Jobbings, harddisk, bysykkel og miljøpartiet dei grøne

So, då hev eg sitte her og fått gjort ein heil del i dag. Det hev vore lang tid utan NTEU-jobbing i det siste, so eg hev mykje å taka att. Det vert godt å få orden i alt eg gjeng og bekymrar meg yver.

Elles fekk eg kaupt 1TB ekstern disk (til bilete og video frå Nikon D90-en) og nokre nye inni-øyra Sennheiser øyretelefoner. Eg anar ikkje kvar mine trufaste Sennheiser PX100 hev blitt av. Eg saknar dei. Forresten er iRiver Clix2-en min ganske lite fungerande.

Eg hev skaffa meg bysykkel-kort. Prøvde i dag, men alle syklane uppe med Torshov/Sagene var vekk… Grrz. No er klokka yver 23 og no må det finnast ledige syklar. Kann sykla upp til La Boheme på Sankthanshaugen der SmiO hev sumaravslutning. Viss dei framleis held på då… ikkje alle som jobbar so seint. :-)

Forresten gjekk turen til Bergen greitt, eg yverlevde. Køyrde E16 til Bergen, og veg 50 og so riksveg 7 attende. Diverre vart eg sitjande bak eit sykkelritt store deler av turen, den saug. Køyring i Bergen er forresten verre enn Oslo. Eg vert so jævla sint. Elendig drittupplegg. Leggja hovudårane til vegane rett inn i sentrum, kva faen er det dei tenkjer? Dei virkar jo endå meir mongo enn politikarane i Stavanger jo! Ikkje eit fnugg av byplanleggjing i sikt. Men båe byane er jo styrt av Høgre.

Ein siste forresten, eg hev endeleg fengje meld meg inn i Miljøpartiet dei Grøne, jammen på tide. Partiet hev vakse og blitt meir og meir seriøst. Eg hev stor tru på partiet no. Det kann reisa seg. Ok, det kom til å taka tid, — men eg trur me kann sjå eit mykje sterkare parti no allereide til fyrste val. Sjølv um dei ikkje skulle få ein kandidat i stortinget. Tingen er at kvar stemme = masse ekstra pengar i statsstøtte, so ei stemme til valet no er langt i frå nytteslaust, det er ekstremt viktugt for eit so lite parti faktisk. Det gjer at det vert mogleg å byggja partiet fram til neste val. Yay for det!

Over og ut, no skal eg prøva dei vesle blå syklane. :-)

3 tankar om “Jobbings, harddisk, bysykkel og miljøpartiet dei grøne

  1. Eirik Skribent

    Gratulerer med eit godt val! Eg har den same gode kjensla av at ting er ved å skje og at partiet er i ferd med å veksa (og mognast), og det er godt å vera med på. Me treng MDG.

  2. Helene Skribent

    Me skal sykla saman i helga:) Det er forresten noko gale med gmailen min.. klynk! Heilt dust når mobben er tom for batteri.

  3. Børge Skribent

    Hehe.. Fin URL-feil på MDG-linken.. :P

    Identoo-linken funker heller ikke, forresten. Er .com, ikke .org.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.