatt eit skjermskot av ho, så det gjekk bra. Å lera seg labview var mykje meir stress enn sjølve oppgåva. Det er kanskje intuitivt for elektronikkfolk med koblingskjemaene deira, men å måtte finne den riktige komponenten for å typekaste ein variabel blant eit stort hierarki av ulike modular tek sjukt mye lengre tid enn å skrive «(int) foo».

    Eg veit ikkje korleis det er i år, men ifjor gjorde me aldri oppgåve 3b. Vel vel, det er vel for seint å gjera noko med dei nå likevel. Eg var faktisk ganske nær med å gi opp ifjor, men espeh gav meg litt hjelp med lcd-saka.

    Når det gjeld inf3190 så kan du nok klara deg sjølv om du strøk på det eine heime-eksamenet. Dei tel jo berre 25%. Men det var leit at du ikkje fekk brukt nok tid til å få det til å fungera. Det heime-eksamenet er ein av dei kulaste oppgåvene eg hev løyst på universitetet, på lik linje med virtuelt minne som me sleit oss gjennom ifjor haust. Ah, det blei mange gode kodetimar det semesteret.

    Du hev vel ikkje gløymd at me skal eiga alle på http://www.uio.no/studier/emner/matnat/ifi/INF5063/index.xml ? Eg skal nok sørge for at du tek deg tid til å arbeida med dét. Då blir det like fint å koda som å dansa :D

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.