Laga film med Jon og Espen i dag

So fekk me endeleg gjort det. Var ikkje so ovmykje smerte som skulle til. Det tok ikkje lange tidi helder. Eg kom til Espen ca. kl. 1800 då dei [Espen og Jon] sat og spelte FIFA. Det heldt dei fram med ei tid fyrr me starta.

Eg hev hatt ein heilt super dag i dag. Det var kjempemoro å laga film.

Espen sit på pcen sin

Me hadde planar um å få til noko lite, men likevel av høgare kvalitet enn det me normalt gjer (vel, normalt og normalt, det me gjorde som småungar på ungdomsskulen). Litt meir gjennomtenkt og -arbeidd. Dette skulle me bruka tvo kjappe dagar på, men eg fekk ikkje tak i ljos på sundagen, so me korta det ned til ein dag.

So dreit me i ljos i det heile teke, og no gjekk det verkeleg frå «høgare kvalitet enn normalt» til «det same lågkvalitets upplegget som alltid». Jajo. Me mista totalt all ambisjon. Gadd ikkje taka med nokon andre, av di er det berre oss tri so hev me det moro og treng ikkje laga noko bra. Vil ikkje sløsa tidi til nokon andre når det ikkje vert noko å ringja heim um likevel.

Me kasta manus og kom på nye idéar medan me filma, det vart ein del «goofs» og me hadde det generelt sett moro. Veldig moro. Og der er ein del av verdien. Eg hadde ein skikkeleg god dag i dag, det var veldig koseleg. Og sjølv um det ikkje er noko som kann brukast på nokon som helst måte so er det moro å hava endå ein «film» (vel, leik + eit kamera) under beltet.

I slutten gjekk alt veldig kjapt, som vanleg. Me visste alle at all profesjonalitet var kasta på båten og kjappe idèar og løysingar (enn kor rare) vart løysingi. Det er no eigentleg endå meir morosamt å «jobba» på den måten (ok, eg bør seriøst leggja av gåseaugo no («»)).

Då me raskt og gale slutta av, fann eg ut at me måtte prøva redigera det med ein gong. Det plar verta til at dei aldri vert redigerte med mindre me startar rett på. Espen hev Sony Vegas, men det viste seg at den ikkje stør MJPEG. So eg måtte nøya meg med Windows Movie Maker. Det var eit heilt ekstremt treigt program, som var ganske so ilt å jobba i. Me gav upp då Espen fortalde meg at eg ikkje kunne fjerna ljod frå eit klypp.

Men so starta eg att, berre for å få saman noko. Det kunne jo ikkje verta verre enn ein uklypt film. So ljoden er endå verre enn biletet og historia og resten av filmen. Hadde me fylgd manus hadde nok filmen vore litt klårare. Miljøet som han skulle vera plassert i er òg totalt feil. Det vert meir feelgood enn mørk film noir. Flatt keisamt ljos. Hadde ikkje alle objektivene med meg. Men brukte nesten berre vidvinkelen likevel. Dessutan vert det brudd på handlingsaksen (elder kva ho no enn heiter) når eg ikkje planlegg kva side eg skal skyta på. Eg trur ikkje folk vert so lett forvirra av slikt i dag, men det ser stygt ut iallfall. Jon på høgre side, Espen på venstre, plutseleg neste klypp so er dei motsett av di eg er på den andre sida. Amatørfeil. Men eg veit i det minste um det, og visste det tilogmed då eg tok det upp ;-)

Men skal eg segja deg kva?

Eg synast filmen er dritkul same faen. Eg luktar ein remake neste gong me treffast, då litt betre. Kannhenda me kann laga han um att og um att heilt til han er presentabel nok til å putta andre stader enn netsida mi.

So kann du få sjå han um du vil. Berre hugs at dette er laga veldig kjapt. Og at han er klyppa i Windows Movie Maker av Windows-gretne Odin. ;] Kannhenda eg klarar klyppa han på ny i Cinelerra, ein eitt hakk betre versjon.

So, trass alt, kva tykkjer du?

4 tankar om “Laga film med Jon og Espen i dag

  1. Espen

    Hehe, alt det eg plutselig komme øve et halvt år for seint :P Rett før eg sporte om du hadde ein bedre link (så fungere) te filmen, men det gjekk opp et lys at eg har ann på pcen min :P

    Må virkelig sei, itte å ha sett filmen på ny nå, at det vekke gamle goe minner. Va ein særdeles morsom dag, og filmen va egentligt veldig underholdande. Ane, som du nevne, at ein litt mer dedikert versjon konne vært fenomenal, for å bruga et litt overivrig udtrykk! :)

  2. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Hehe, ja, eg skal nok finna fram filmen att og lasta han upp. Han vart sletta frå serveren saman med alt anna, og eg hev ikkje gidda fiksa det enno. So er mange bilete som ikkje fungerer rundtom.

  3. Helene

    Eg like korleis nesten alt du skriv om kan relaterast til «Klippa hår, no er eg (endeleg) skalla»

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.