Jesus Christ Superstar på Det Norske Teateret

Denne teatermeldingi er tvodelt, av den enkle grunn at eg etter fyrste akt skreiv kva eg tykte um stykket, og so måtte skriva meir då andre akt var ferdig. Det heile er ganske interessant eigentleg :-) Viss du ikkje gidd lesa alt so er det berre å hoppa til slutten. Me sat forresten ganske langt bak (rad 18).

Bilete av Hans-Erik Dyvik Husby (foto: Sigurd Fandango Kapperud, Det Norske Teateret)

Bilete av Hans-Erik Dyvik Husby (foto: Sigurd Fandango Kapperud, Det Norske Teateret)

Fyrste akt

Eg veit ikkje um det stykket som er so tamt elder um det er regissøren som hev klart gjera det so dørgande keisamt. Det er veldig synd, alle som kjenner meg veit korleis eg verkeleg elskar teater – men dette var diverre skuffande.

Eg bryr meg ikkje um karakterane i det heile teke. Dei er inkje for meg. Eg fann ut at heile stykket berre er jesus-historia utan nokre serlege endringar, so det er sikkert vandskeleg materiale å laga noko interessant av. JaOK, dei sa noko um at Jesus skulle døy, men det var berre ei setning og noko trist musikk – dei hev ikkje gjort eit forsøk på at det verkeleg gjeng inn på nokon. Kvifor i alle dagar er dette eit kjend stykke? Er det berre av di det finst so mange turbokristne her i den vestlege verdi? Kann då ikkje berre vera det.

Hank von Helvete er kjempebra, same med Charlotte Frogner og resten av gjengen. Det som manglar er RAMMA. Dette minner meg alt for mykje um Which Witch som eg òg prøvde hardt å lika.

Det hev vore kule enkeltscener, og flotte grep. Ein del av tilhengjarskaren til Jesus spring vilt upp i salen og spring inn i publikum, der står dei uppå oss og syng. Det gjev ljod ut i salen og trøkk. Diverre hev regissøren gjort ein totalt mongo ting her; etter trøkket og den sjølvsagte klappen frå publikum startar ei ballade på scenen! Makan til å drepa ei god stemning! Dessutan vert tilhengjarskaren ståande i salen som daudkjøt. Det virkar idiotisk og er ingenting meir enn irriterande. Ja, utanum synd då.

Forresten so er Hank utruleg flink til å prata nynorsk, nett som nyhendeopplesarar i NRK. Han hev ei god nynorskstemme. Det gjeld eigentleg heile stykket, folk prata veldig god nynorsk. Det liker eg. Ikkje slik som i Which Witch. Dessutan såg me «Den store landevegen» rett etterpå, der dei til stadigheit sa «di» når dei meinte «de» og «dykk» når dei meinte «du» elder «deg». Det var utruleg irriterande. Ingenting av det her!

Eg sit no i pausen og ventar på andre akt. Judas hev nett forrådt Jesus, so eg vonar det tek seg upp til denne akti.

Andre akt

Hekkan! Eg må totalt skriva ny innleiing! Andre akt var noko totalt anna.

Starta som det slutta, men få minutt inn leverer Hank/Jesus ein (um eg fær segja so) SATANS god tale (song) til gud. Eg kunne ikkje la vera å verta totalt rive med bak der eg sat.

Det stogga ikkje helder, rett nok vart det litt treigt i rettssystemet etter songen, men det venta eg. Etter han hev vore inne hjå Pontius Pilatus (totalt keisamt, Hildegun Riise), byrjar ting taka seg upp. Det gjeng frå OK til ganske bra.

So kjem Sigve Bø som Rhodes, og litt av eit show! Lekre saker, verkeleg! Ljoden gav god trøkk og det var storstemning i salen. Slik skal det gjerast. Det verka som um ljoden var skrudd upp og bakhøgtalarane faktisk spelte noko. Dessutan fekk eg ei god «romkjensle», av di nokre instrument var bak meg, andre framme. Eg kjende det som um eg var med på festen.

Det heldt seg verkeleg bra, og andre akt såg ut til å retta upp for fyrste. Men so kjem Frank som Judas og ljodmannen set ljoden ned. IDIOT! Kva skjer med å vilja øydeleggja stykket!? Drittsekk! Det var utruleg kor mykje den endringi hadde å segja på stemningi i baksalen.

Frank gjer det beste utav det og er sopass flink at han fikser det lell, men snakk um sabotasje. Til neste song so er ljoden fiksa att og frå der vert berre stykket betre. Frank som engel er berre totalt konge, og då han fridde til publikum um å vekselvis jubla og halda kjeft tok berre ting heilt av. Hank er festa på krosset og totalt uventa reiser midten av scenen seg til eit digert kort omkransa av små LED-ljos. Eit utruleg skue, og jækleg provoserande. Det er som eit amerikansk bønemøte. Flaut å vera der, men likevel so hev uppbyggingi vore so god at eg nesten kjende eg måtte upp og klappa same kva.

Eg skal ikkje segja meir no enn at denne slutten berre er heilt helvettes bra. Det tok seg so ekstremt upp at du vil ikkje det tru.

Kvifor so stor forskjell?

So sit eg no her med fyrste halvdel av teksten frå fyrste akt, kvifor er han so dårleg? Det fær meg til å tenkja på Jungelboka som var ganske lik. Då sat eg òg på fyrste rad, men energien i skodespelarane og elles var låg i fyrste akt. Kastar mellomdårlege greidor på deg fyrr det eksploderer i andre akt og tek seg upp. So finn eg ut at desse tvo stykkene er regissert av same person… Er det ein strategi? Litt trist i svo fall, dei fleste stykki eg hev sett klarar fint å halda seg bra og spanande i fyrste akt sjølv um dei ofte imponerer mest og best i andre. Same kva, hadde eg ikkje totalt slakta stykket i skrift i pausen, so hadde eg nok gløymd mykje av kor elendig eg synast det var, nett slik eg gjorde med Jungelboka.

Eg og Helene skal sjå det um att no dagen fyrr fødedagen hennar. Helene totalt elska songane (det gjer eg òg), dei er skikkeleg bra. Ho likte stykket veldig godt, og fyrste akt mykje betre enn meg. Denne gongen sit me på fyrste rad.

So kva er moralen? Nei, det er ingen, dette var ei teatermelding og lat meg få segja, alt i alt var stykket satans bra. Sjå det.

2 tankar om “Jesus Christ Superstar på Det Norske Teateret

  1. Helene Skribent

    Altso. For meg har mimikk mykje å seie. Og der me sat såg me jo verkeleg lite til slikt:) Eg gler meg sjukt til å sjå det att! Forresten, kors (jfr. tekst) eller kross? -et til jesus altso.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.