«Innhaldsrikt» blogginnlegg um innedag med middag, vitjing og puslespel

Puslespel, manglar eit par brikker

Som detaljlesande lesarar av sida mi hev funne ut (alle tvo), so sit eg mykje inne for dagane. I dag er det måndag, sist gong eg var skikkeleg ute (som ikkje var butikktur) var torsdag. Rett nok ikkje like gale som då eg var sjuk[1], men no hev eg verkeleg ingen grunn til å ikkje gå ut. Anna enn at eg ikkje klarar dra meg upp av stolen.

Rett nok hev eg keia meg mykje dei siste dagane, men i dag var det annleis. Og nett difor hev eg tenkt å fylla bloggen min med endå meir ikkje-interessant informasjon som eg må lida meg gjennom når eg i ein alder av 39,5 fær midtlivskrise og finn ut at eg skal lesa alt det eg hev skrive til meg sjølv gjennom alle desse åri. Kannhenda like greitt å få vita at dagleglivet mitt eigentleg ikkje var noko særleg meir interessant den gong då som no (i 2027, altso).

So er det kannhenda ein annan grunn til at eg uppdaterer bloggen min nett i dag då. Kva kann det vera? Jo, det hev truleg tvo grunner;

  1. Eg fekk nett høyra at eg hev vore flink å uppdatera netsida mi i det siste. Det manar jo sjølvsagt fram til meir. Kvantitet er ikkje det same som kvalitet. Noko dei kjølege i innspelsfelteti mine viser; mange av dei siste postane hev få til ingen innspel.

  2. Eg fekk òg fylgjande innspel frå pappa for litt sidan:

    Odin… Det hadde vore kjekkt å få nokre oppdateringar så me veit korleis det går med deg. Her i Spania føler me oss langt vekke frå deg…

So hev eg no uppdatert trass i at det hev vore lite å segja (som viser att i totalt fråverande innspelsmengde).

Og det held fram, endå meir sjangerkorrekt enn sist:

Middag

I dag åt eg lauksuppa. Eva lagde. Ros til Eva.

Vitjing

Mariell og Jostein kom på vitjing. Kos. Me drog upp på loftet der eg aldri hev vore. Eg fann ein diger stabel med tingi mine der uppe, Helene hev bori[2] alt upp. Ros til Mariell, Jostein og Helene.

Puslespel

Janne-Kristin hev kaupt puslespel og fann det for godt å setja eg og Eva i aktivitet. So me hev pusla heile kvelden. Ros til Janne-Kristin.

Frametter

Fylg med, og vert ein av dei fyrste til å vita kva eg et til middag i morgon!

Tenkjer det burde læra JK å uppmuntra meg til meir blogging.

Heh, nei, eg berre tuller. Simon nemnde nett middagsblogging[3], og eg hev hatt lyst til å gjera det sidan den gong. ;-)

Notar

  1. Eg skreiv aldri um då eg var sjuk, trass i at eg var 5-6 døgn inne (utan so mykje som ein butikktur!) og vart ganske gal av det.
  2. Det var noko gale med dokpro-ordboki, so eg skreiv «hev bert». Fann ut av det ved å installera ordbanken lokalt på maskini, so «bori» er korrekt for «bera».
  3. Middagsblogging er uinteressant blogging. Type «kva gjorde eg i dag», der «i dag» er ein … mindre spesiell dag

Ein tanke om “«Innhaldsrikt» blogginnlegg um innedag med middag, vitjing og puslespel

  1. Skjalg Skribent

    Veldig kjekt å lese hos deg igjen! Her ute i provinsen (Spania) har me ikkje så mykje sosialt liv ennå. Difor er det godt å sjå kva resten av familien og vener i Norge gjer. Snakke, skrive og lese. Godt me har internett, eg som er så gamal hadde ikkje anna enn telefon og brev som kommunikasjon i «gamle dagar». Det var forresten ei fine dagar i Stavanger med jobbing, og veldig kjekkt å jobbe med deg Odin. No må du kome til Spania og filme litt du og. Treng deg nok til nokre scener til filmen me lagar her.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.