Velmont – Odin Hørthe Omdal

2009-12-21 18.01

Avspeling av NRK Nett-TV i nyaste Ubuntu (den enkle metoden)

Eg var litt flaut aktiv i kommentarfeltet til NRK Beta då dei skreiv «korleis få NRK Nettv til å fungera på Mac», sjølvsagt for å forklara korleis folk kan få gjort det same1 i Ubuntu Linux 9.10 (eg har ikkje testa andre distroar).

Kommentaren min der eg forklarte kor enkelt det var, vart fort gamal. Den ganske so nye Moonlight 2.0 fungerer nemleg ikkje, berre den gamle 1.0.1-versjonen. NRK Beta skreiv ein ny artikkel basert på kommentaren min, men den viste seg diverre å vera av kortvarig verdi: no endra Mono-prosjektet nedlastingssida si frå 1.0.1 til 2.0.

Difor fungerer berre den enkle Ubuntu-varianten av kommentaren min no. Veldig flaut for meg sjølvsagt; å segja «hei, dette fungerer!», få det publisert på den beste bloggen2 i Noreg og so fungerer det ikkje likevel.

So her hev eg ei enkel metode3 som fungerer4, ulempen er at du ha Ubuntu 9.105 for at han skal fungera.

Korleis sjå NRK nettv i Ubuntu

  1. Klikk her for å installera moonlight-mozilla-plugin

  2. Trykk på «innstillinger» øvst i høgre hjørne på NRK Nett-TV

  3. Vel «Silverlight»

  4. Moonlight vil spørja deg om du vil lasta ned ein kodek-pakke frå Microsoft, diverre må du seia «ja»

  5. Set deg tilbake i stolen og nyt NRK Nett-TV

Denne artikkelen er altso basert på NRK Beta sin6, og er fylgjeleg lisensiert under Creative Commons lisensen «Navngivelse-Del på samme vilkår 3.0 Norge».

  1. Grunnen til at eg var so interessert i dette er av di Janne-Kristin klaga på at nettv plutseleg slutta å fungera, eg fekk meg aldri til å fiksa det – og difor fann ho ut av det sjølv; å byta til Moonlight var løysingi hennar. Etter det hev eg fortalt dei gode nyhendi til båe pappa og Marielle (frå jobben), sidan dei òg hadde klaga ein heil del av di NRK sin nettv ikkje fungerte i Ubuntu. Dessutan er det sikkert moro å kunna sjå NRK nettv for brukarane av dei 10 Ubuntu Linux-maskinane på jobben. []
  2. Åvel, NRK Beta seier dei ikkje er ein blogg, so den beste sandkassa for teknologi og nye medier då, som om det liksom finst fleire enn ein ;-) []
  3. Eg tykkjer ikkje det er den beste, av di du må lasta ned kodekar frå Microsoft, pluss at du bruker teknologien dei har laga for å i framtida kunna låsa enno fleire folk inn til Microsoft. Den beste metoden finn du i ein kommentar frå Aksel Hovdar []
  4. eg skreiv òg om han i kommentaren, men NRK Beta tillet ikkje apt-urlar i kommentarfeltet []
  5. Ubuntu 9.10 heiter Karmic Koala []
  6. Som ein slags skadereperasjon []

Mogleg relaterte innlegg

4 innspel til «Avspeling av NRK Nett-TV i nyaste Ubuntu (den enkle metoden)»

  1. sa Simon 15:39

    Fotnotebonanza :-P

    Ein ting eg stussar litt på: Er dette berre til Firefox, eller fungerer det for alle vevmysarar?

  2. sa Odin Hørthe Omdal 01:47

    Simon: Hehe, eg ville ha eit kort innlegg, so eg flytta mykje av teksten til fotnotar :P

    Fungerer diverre berre for Firefox, ja. :-)

  3. sa Guttorm Flatabø 19:56

    Hm. Eg trudde (frå tidlegare erfaring) at eg ikkje ville kunna visa NRK nett-TV utan å gjera som her skrive, og følgde difor instruksjonane.

    Eg vart difor litt overraska når det var Totem nettlesartilleg 2.28.2 (basert på Gstreamer) som spela av. Prøvde deretter i Chromium der det også fungerte utan å gjera noko som helst. Sjekka som om eg har w32codecs, men eg har ikkje eingong konfigurert Medibuntu-arkivet.

    Fungerar det kanskje gjennom nokre andre Gstreamer tilleg?

  4. sa Odin Hørthe Omdal 23:57

    Hmmmm. Det fungerer i totem, ja, og standard i Ubuntu når du hev MMS-stødnad installert. Problemet er at han er so ustabil at dei linuxbrukarane eg hadde konvertert ikkje likte det. So moonlight-greia er meir stabil, han bufrar ikkje so ekstremt som totem-greia gjer (når du t.d. lastar ned noko på same tid).

    Eg har ikkje gstreamer eller totem installert i det heile teke på denne maskina mi (Arch Linux, ikkje Ubuntu på han), so eg kann ikkje testa det nyaste no.

Kom med innspel

Du kann nytta textile eller enkel xhtml (<strong> <em> <blockquote>). Innspelet kann verta heldt att for søppelsjekk, logg inn for å sleppa.