Noreg treng eit nytt stemmesystem

Det er heilt utruleg at me hev eit stemmesystem som kastar stemmene til mindre parti. Viss kvar stemme hadde vore like mykje verd og den totalt idiotiske sperregrensa hadde vore teken vekk so hadde MDG kome inn på tinget. Eit parti treng ikkje meir enn 0,58% stemmer for å få ein person inn på tinget då. Med 1,15% av stemmene fær du tvo. So mykje enklare og greidare system.

Greitt nok, det er eit problem her at alle bymenneskja ikkje skal få yverkøyra alle dei i Nord-Noreg osb, men er det verkeleg verd noko?

Meir viktugt, stemmesystemet er totalt brekt i seg sjølv. Det er taktisk, alt for taktisk. Stemmesystemet gjer at me ikkje stemmer på dei me eigentleg fyretrekk til å styra. Eit stemmesystem som hadde tilfredsstilt Condorcet-kriteriet hadde fiksa problemet.

Ein Condorcet vinnar (elder vinnarar) er den som ville vunne i alle ein-mot-ein kampar. Det fjernar taktisk stemning. Iallfall den taktikken som gjer at folk ikkje stemmer på partiet dei eigentleg ynskjer å stemma på.

So. Kvifor hev me ikkje det? Burde vore ganske upplagt, dei maktgriske partia sit jo på Stortinget og hev absolutt ingen ynskje um å gjera ting meir demokratisk. Det vil jo truleg tyda mindre stemmar til dei.

3 tankar om “Noreg treng eit nytt stemmesystem

  1. Tilbakeping: «Innhaldsrikt» blogginnlegg um innedag med middag, vitjing og puslespel « Velmont – Odin Hørthe Omdal

  2. Simon Skribent

    Samd i det med sperregrensa, og kjenner meg att i taktisk røysting (sjølv om eg ikkje gjorde det). Problemet ligg i det med regjering. Då eg skulle røysta, tenkte eg mykje på kven som hadde størst sjans på å koma i regjering, og grøssa med tanken på FrP og H som sjefar. Hadde eg røysta berre med tanke på regjeringa, ville eg gått for Ap. Men det er jo eit stortingsval, og eg har ingen problem med t.d. KrF eller V i tinget. Såleis fekk eg tvidelte kjensler av valresultatet, med heldigvis framleis raudgrøn regjering, men diverre færre folk til å støtta opp om nynorsk, miljø og personvern på tinget.

  3. Kevin Brubeck Unhammer Skribent

    Veit du om det finst land som har Condorcet-val? (Eg er ikkje så oppdatert på sånt…)

    Eg er samd i at eit system som fremjer taktisk stemming er eit onde (eg stemde sjølv «relativt taktisk»…). Av og til tenkjer eg at det hadde vore betre å stemt på sak heller enn person, men så blir eg minna på den scenen i Batman – The Dark Knight der alle ville ha stemt på å drepe dei andre, men ingen enkeltperson vil stå til ansvar for handlinga.

    Hmm.

    Eller var den scenen urealistisk?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.