På Øyafestivalen, kaldt og vått

Sit her inne i isvogna og frys. Is sel verkeleg best i sol. Det kjem no eit par innum kvart femte minutt, men det er ikkje store jobben. Det er kjekt når det er hektisk og fullt kør.

På onsdag og torsdag var det godt vêr og høgt trykk, utanum eit kraftig regnskyll midt på dagen. Det satte litt stogg på sal resten av dagen. Likevel ikkje so labert som no…

Eg hev ete mykje is då. Isrosa er verkeleg den beste isen i verdi, men no er eg kald. Veit ikkje um eg gidd hengja att for å sjå Karin Park og Røyksopp eingong. Hmm.

Forresten fyrste innlegg frå telefonen.

Uppdatert

Odin sel is frå Isrosa-bua

Eg gjekk ikkje. Eg byrja prata med Øystein, selde litt is og hoppa på Karin Park-konsert. Eg tykte ikkje musikken var spesielt bra, men det var kjekt å hengja litt på konsert.

Folk byrja samla tomme ølplastikkglas i hetta til ein fyr framfyre meg utan at han visste det. Var ganske kult. Til slutt vår det glas til ein 10 kr der, og då ein litan unge kom forbi leverte kameraten dei til guten. Då hadde me ledd av fyren med ølglasi i hetta ganske lengje ;-)

Til slutt var det Röyksopp-konserten. Eg gjekk burt med Kristian fyrst, me stod langt bak og det var ikkje so mykje stemning å henta der bak. Var sjølvsagt totalt evig med folk på konserten. Etter litt gjekk me attende. Eg samla litt flaskar og tente totalt 18 kr. Dei donerte eg ikkje til NU (som dei spurde um eg ville), men tok sjølv. Tenkjer dei er i betre hender der ;-) Hohoh.

Eg gjekk attende att med Birgitta, me lurte oss mykje nærare. Det kosta å gå gjennom ein heil haug sørpa.

Der var det høgare ljod og større stemning. So eg kjende eg kunne dansa ganske mykje utan at det var teit. Er lov å gjera det når du står langt framme.

So, det vart ein bra kveld lell ;-) Dessutan fekk eg med meg litt is til heimen. Det vert nok stor stas når Helene kjem på måndag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.