Avspeling av NRK Nett-TV i nyaste Ubuntu (den enkle metoden)

For Ubuntu 10.04 og nyare

Testa på Ubuntu 10.04, 10.10, 11.04 (Natty Narwal) og 11.10 (Oneric Ocelot)

  1. Klikk her på ubuntu-restricted-extras og vel «installer» i Ubuntu Software Center

Dersom du ikkje vil ha alle ekstragreine du får med denne metoden, so les denne kommentaren

Kannhenda er du interessert i korleis lasta ned (eller lagra) video frå NRK Nett-TV òg?


For Ubuntu 9.10

Eg var litt flaut aktiv i kommentarfeltet til NRK Beta då dei skreiv «korleis få NRK Nettv til å fungera på Mac», sjølvsagt for å forklara korleis folk kan få gjort det same 1 i Ubuntu Linux 9.10 (eg har ikkje testa andre distroar).

Kommentaren min der eg forklarte kor enkelt det var, vart fort gamal. Den ganske so nye Moonlight 2.0 fungerer nemleg ikkje, berre den gamle 1.0.1-versjonen. NRK Beta skreiv ein ny artikkel basert på kommentaren min, men den viste seg diverre å vera av kortvarig verdi: no endra Mono-prosjektet nedlastingssida si frå 1.0.1 til 2.0.

Difor fungerer berre den enkle Ubuntu-varianten av kommentaren min no. Veldig flaut for meg sjølvsagt; å segja «hei, dette fungerer!», få det publisert på den beste bloggen 2 i Noreg og so fungerer det ikkje likevel.

So her hev eg ei enkel metode 3 som fungerer 4, ulempen er at du ha Ubuntu 9.10 5 for at han skal fungera.

Korleis sjå NRK nettv i Ubuntu

  1. Klikk her for å installera moonlight-mozilla-plugin

  2. Trykk på «innstillinger» øvst i høgre hjørne på NRK Nett-TV

  3. Vel «Silverlight»

  4. Moonlight vil spørja deg om du vil lasta ned ein kodek-pakke frå Microsoft, diverre må du seia «ja»

  5. Set deg tilbake i stolen og nyt NRK Nett-TV

Denne artikkelen er altso basert på NRK Beta sin 6, og er fylgjeleg lisensiert under Creative Commons lisensen «Navngivelse-Del på samme vilkår 3.0 Norge».

Oppdatert: Moonlight-metoden er veldig dårleg, heldigvis er det enkelt i nyare Ubuntu Linux

  1. Grunnen til at eg var so interessert i dette er av di Janne-Kristin klaga på at nettv plutseleg slutta å fungera, eg fekk meg aldri til å fiksa det – og difor fann ho ut av det sjølv; å byta til Moonlight var løysingi hennar. Etter det hev eg fortalt dei gode nyhendi til båe pappa og Marielle (frå jobben), sidan dei òg hadde klaga ein heil del av di NRK sin nettv ikkje fungerte i Ubuntu. Dessutan er det sikkert moro å kunna sjå NRK nettv for brukarane av dei 10 Ubuntu Linux-maskinane på jobben. []
  2. Åvel, NRK Beta seier dei ikkje er ein blogg, so den beste sandkassa for teknologi og nye medier då, som om det liksom finst fleire enn ein ;-) []
  3. Eg tykkjer ikkje det er den beste, av di du må lasta ned kodekar frå Microsoft, pluss at du bruker teknologien dei har laga for å i framtida kunna låsa enno fleire folk inn til Microsoft. Den beste metoden finn du i ein kommentar frå Aksel Hovdar []
  4. eg skreiv òg om han i kommentaren, men NRK Beta tillet ikkje apt-urlar i kommentarfeltet []
  5. Ubuntu 9.10 heiter Karmic Koala []
  6. Som ein slags skadereperasjon []

10 tankar om “Avspeling av NRK Nett-TV i nyaste Ubuntu (den enkle metoden)

  1. Simon

    Fotnotebonanza :-P

    Ein ting eg stussar litt på: Er dette berre til Firefox, eller fungerer det for alle vevmysarar?

  2. Guttorm Flatabø

    Hm. Eg trudde (frå tidlegare erfaring) at eg ikkje ville kunna visa NRK nett-TV utan å gjera som her skrive, og følgde difor instruksjonane.

    Eg vart difor litt overraska når det var Totem nettlesartilleg 2.28.2 (basert på Gstreamer) som spela av. Prøvde deretter i Chromium der det også fungerte utan å gjera noko som helst. Sjekka som om eg har w32codecs, men eg har ikkje eingong konfigurert Medibuntu-arkivet.

    Fungerar det kanskje gjennom nokre andre Gstreamer tilleg?

  3. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Hmmmm. Det fungerer i totem, ja, og standard i Ubuntu når du hev MMS-stødnad installert. Problemet er at han er so ustabil at dei linuxbrukarane eg hadde konvertert ikkje likte det. So moonlight-greia er meir stabil, han bufrar ikkje so ekstremt som totem-greia gjer (når du t.d. lastar ned noko på same tid).

    Eg har ikkje gstreamer eller totem installert i det heile teke på denne maskina mi (Arch Linux, ikkje Ubuntu på han), so eg kann ikkje testa det nyaste no.

  4. NilsNH

    Ska sei, lita verd. Søkte rundt på nettet etter svar på dette problemet. Så, takk for artikkel. ^^

  5. NilsNH

    Hmm, Nei, denne løysinga fungerte diverre ikkje heilt. Kom forresten på at ein også berre kan ta å høgreklikke og velje å spele av i VLC.

  6. Odin Hørthe Omdal Skribent

    NilsNH: No sjekka eg grundig med ein heilt nyinstallert maskin her, no skal gaiden vera skikkeleg og innehalda alt som trengst. Takk for hjelpa :-)

    Eg likar ikkje ubuntu-restricted-extras av di du fær med so mykje drit. Typ sun-java og a…

    Nei! Dei hev teke sun-java vekk til openjdk-java. Vel, då endrar eg til å berre køyra ubuntu-restricted-extras.

    For gamle dagar; her er dei eg hadde:

    1. installer gstreamer0.10-plugins-bad
    2. installer gstreamer0.10-plugins-ugly
    3. installer gstreamer0.10-ffmpeg
  7. Andreas

    NRK nett-TV funka rett ut or boksen i Ubuntu 11.04, med dei tredjeparts pakkene haka av tidleg i installasjonen. Sannsynlegvis er det ubuntu-restricted-extras :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.