Få innspel (kommentarar) for tidi

Eg hev endeleg fengje upp det herlege arkivet mitt att, men hackane mine som segjer kor mange innspel kvart innlegg hev fann eg ikkje. Eg fær gjera det um att for tredje gong.

Same kva, noko eg hev lagt godt merke til er kor få innspel eg fær på innleggi mine. I gamle dagar fekk eg frå 2 (det var ein verkeleg dårleg dag) til 5-6-7. Glatt. I desse dagar, ikkje so mykje.

Men det hev vel stor samanheng med at Egil er so uppteken med familielivet (ikkje noko yverrasking der) og dei andre som ein gong i gamle dagar skreiv innspel hev jo totalt forsvunne (Nader, Tor Eirik (Inzi) og so bortetter). Fær jo stundom gode innspel frå kjekke folk slik at eg ser dei fylgjer med, men det er ingen som tek på seg «eg kjem med innspel på alle innleggi same kor lite eg eigentleg hev å segja».

Det er masse plass på sida mi, og sjølv um eg ikkje hev henta att alle innspeli på alle innleggi mine eg mista so hev eg dei og skal henta dei inn att. Eg er berre so leid av å setja upp netsida mi på ny heile tidi, det er so mykje kjekkare å skriva nye ting enn å fiksa i alt det gamle.

Menmen. No er det leggings, og i morgon er det nyttår, igjen(!).

7 tankar om “Få innspel (kommentarar) for tidi

  1. Simon

    Guilty as charged… Eg er nok ein av dei som ofte les, sjeldan skriv.

    Daudperioden til veven din hadde nok sitt å seia. Men eg trur viss du held ein høveleg fin oppdateringsfrekvens (eitt innlegg i veka eller meir), så vil det nok ta seg opp med innspel att.

  2. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Simon: Ja, det er mange som ofte les, og eg trur du er den som mykje oftare enn dei andre skriv innspel òg.

    Trur kannhenda litt av det òg hev med bloggutsjånaden og nyhendekjelder (Atom og RSS) å gjera. Dessutan hev eg ikkje køyrd denne utsjånaden på lengje, eg hev køyrd vanleg-blogg slik at folk ikkje treng trykka på innleggi for å lesa. Då er det eitt ekstra klikk for å koma med innspel. Når du allereide hev gjort klikket for å lesa so vert båe det å lesa innspel og å koma med eit nytt mykje snøggare/enklare/billegare. So fær me sjå um det tek seg upp grunna endringane på framsida.

  3. skjalg

    Veldig bra at du er attende til den vande utsjånaden. Eg meiner du ikkje må endre for mykje på noko som fungerer. Men det er sjølvsagt mogeleg å gjere det ennå enklare å lese/søkje og å kommentere.

  4. Odin Hørthe Omdal Skribent

    skjalg: Hm? Eg hev jo endra det attende til dette som fungerer. Men eg skal når tidi er rett få designa ei endå betre sida. Ho kjem til å likna på denne, men eg skal få fiksa ho upp. Og jo, dette er mi private sida, so heile poenget med ho er å eksperimentera. :-)

    Dessutan so endrar eg ikkje sida mi til noko som fungerer mindre enn i dag, det er difor det hev teke sopass lang tid å få inn eit nytt design. Eg hev laga fleire, må vita, kome so langt på nokon at det berre hev vore å trykkja på ein knapp for å byta det, men hev aldri gjort det. Det skal nemleg vera betre enn dette på fleire punkt fyrr eg byter.

    Likevel, denne bunaden hev vorte ganske gamal no. Treng ein uppfriskning.

  5. skjalg

    Jo Odin, eg meiner jo at bunaden godt kan endrast frå tid til anna, f.eks hadde det vore kjekkt å ha 4 årstider! Du hadde jo snø ei stund. Og eg trur du må ha nokre viktige lenkjer lenger oppe. Men kan hende du endrar utsjånad slik at det vert fleire spalter og fleire felt seinare? Eg vil jo og ha ei lenkje til mi side! Det er jo mange som vitjar Velmont!

  6. Vebjørn

    Bortforklåringa mi får vera at eg trudde sida di framleis var nede. Det var vel ikkje i stutte bel at her berre var vossing med svart bakgrunn?

  7. skjalg

    No er det ei heil veke sidan du skreiv noko på velmont! Her i Spania ventar me i spenning på kva du har foreteke deg dn siste veka! Eg ser av statistikken din at du har fleire innom enn eg har på ein dag, då er det rett og rimeleg at du fylgjer opp….

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.