Til Kroatia, flyplass

Sjølve turen til Kroatia var mest venting. Me kom til flyplassen alt for tidleg, av di me tenkte me like godt kunne hengja der og venta. Dårleg tenkt. Me fekk ikkje sjekka inn, og området utanfyre tryggleikssjekken var keisamt. Etter tvo timar opna dei. Den plassen var nesten verre. Superdyrt, superkeisamt.

Flyget var forseinka. Me sette oss ned og kaupte noko mat og alkohofri øl til ein ekstrem dyr penge (300!). Då trudde eg at eg hadde brukt upp dei siste krunaene våre. Me venta og venta. So fekk me vita at flyget vårt vart endå meir forseinka, so det var ikkje 2 timar til lengre, men 4. Me henta «refreshment vouchers» for 180 kruna kvar.

Helene paa Praha sin flyplass

Eg hadde fengje nok av den rådyre flyplassen og fann ut at me enkelt kunne gå ut att for å handla i normale Tsjekkia der det var mykje billegare. Eg spurde på Subway, og heldigvis tok dei lappen min. Helene hadde ikkje lyst på Subway-sub, so ho gjekk inn att med sin der me sat og venta. Eg brukte det trådlause netet til den ekstremt dyre kafeen med dei sinte servitørane. Herleg at det er so enkelt å gøyma seg slik.

Tidlegare på dagen hadde Helene kaupt seg ny frakk, og brukt meir pengar enn ho ville. Dessutan måtte ho la ei flott regnjakke vera att. No måtte ho bruka 180 kruna på noko tull ho ikkje trong. Ho gjekk fram og tilbake i butikkane og såg. Etter tvo timar med slit kaupte ho sjokolade.

Ho var sliten og leid. Med eitt fann eg endå meir pengar i bukselomma mi. Vops. So gav eg ho det. Det vart eit endå større problem.

«No hev eg stressa fælt med å ikkje handla flotte klesplagg grunna lite pengar, men no må eg bruka ei heil formue på tull og tøys! Dette gjer vondt og er vandskeleg!»

Og so til slutt, etter 6 timar venting, fekk me venta litt til fyrr flyget gjekk. Slik er det å fly med SkyEurope.

2 tankar om “Til Kroatia, flyplass

  1. Skjalg Skribent

    Prøver igjen. Siste kommentar ville ikkje feste seg i nettet… Flyplassar er frykteleg dyre over alt. Spesiellt i førkommunistiske land som er blitt superkapitalistiske…

  2. Skjalg Skribent

    Viktig med slik røyndom, men det er godt når ein er ferdig med slike opplevingar. Og så har veit ein mykje om korleis ein skal gjere ting annleis seinare. Flygplassar er ALLTID dyre. Alle veit jo at det er her ein skal kvitte seg med pengane ein har att!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.