Kvifor forsvann heile sida mi?

Plutseleg vart sida mi vekk for ei stund sidan. Eg vart sjølvsagt grådig leid meg av di eg hadde masse eg ville skriva um. So hev ho vore daud ei víka og er framleis ikkje uppe. So difor er det framleis litt stress og ukult å leggja ut nye ting på netsida.

No er tenaren til eg og Egil (thor) uppe att, men eg mista ein heil del – og det må til ein del manuelt arbeid for å få det attende.

Det utset eg. Eg held fram med å la sida mi få vera på Acona (det er tenaren som står på det gamle rommet mitt i Stavanger).

Det er ganske ironisk at tenaren me betalar for er meir ustabil enn den eg hev på guterommet.

Heile grunnen til at eg betalar for ein annan tenar er faktisk driftstryggleik. Alt det andre gjer eg betre heime.

FsckVPS’ morsselskap vart cracka gjennom ein tryggleiksfeil i HyperVM, som er eit program for å halda styr på fleire virtuelle tenarar. 100.000 sider vart sletta av crackarane. Jæklar.

HyperVM er proprietær programvare (lukka), og hovudutviklaren vart funne hengd eit par dagar seinare. Dei trur det er sjølvmord. Difor det er ulurt å driva med proprietær programvare.

So… Det er litt stille her litt. Kannhenda. Same kva, det var difor sida var nede.

Eg gjeng attende til FsckVPS, av di det er hendig og bra. Men eg og Egil tek backup på våre eigne tenarar i tillegg no.

Ein tanke om “Kvifor forsvann heile sida mi?

  1. Simon Skribent

    Kjipt. Vonar at ikkje alt for mykje gjekk tapt. Trur eg hadde fått fnatt viss noko slikt hadde hendt med GoLarge. Har jo heile videodatabasen min der i tillegg til veven.

    (Artig. I ordboka står «tullerusk» som synonym til «fnatt».)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.