På filmfestivalen i Haugesund

Denne festen hev vore ein av dei verkeleg betre dei siste åri. Eg er på filmfestivalen i Haugesund og klokka er 05.00. Eg kjende ingen her, men i dag løsna det litt, herleg.

Eg hev skrive nok av lange festinnlegg(Norsk besøk, Det var ein dag i går,Vill mandag (merk, dei er seriøst skitgamle og flaue, ikkje ta nynorsken der for god fisk), so eg skal halda det herleg kort. Til gjengjeld må eg få fortelja litt um dagane her på festivalen.

Diverre so kunne eg ikkje koma heile upphaldet som eg hadde fengje gratis upphald og festivalpass for. Eg var nemleg på FrOSCon (som eg gjerne vil skriva um dersom eg tek meg saman) med Helene. Her i Haugesund skulle eg møta ei anna Helene, Stenhaug, so hadde me vore tvo som ikkje kjende nokon men iallfall kvarandre. Diverre so tok eg eit ganske mykje seinare fly for å spara litt pengar og Helene Stenhaug var so heldig at ho måtte på ei filminnspeling i Stavanger.

Alle lenkjer til filmer er mine kortinntrykk frå filmen på kvitre.

Dag 1, måndag. So då kom eg til Haugesund heilt åleina. Og det var ganske treigt og keisamt fyrste dagen, eg fekk sett ein film. «Kaos i landsbyen», fransk animasjon. So la eg meg, utan å ha prata noko særleg med nokon. Minna meg litt um då eg var åleina i Danmark, berre då var det ingen rundt. So dette var verkeleg mykje betre, eg hadde det fint.

Dag 2, tysdag, såg eg masse film. Heile dagen. Moro.

Gjekk på premierefesten til UP, men det gjekk ikkje so bra som eg skreiv på kvitre:

No på premierefest elder noko for UP. Alkohol og kjøt, ingen plass for meg. Gamle menneskje. Står tragisk åleina. Patetisk. Eg stikk.

Eg vart invitert til etterfest på båten, men droppa det då eg kom ned i lugaren. Gadd ikkje stå og lura meg innpå samtalar og risikera å sjå ut som ein idiot. Dessutan var eg so svolten at eg ikkje gadd gjera noko meir enn å liggja.

Dag 3, onsdag, altso i dag, jobba eg mykje. Det gjorde eg òg dei tvo andre dagane, men ikkje like mykje. Eg skulle eigentleg sjå masse film, men vops der gløymde eg den fyrste, jaja, surfe-surfe, vops den andre, surfe-surfe, vops den tredje. Og plutseleg var den dagen vekk. Trudde eg. Ikkje. Eigentleg ikkje altso.

Eg stakk upp og såg ein til film (eg hadde nemleg sett ein tidleg etter frukost). So filmane eg såg var:

Eg fekk meg ein falaffel (vis frå svolten dagen fyrr) og gjekk ned til båten. Då eg kom inn fekk eg høyra at eg fint vel måtte vera med på wrap-festen til Tomme Tønner. So eg gjorde det. Dei serverte redbull og vodka (elder kvafaen dei plar putta uppi), eg tok ein rein redbull utan noko utvatning. Smakte ikkje godt, men eg fær vel strekka meg litt for å vera «konform». :-)

Det var stadig berre ein venegjeng utpå golvet, so eg kunne ikkje godt starta dansa og stå åleina. Viss det var tvo venegjengar so kunne folk godt tru eg høyrde til i ein av dei og då er det OK. Eit par minutt gjekk og so klarte eg ikkje halda meg lengre og byrja dansa.

Fem timar med dansing, iblanda ein del vatn, ein Clausthaler og ein koseleg telefon med Helene. So var det stopp. No var tingen å få folki vidare ned til Filmkraft-båten (det er hotellet, her eg hev lugaren min). Det gjekk bra. So fekk eg roa meg ned litt og prata med koselege folk som var genuint hyggelege å prata med.

Meen. Sovings, er ein dag i morgon òg, (ser på klokka), vel, kannhenda…

Eg kjenner eg gler meg til å flytta etter Helene til Bergen. Det er ein annan mentalitet på vestlandet enn på austlandet. Eg veit godt kva eg fyretrekk.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.