2009-07-04 10.30
Helene med ny frakk i Praha
«Forslag» frå Helene her me sit på Starbucks og ventar på å taka flyget til Dubrovnik:
«Legg ut bilete av meg i den nye frakken og skriv ‹medan familien min shoppa heile víka venta Helene til siste stund og shoppa berre ein kjole!› Ja, og so Hegel då. Skriv det. For då høyrast eg so smart ut.»
So det er altso grunnen til dette helder utypiske innlegget frå meg.
Eg kann òg fortelja at eg fekk kaupt ein decaf coffee her, og at han smakar himmelsk. Helene segjer han er betre enn all anna kaffi ho hev smakt. Dessutan måtte eg jo hava kaka, er jo år og dag sidan eg hev hatt kaka+kaffi.
Helene gjekk inn og spurde um varmt vatn, og personalet var so ekstremt viljuge til å hjelpa at ho vart heilt frå seg av ovundring og kann no knapt sitja stille på stolen. Ho hev altso med seg teposar og fær no gratis te. Noko ho set veldig stor pris på (iom. at ho brukte dei siste pengane sine på kjolen).
Ah, forresten, det fortset, eg fekk med meg dette ut av ordstraumen som kjem ut or den lettare hypre Helene:
«Skriv du um meg, skriv du um meg!? Du må hava eit eige kapittel um meg! Hmm. Forresten, hev du eit bilete av at eg les Hegel?», held ho fram. Ho kjem inn på ein heil del snakk um flyplass og nestle-bar fyrr ho til slutt må forsikra seg at eg ikkje hev gløymd alt det der med Hegel og bilete av ho med frakken.
So, ja, slik gjeng no dagane ![]()
Oppdatert eit kvarter seinare: Eg fekk eit heitt tips um at det var fullt mogleg å byta til eit litt mindre uflatterande bilete, og at det var sterkt tilrådd å gjera det brennkvikt. So, gjort. ![]()
Elles fekk eg høyra at det visstnok heiter «Kåpe» for jentor, men «Frakk» var meir sexy. Dessutan fekk det meg til å høyrast dum ut, som var ein bonus Helene godt kunne leva med.









